I dag kom retten si avgjerd i straffesaka mot Zaniar Matapour. Etter det NRK erfarer, blir Matapour dømd til 30 års forvaring, med ei minstetid på 20 år.
Støttegruppa: – Kjenner vi er tekne på alvor
Espen Evjenth, leiar for støttegruppa 25. juni, seier i ein kommentar til NRK at dei er letta av dommen.
– Dette er ein stor lettelse for mange av medlemmene våre. Det var 24 fornærma som vitna i retten, og dei viste eit beundringsverdig mot ved å fortelje ope om kva som skjedde med dei, kor redde dei var og korleis dette har påverka dei i ettertid.
Han seier at dei nå skal lese dommen nøye, men at dei nå opplever at dei fornærma er blitt trudd på og tekne på alvor.
– Tingretten har slått fast at dette var terror. For oss har det aldri vore noko spørsmål om det, men denne dommen vil vere eit viktig steg for å få etablert ei felles forståing i samfunnet av kva som har skjedd.
Ingrid Rasten, som også er ein del av støttegruppa, seier til NRK at dette er ein «rett dom».
– Eg er letta og glad, seier ho til NRK.
Rasten var ein av dei som var med å legge Matapour i bakken sommarnatta i juni 2022.
– Det betyr alt å blir høyrt og lytta til.
Publisert 04.07.2024, kl. 12.43 Oppdatert 04.07.2024, kl. 12.49