Thomas Seltzer klar med ny sesong av UXA

2 months ago 21


Thomas Seltzer er gira. Han har nettopp vore på Dagsrevyen og snakka om den nye serien sin.

For denne veka kjem den nye sesongen av UXA – Thomas Seltzers Amerika.

Denne gongen reiser han rundt for å sjå om det finst håp for det enorme landet.

– Reint mentalhygienisk har det vore viktig å sjå at det finst nokre moglegheiter, seier 55-åringen.

5. november går amerikanarane til valurnene for å avgjere om det blir Donald Trump eller Kamala Harris som blir president dei neste fire åra.

Ny sesong av UXA i NRK TV no.

Makta på få hender

Sjølv fryktar Seltzer kva konsekvensar fire nye år med Trump kan få for amerikanarane sitt daglege liv.

Han peikar på at pengemakta i USA hamnar på nokre få hundre hender, og at det har forsterka seg.

Misnøya med det etablerte blir også stadig større.

– Det er det som er hjarteskjerande med Trump og trumpismen. Han tar ei misnøye som er svært legitim, og berre kanaliserer inn i lomma på nokre få.

Thomas Seltzer vil likevel syne fram at det er håp.

– USA har vore ute ei vinternatt før og det «amerikanske prosjektet» har vore utsett for enorme påkjenningar, seier programskaparen.

Thomas Seltzer, ny sesong UXA.

Thomas Seltzer er amerikansk statsborgar og har trass alt håp for det han i serien kallar heimlandet.

Foto: Christian Breidlid

Eit tøft møte

I den første episoden møter han folk som har tatt eit oppgjer med MAGA-rørsla og han møter ein familie som må flytte frå Florida.

Barnet deira er ikkje-binær, det fungerer ikkje i deira del av Florida-samfunnet.

– Det var heldig hardt å møte dei. Barnet er eit veldig einsamt menneske.

Seltzer lar seg irritere over at til dømes kjønnsidentitet har blitt ei kampsak for Republikanarane.

– Det er snakka om syltynne symbolsaker som skal blåsast opp på gigalerret. Som at kjønnsidentitet blant skuleungdom skulle vere eit nasjonalt problem, seier Seltzer.

Thomas Seltzer, ny sesong UXA

Thomas Seltzer vel å sjå framover i den nye sesongen av UXA.

Foto: Christian Breidlid / NRK

Trur på framtida

Men så var det likevel dette håpet.

Thomas Seltzer ser framover i serien, men tilbake i si eiga historie.

– Besteforeldra mine overlevde støvstormane på 30-talet. Det var jo ei menneskeskapt klimakrise som USA klarte å kome seg ut av.

Framover både vonar og trur Seltzer at ting vil snu.

– Det handlar jo i grunn om amerikanske skjebnar som trass alt set det eine beinet framfor det andre og held fram med å gå inn i framtida.

Er du interessert i meir utanriks-stoff? Høyr på Urix-podkasten.

Mens Putin beordrer nye soldater til den russiske hæren, ber Ukraina India om hjelp til fredssamtaler. Er det Indias omstridte statsminister som skal skape fred i Europa? Programleder er Eline Buvarp Aardal.

Publisert 24.09.2024, kl. 21.38 Oppdatert 24.09.2024, kl. 21.46

Read Entire Article