Medan familien er på skole eller jobb, tar Veronica Simone Fjeld (42) opp mobilen for å snakke med dei 60.000 følgarane sine på Snapchat.
Det gjer ho under namnet «Yummymummy», kor ho gir følgarane eit humoristisk og usminka innblikk i livet hennar.
For nokre år sidan bytte ho ut dagjobben med influensaryrket. Det har ho ikkje angra eit sekund på.
– Det er gode pengar i det, seier Fjeld.
På Snapchat aleine tener ho like mykje som ho kunne gjort i ein annan jobb. Og det kjem i tillegg til det andre ho gjer.
Ho meiner at det er viktig å vere open om kor mykje ein kan tene, men også om konsekvensane.
- I fjor laga Meta fleire KI-influensarar. Sjekk ut kven sine fjes som fronta KI-robotane.
Frå krystall til dollarteikn
Prosessen for å tene pengar på Snapchat er enkle:
- Fjeld må publisere eit innlegg i hennar «story».
- Deretter legg Snapchat inn reklamesnuttar mellom innlegga og betaler Fjeld «krystall» etter kor mange gonger reklamane blir spelte av.
- Desse krystalla kan når som helst gjerast om til ekte pengar.
Med andre ord: Jo meir ho postar, jo fleire reklamar legg Snapchat inn, og jo meir tener ho.
Fjeld har «berre» 60.000 følgarar på Snapchat. Andre har lagt fleire. Isabel Raad har for eksempel 347.000.
På sine 60.000 tener likevel Fjeld 1500 kroner kvar dag.
I månaden blir dette mellom 45.000 og 50.000 kroner.
Fjeld tener enda meir på sponsa-innlegg. Bedriftene er villige til å bruke store summar for at influensarane skal vise fram produktet deira.
- Visste du at TikTok har bidratt til at det kan vere tomt for cottage cheese enkelte gonger? Her kan du lese om kva norske bønder kan gjere med det.
Derfor kastar dei pengar på influensarar
Forskar på Oslo Met, Helene Maria Fiane Teigen, har forska på influensarar og deira «reklamemakt».
Brukarane oppfattar influensarar som personar, ikkje bedrifter. Det personlege bandet mellom influensar og brukar skjule eventuelle økonomiske interesser, ifølge henne.
Derfor er influensarar attraktive for ein som ønsker å selje noko.
– Dei trekker merksemd og klikk og dermed også fleire potensielle betalande brukarar og eit større publikum, seier ho.
I lys av dette er Fjeld bekymra for at enkelte kan velje å dele noko dei seinare skulle komme til å angre på.
Bekymra for unge influensarar
Sjølv om Fjeld er open om kor mykje ho tener, ville ho verken anbefalt eigne eller andre sine barn å gi seg ut på ei influensar-rute.
Ho meiner influensar-yrket har blitt altfor glamorisert og at dei store summane kan skape ein usunn delekultur blant yngre innhaldsskaparar.
Influensaren trur at jakta på meir pengar vil føre til at folk deler for mykje av seg sjølve på internett.
– Eg trur det er mange, spesielt unge influensarar, som delar meir av sjelelivet sitt fordi dei har lyst til bli rike. Det vil dei kanskje angre på om nokre år.
Fjeld har sjølv klare grenser for kva ho ønsker å dele. Men ho trur unge kan ha fjerna grensene, eller berre aldri har sett dei.
– Dei trur det er lettente pengar, men ingen ting er lettent, seier ho.
- Tidlegare i år gjorde paven noko heilt spesielt, da han gjorde ein avdød influensar til helga. Les om det her.
Publisert 27.06.2024, kl. 05.38