Terrordom: – Det betyr alt å bli høyrt

4 months ago 35


I dag kom retten si avgjerd i straffesaka mot Zaniar Matapour. Etter det NRK erfarer, blir Matapour dømd til 30 års forvaring, med ei minstetid på 20 år.

Det er den strengaste straffa i Noreg.

To personar blei drepne, ni skotne og fleire hundre fornærma då Matapour skaut mot London Pub og Per på Hjørnet 25. juni 2022.

Støttegruppa: – Kjenner vi er tekne på alvor

Espen Evjenth, leiar for støttegruppa 25. juni, seier i ein kommentar til NRK at dei er letta av dommen.

– Dette er ein stor lette for mange av medlemmene våre. Det var 24 fornærma som vitna i retten, og dei viste eit beundringsverdig mot ved å fortelje ope om kva som skjedde med dei, kor redde dei var og korleis dette har påverka dei i ettertid.

Han seier at dei nå skal lese dommen nøye, men at dei nå opplever at dei fornærma er blitt trudd på og tekne på alvor.

Espen Evjenth Støttegruppa 25. juni

Foto: Julia Kirsebom Thommessen / NRK

– Tingretten har slått fast at dette var terror. For oss har det aldri vore noko spørsmål om det, men denne dommen vil vere eit viktig steg for å få etablert ei felles forståing i samfunnet av kva som har skjedd.

Ingrid Rasten, som også er ein del av støttegruppa, seier til NRK at dette er ein «rett dom».

– Eg er letta og glad, seier ho til NRK.

Rasten var ein av dei som var med å legge Matapour i bakken sommarnatta i juni 2022.

– Det betyr alt å bli høyrt og lytta til.

I følgje opplysninger til NRK er Matapour dømd til å betale over 111 millionar kroner i erstatning til dei fornærma.

Rusten er ein av dei.

– Eg er glad for det. Det er eit plaster på såret.

Publisert 04.07.2024, kl. 12.43 Oppdatert 04.07.2024, kl. 12.54

Read Entire Article