SVs budsjettkrav: Meir gratis SFO og billigare tannlege for unge

1 month ago 16


For regjeringa, med Arbeidarpartiet og Senterpartiet, har ikkje fleirtal på Stortinget og må forhandle med SV for å få statsbudsjettet vedtatt i Stortinget.

Det er fyrst måndag at dei to partia legg fram sitt forslag til statsbudsjett for 2025. Allereie no kjem SV med krav.

– Vi ønsker at det ikkje skal koste meir å gå til tannlegen enn til legen. I dette budsjettet skal vi sikre at dei under 30 år får billigare tannhelseteneste, seier SV-leiar Kirsti Bergstø til NRK.

Partiet vil også sikre at den eldre garde, folk over 70, får den tannhelsehjelpa dei har krav på i kommunane sine.

– Dette høyrest dyrt ut?

– Det er å utvide velferda. Da må vi bygge ut den offentlege tannhelsetenesta, men også sjå på korleis vi skal regulere den private, seier SV-leiaren.

Fekk støtte

Og SV fekk nyleg støtte frå eit ekspertutval:

Tannhelse bør gjerast til ein del av helsetenesta på lik linje med anna helsehjelp, ifølge utvalet. Dei reknar med at ei slik omlegging totalt sett har ein prislapp på mellom 4 og 13 milliardar kroner.

SVs krav om ein kraftig rabatt på tannhelse for folk mellom 27 og 30 år, er kostnadsrekna til omkring 440 millionar kroner.

Billigare tannhelse og gratis skolefritidsordning for fleire har stått på toppen av prioriteringslista til SV – den faste budsjettpartnaren – heilt sidan 2021. Slik blir det også i år.

– Vi har klart å forhandle på plass gratis tid på SFO for førsteklassingane, andreklassingane, tredjeklassingane. Nå er det fjerdeklassinganes tur. Da begynner SFO-reforma rett og slett å bli ferdig, seier Bergstø.

SV har også i tidlegare budsjettrundar forhandlar fram gratis kjernetid i SFO.

Grepet med gratistid også for fjerdeklassingane, kan koste omkring 1 milliard kroner.

SV-leder Kiristi Bergstø.

EXIT: SV forlét for tre år sidan regjeringsforhandlingane i Hurdal. Nyleg var SV-leiar Kirsti Bergstø tilbake for å møte partifellar og snakke om gjennomslaget til partiet utanfor regjering.

Foto: Kristian Skårdalsmo

– Manglar folk

I Arbeidarpartiets valprogram som nyleg blei lagt fram, heiter det at Ap skal «jobbe for eit meir heilskapleg tilbod til det enkelte barn, der skole og SFO sest tydelegare i samanheng».

– Programforslaget legg opp til at vi skal viske ut skiljet mellom SFO og skole, at skolekvardagen blir meir heilskapleg, spesielt for dei yngste elevane. Da er målet at det skal vere gratis, sa leiaren i programkomiteen Tonje Brenna til Politisk kvarter på NRK måndag.

Tuva Moflag

FORHANDLINGSLEIAR: Leiaren i finanskomiteen Tuva Moflag frå Arbeidarpartiet.

Foto: Aurora Ytreberg meløe

Men leiaren i finanskomiteen Tuva Moflag (Ap) er likevel skeptisk til SVs krav om enda meir gratis SFO i budsjettet i haust. For det er ikkje først og fremst pengar som manglar i SFO, det er folk, seier ho.

– Vi meiner at vi nå må sjå på om det finst nok folk til å kunne gi eit godt tilbod vidare, seier Moflag.

– Når vi skal bygge ut velferda, er vi opptatte av at vi gjer det på ein måte som har god kvalitet, og som sørger for at dei som jobbar der, har gode arbeidsvilkår, seier leiaren i finanskomiteen.

Ho viser til at Fagforbundet nyleg var ute i NRK og åtvara om tøffe arbeidsforhold i SFO.

Og når det gjeld tannhelse, peikar Ap-toppen i ei anna retning av SV, som i haust altså vil ha billigare tannhelse for dei under 30.

Moflag viser til ekspertutvalet som nyleg la fram rapporten sin.

– Dette tannhelseutvalet peikar jo på andre grupper enn dei yngste i prioriteringane sine. Så det kan jo vere eit greitt utgangspunkt å ta med seg vidare, seier ho.

Skal forhandle utover hausten

Etter at budsjettforslaget frå regjeringa er lagt fram på måndag, vil SV stille ei rekke spørsmål til Finansdepartementet om talgrunnlag og berekningar.

Sjølve forhandlingane vil starte i månadsskiftet oktober til november, etter at SV først har lagt fram budsjettet sitt med prioriteringane sine.

Budsjettet for 2025 skal vedtakast i Stortinget før jul.

Publisert 04.10.2024, kl. 06.16

Read Entire Article