«Tikkande bombe» i kommunebudsjetta har vakse til 65 milliardar

3 weeks ago 13


Delar av pensjonskostnadene som norske kommunar betaler kvart år blir ført som «inntekter», sjølv om dei ikkje kan brukast som det.

I den siste Kommuneproposisjonen skriv regjeringa at dette premieavviket er oppe i 65 milliardar kroner.

Det er ein astronomisk sum. Dette katastrofale påfunnet må avviklast snarast, seier Asbjørn O. Pedersen.

Han er generalsekretær i Noregs kemner- og kommuneøkonomars forbund (NKKF).

Pedersen tidfestar syndefallet til 2002 da kommunalminister Erna Solberg gav kommunane høve til dempe svingingane i årlege pensjonspremiar ved å utgiftsføre dei over fleire år.

Ved å inntektsføre premieavviket, og utgiftsføre same beløp dei neste åra, skulle kommunane få meir fleksibilitet og kontroll over pensjonsutgiftene.

Vel, det var i alle fall tanken.

Ifølge kritikarar har «bokføringstrikset» bidrege til å «pynte brura» og framstille kommunebudsjetta som sunnare enn dei i røynda er.

Og over tid har det berre balla på seg.

Erna Solberg 2002

Djevelen ligg i detaljane og sidan 2002 har differansen mellom det kommunane betaler i pensjonspremie og kor store pensjonsutgifter dei faktisk har, eksplodert.

Foto: NTB

Dette falskspelet må stoppast raskare enn svint

Raudt-politikar, siviløkonom og lektor ved Høgskolen i Bergen, Torstein Dahle kallar bokføringspraksisen «ei tikkande bombe under velferdstenestene».

Forklaringa er at han fører kommunane ut i freisting og inn i ein dobbel «luksusfelle»:

  • Kommunane risikerer å nytte seg av «inntekter» som berre eksisterer på papiret, og må tære på likvide midlar eller ta opp lån når oppgjeret kjem.
  • Staten svarer med mindre overføringar fordi kommunane ser friskare ut enn det dei faktisk er.

– Før eller sidan slår verkelegheita tilbake. Dette falskspelet må stoppast raskare enn svint, seier Dahle.

Torstein Dahle

– Kommunebudsjetta er sminka med luftfordringar og falske inntekter, seier Torstein Dahle.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Generalsekretær i NKKF, Asbjørn O. Pedersen stemmer i.

I siste utgåve av bladet Kommunal Økonomi karakteriserer han rekneskapsføringa som «galskap».

Den søkkrike staten ber kommunane om å bruke kredittkortet og legge ut for pensjonskostnadene, seier han.

Det tærer på kommunereservane.

Sjå fleire reaksjonar på milliardavviket under.

  • Jens Ingvald Olsen

    NRK

    Jens-Ingvald Olsen (R), tidlegare finansbyråd i Tromsø

    Dette er ei finansiell bombe. Problemet er at regjeringa ikkje tar alvoret inn over seg, og i staden gir inntrykk av at dette vil gå over av seg sjølv. Men dette er ikkje eit «nullsumspel» som vil jamne seg ut. Sidan år 2002 er det berre 2–3 år at premieavviket ikkje har auka.

  • Asbjørn O. Pedersen,

    NRK

    Asbjørn O. Pedersen, generalsekretær i NKKF

    Vi har vore i mot denne ordninga heilt sidan ho blei innført, men galskapen berre fortset. Netto premieavvik i kommunesektoren fortset å vekse til astronomiske høgder. Dette tappar kommunesektoren for likviditet, som medfører at mange kommunar må bruke av trekkretten sin og betale renter.

  • Geir Are Nyeng, leiar for kommunesektoren i PwC

    NIKON D5 (3) / PwC

    Geir Are Nyeng, leiar for kommunesektoren i PwC

    Dette understrekar alvorsgrada i den økonomiske situasjonen kommunane står i. Eit underskot på 15 milliardar kroner er kanskje det dårlegaste økonomiske resultatet vi har sett nokon gong. Det er ikkje mål om at kommunane skal gå med store overskot, men oppfordringa er eit overskot på 1,75 prosent. Akkurat nå er det berre eit fåtal av kommunane som klarer det.

  • Ropstad

    Cicilie Sigrid Andersen / NRK

    Kjell Ingolf Ropstad, KrF

    Her forventar KrF ei tydeleg avklaring som sikrar at kommunane får dekt dei faktiske utgiftene dei har til pensjon. Det må vere fullt mogleg. For nå hastar det med meir pengar til kommunane. Situasjonen er dramatisk. Mens Vedum og Sande «følger situasjon nøye» blir skolar lagde ned og tilsette i skole og sjukeheimar blir sagt opp.

  • Stein Kittelsen, direktør i BDO Consulting

    NRK

    Stein Kittelsen, direktør i BDO Consulting

    Kortsiktig krisehandtering har tatt fokus bort frå dei langsiktige utfordringane i Kommune-Noreg. Pandemien og krigen i Ukraina tvinga merksemda bort frå langsiktige behov til akutte problem. Skal kommunane lykkast i dei utfordrande omstillingane som kjem, krev det godt samspel mellom alle aktørar og interesser:

  • Torstein Dahle

    Linnea Skare Oskarsen / NRK

    Torstein Dahle, lektor emeritus ved Handelshøgskulen HVL

    Merk at viss staten betaler dette tilbake, noko han sjølvsagt må gjere, vil det belaste statsbudsjettet med 65 milliardar kroner. Det vil framtre som svære overføringar til kommunane. Men det gir ikkje kommunane 5 øre meir til budsjetta sine, for dei har jo allereie vore pålagde å inntektsføre dette i tidlegare år.

  • Jørn Rattsø

    Terje Bendiksby / NTB scanpix

    Jørn Gisle Rattsø, professor i samfunnsøkonomi ved NTNU

    Staten prøver å stabilisere utgiftene til kommunane over tid, som dei ikkje trur kommunane klarer sjølv. Løysinga har blitt eit akkumulert premieavvik som har vakse over tid, som nå blir kompensert gjennom årlege løyvingar. Men forholdet mellom stat og kommunesektor må bedømmast over lang tid, og ikkje på grunnlag av eit augeblinksbilde.

Regjeringa: – Vil isolert sett belaste kommunane

Problemet med det aukande premieavviket er erkjent av ulike regjeringar, som i tur og orden har modifisert og stramma inn rekneskapsforskrifta.

I siste utgåve av Kommuneproposisjonen (side 82) heiter det at premieavviket «isolert sett» kan ramme likviditeten til kommunane, og at enkelte kommunar vil løyse det med å låne pengar:

Dette er legitimt og kan vere naturleg i ein situasjon med store premieavvik. Eit høgare rentenivå gjer likevel at (dette) har blitt dyrare, skriv kommunaldepartementet.

Sjå kva departementet skriv til NRK under.

Auka pensjonsutgifter er identifisert som ein av drivarane bak «kommune-krisa», og neste år vil 25.000 nordmenn til gå av med pensjon.

Totalt skal 1.075.600 mottakarar av alderspensjon ha 335,6 milliardar kroner.

Erling Sande

Regjeringa og KS var i eit passe muntert krisemøte sist veke. I dag er 23 kommunar på den såkalla Robek-lista, som inneber at dei er tomme for pengar og må gi frå seg styringa.

Foto: NTB

KS: – Premieavviket skaper utfordringar

Trass forsikringar frå kommunalminister Erling Sande om at staten skal dekke pensjonsutgiftene, er kommunesektoren uroleg for utviklinga.

«Dei auka kostnadene vil auke presset på kommuneøkonomien»», kvitterte KS da forslaget til neste statsbudsjett blei lagt fram.

Det store premieavviket skaper utfordringar. Særleg for likviditeten i ein god del kommunar, seier KS-direktør Helge Eide til NRK.

Han vil likevel ikkje tilbake til tida før 2002, da kommunane betalte nøyaktig «rett» sum kvart år.

Pensjonspremien varierer svært mykje frå år til år. Om vi baserer kommunerekneskapen på dette, vil det bli uforholdsmessige store svingingar frå år til år.

Publisert 28.10.2024, kl. 10.52

Read Entire Article