Tek over fem år å få grønt lys til bygging i Oslo: – Definitivt ikkje godt nok

4 months ago 36


2023 var eit kriseår for nybustadbransjen. Høge renter og høge prisar har gjort noko med appetitten etter nye bustader.

Likevel er bustadmangelen i Oslo stor, noko som bidreg til å halde prisane oppe.

For at nye bustader skal bli bygde, må kommunen gjere tomter byggeklare.

Men i fjor brukte Oslo kommune over fem og eit halvt år på å gi grønt lys for bygging.

Det viser ferske Kostra-tal frå Statistisk sentralbyrå.

Kan koste dyrt

Det gjer Norske boligbyggelags landsforbund (NBBL) fortvila.

– Dette gjer at det tek mykje lenger tid å bygge bustadane det er etterspørsel etter. Oslo har no langt færre byggeklare tomter enn Stavanger, Kristiansand og Trondheim i forhold til befolkningsveksten.

Det seier administrerande direktør Bård Folke Fredriksen.

Bård Folke Fredriksen

Bård Folke Fredriksen i Norske boligbyggelags landsforbund (NBBL).

Foto: Rolf Petter Olaisen

Tregleik i bustadbygginga i Oslo kan koste dyrt.

Ei forseinking på eitt år kan koste samfunnet 23 milliardar kroner, viser ein rapport frå Samfunnsøkonomisk analyse frå april.

Det kan føre til at både tomte- og bustadprisane går opp.

Tomtepris opp = bustadpris opp

Kostnadane råker både utbyggarar, bustadkjøparar, arbeidsgjevarar og arbeidstakarar.

– I dag er det også ein del bustader som ikkje blir bygde, fordi byggekostnadane er så høge, noko som gjer at ein ikkje får selt til den prisen ein må ha?

– Det er fordi tomt har blitt eit mangelgode, at tomtekostnaden har gått så kraftig opp. Hadde ein klart å ha tilstrekkeleg med ferdigregulerte tomter, så ville ikkje tomtekostnaden vore så belastande i Oslo, seier Fredriksen.

Konsernsjef i Noregs største bustadbyggar Obos, Daniel Siraj, meiner politikarane i bystyret må ta sin del av skulda for situasjonen.

Obos-sjef Daniel Siraj på Ulven i Oslo.

Daniel Siraj, konsernsjef i Obos.

Foto: Ragnhild Vartdal

Han meiner at det i Oslo er større avstand mellom politikk og administrasjon enn andre stader.

– Dette er definitivt ikkje godt nok. Ein må ha tydelegare styringssignal og forventingar til kva saksbehandlingstid ein skal ha, seier Siraj.

– Inga unnskyldning

Byråd for byutvikling i Oslo, James Stove Lorentzen (H), er heilt samd i problembeskrivinga.

– Dette er ikkje godt nok i det heile, vi bruker for lang tid. Vi har fullt fokus på å få ned saksbehandlingstida. Det har det vore jobba med over ei lengre periode.

Lorentzen seier arbeidet har bore frukter og at det no er ein liten nedgang i saksbehandlingstida.

Bilde av James Stove Lorentzen, bystyrepolitiker for Høyre i Oslo. James har på seg mørkeblå dressjakke over en stripete skjorte med mørk pologenser over. Han har kort, hvitt hår og briller. James ser ut av den venstre kanten på bildet, og gestikulerer mens han snakker.

James Stove Lorentzen (H) er byråd for byutvikling i Oslo.

Foto: Bård Nafstad

– At det tek lenger tid her – med lite ledig areal og industri- og lagerareal som skal gjerast om til bustader – enn i ei lita kommune, må ein rekne med. Men det er inga unnskyldning, seier Lorentzen.

Det er fleire andre store kommunar som også bruker lang tid på å gjere tomter byggeklare. Til dømes har både Drammen og Ålesund kommune auka tidsbruken og brukte over fire år på dette i fjor.

Skien i motsett ende

I motsett ende av skalaen finn ein til dømes Skien kommune. Der halverte dei tidsbruken frå 2022 til 2023 – og brukte i fjor i overkant av eitt år på planbehandlinga.

– Vi har bevisst prøvd å vere meir fleksible, raske og effektive. Samstundes som vi har sørga for at effektiviteten ikkje går på kvaliteten laus, seier ordførar Marius Roheim Aarvold (H).

Odin Adelsten Aunan Bohmann og Marius Roheim Aarvold

Høgre-ordførar Marius Roheim Aarvold i Skien.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Han seier dette har vore eit bevisst arbeid frå kommunen gjennom lang tid. Slik har dei arbeida:

  • Kommunen har systematisk jobba for å halde fristar på 3 og 12 veker for byggesaker. 3 veker for byggetiltak innanfor regelverket, og 12 veker for meir omfattande saker
  • I tillegg har dei rettleia søkarar innanfor rimelege grenser, slik at prosessen har blitt betre og saksbehandlingstida har gått ned

Hei!

Har du innspel eller tips til saker om bustadmarknaden?

Ta gjerne kontakt!

Publisert 07.06.2024, kl. 05.59

Read Entire Article