– I den eine kampen stilte vi med ein fyr frå start som vi aldri har møtt før, så det var litt interessant.
Det fortel Thomas Drage (32) som speler for Europa Point FC i Gibraltar. Ligaen er blant dei svakaste i Europa. Det er faktisk berre San Marinos toppserie som er rangert lågare av UEFA.
Den tidlegare Tromsø- og Fredrikstad-spelaren er ein del av trenden der det blir stadig fleire norske utanlandsproffar.
For 10 år sidan var det 70 norske herrar som spelte fotball i utlandet, i 2024 har det same talet stige til 179 norske utanlandsproffar.
Når også kvinnene blir lagde til i reknestykket er det svært nær ei tredobling av talet på utanlandsproffar på 10 år.
Men ikkje alle endar opp i dei mest kjente ligaene, som Erling Braut Haaland, Alexander Sørloth og Ada Hegerberg.
Visste du for eksempel at det speler fem nordmenn i Bulgaria?
Sjekk ut karta for å sjå kva land det finst norske utanlandsproffar.
Sjølv er ikkje Drage spesielt imponert over nivået på sørspissen av Spania.
– Det er veldig variert, dei beste laga held kanskje norsk 1. divisjonsnivå, mens botnlaga er nok på 3. divisjonsnivå, seier utanlandsproffen.
Men på ein liten stad er det også kort reiseveg til bortekampane.
– Det er berre eit stadion, fortel Drage som seier det kan vere mellom 300 og 400 tilskodarar på dei best besøkte kampane.
Landslagssjefen: – Kan vere negativt
Son til landslagssjefen, Markus Solbakken (23) drøymer om å spele i ein av dei beste ligaene. Han meiner at mange spelarar i hans situasjon søker seg mot ein liga i mellomsjiktet av Europa.
Dette gjer dei i håp om å kunne bli plukka opp av enda større klubbar i framtida.
– Det er ikkje så lett å gå direkte frå Noreg. Mange søker eit mellomsteg, seier Markus Solbakken.
Han debuterte på landslaget og blei seriemeister med tsjekkiske Sparta Praha førre sesong. Han angrar ikkje på valet han tok om å dra frå Noreg.
– Det er først når du tar steget utanlands at du verkeleg får kjenne på det å vere fotballspelar på heiltid, og kanskje at det blir enda meir seriøst. Det har alltid vore den store draumen min, å dra utanlands, seier Solbakken.
I mange år var omgrepet utanlandsproff ein gjæv tittel å ha for ein fotballspelar. Dei siste åra har talet på utanlandsproffar eksplodert.
Ein av dei som ikkje er overraska over den store auken av nordmenn i utlandet er landslagssjef Ståle Solbakken.
– Nå er jo alle proffar i Noreg på alle moglege parameter, så utanlandsproff handlar jo meir om at du speler i utlandet, seier Solbakken som sjølv var utanlandsproff rundt tusenårsskifte.
Han beskriv det som ei naturleg utvikling da norske klubbar ikkje kan konkurrere på lønnsslippen.
– Konkurransen om spelarar er så ekstrem, og Noreg er eit land der det er mogleg å hente spelarar frå, seier Solbakken.
Det Solbakken derimot er meir usikker på er om det berre er ei positiv utvikling.
– Det er jo bra at dei beste spelarane drar til betre ligaer, men så kan ein også snu litt på det å seie at ein kanskje stundom skulle ha hatt spelarar enda litt lengre i Noreg, seier Solbakken.
– Domarane er litt dårlegare
Sivert Gussiås (24) er ikkje blant dei som har klassiske klubbval dei siste åra og han er nå i Litauen. Laget hans heiter Panevėžys og kjempar mot nedrykk i Europas 43. beste toppserie.
– Det er ei veldig fin erfaring, for det er ein litt annan kultur på fotballbanen. Domarane er litt dårlegare og det er litt hardare taklingar, seier Gussiås.
Sjølv om han var ein del av Europa-eventyret med Klaksvík førre sesong, stod ikkje tilboda i kø for han. Da blei ein telefon frå Litauen redninga for spissen.
– I staden for å gå ned på eit mykje lågare nivå og prøve å komme seg i gang der, så kan det kanskje vere like greitt å dra til utlandet, fortel Gussiås.
Sjå lista over kva kvinner som speler i utlandet. Sommaren 2024 speler det 45 kvinner i utlandet.
Publisert 25.07.2024, kl. 05.39