Susanne går alltid med ein «sjølvmordslapp» i lomma

2 hours ago 3


Når studentar bankar på døra til rådgivaren ved Studentsamskipnaden (Sit) på NTNU i Ålesund, må ho vere budd på at dei kan bere på svært mørke tankar.

– Vi går ikkje rundt grauten. Vi spør direkte om dei har sjølvmordstankar ved mistanke om dette, seier Susanne Bjørge Rem.

Kvar månad opplever ho og dei andre rådgivarane at ein av studentane svarar ja på spørsmålet.

I lomma har Rem ein lapp, som minner om henne om førstehjelpsreglane for sjølvmord.

Seinast for to veker sidan bruke kollegaen hennar lappen.

Grøn lapp der det står Førstehjelp til selvmordsfare

Denne lappen brukar Susanne Bjørge Rem. Den er eit hjelpemiddel for å oppdage sjølvmordsfare. Rem har gått gjennom eit kurs hos Vivat.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Følge studenten til legevakta

Dersom hennar oppgåve skal samanliknast med å kome først til ein ulykkesstad og starte med hjarte lungeredning, er det å sikre pasienten det viktigaste ho kan gjere.

– Det kan vere å følge dei til legevakta. Eller med deira samtykke kontakte familie eller venner som kan vere hos dei, slik at ein er sikker på at det ikkje skjer noko, seier Rem.

Kommunen har også eit akutt ambulant team som kan assistere. Kva hjelp ein treng er avhengig av kor langt tankane har kome. Har studenten til dømes planlagt tid, stad og metode?

– Dei fleste har ikkje kome så langt at dei har tenkt på korleis dei vil gjere det, seier Rem.

Tør du å spør om nokon har sjølvmordstankar?

Eksamenspress

Pågangen hos rådgivarane ved studentsamskipnaden har vore markant større dei siste åra frå studentar som slit psykisk. Også hos psykologtenesta deira er det stort trykk med venteliste.

Eksamenspress og frykt for å ikkje klare studiet er eitt av tema som går igjen.

Andre slit med overgangen frå å bu heime til å flytte på hybel, dei kan ha samlivsbrot, økonomiske bekymringar eller bekymringar for framtida.

Rem opplever at studentane med sjølvmordstankar er letta over å få spørsmålet og at dei endeleg kan få fortelje historia si til dei som har teieplikt.

Mista ein medstudent

Undersøkingar viser at ein av tre studentar slit psykisk. I helse- og trivselsundersøking svarar 5 prosent av studentane at dei har prøvd å ta sitt eige liv, medan 23 prosent har hatt sjølvmordstankar.

Mia Dietel er bioingeniørstudent i Ålesund og ho synest det er bra at rådgivarane er opptekne av å førebyggje sjølvmord.

– Det er eit problem som ein treng å snakke meir om. Kanskje er det meir tabu enn det burde ha vore, seier Dietel.

Sjølv huskar ho tilbake på korleis det var å flytte til ein ny by utan å kjenne ein einaste person.

– Første veka var litt skummel, men heldigvis fekk eg fort vener. Eksamen var også skummelt, seier Dietel.

Mia Dietel i kvit genser er student ved NTNU i Ålesund

Nora Solhaug og Mia Dietel skreiv lappar under verdsdagen for psykisk helse der det står kven dei ville bruke meir tid på.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Bjørn Erik Bjøringsøy er student og kommunikasjonsansvarleg i studentparlamentet i Ålesund. Han opplever at mange har det tungt, og at studietida kan opplevast stressande. Det går ikkje bra for alle.

– I vår opplevde vi også å miste ein av våre studentar til sjølvmord. Det er viktig at vi gjer alt vi kan for at det ikkje skal skje igjen, seier Bjøringsøy.

Bjørn Eric Bjøringsøy sit i Studentparlamentet ved NTNU i Ålesund

Bjørn Eric Bjøringsøy studerer biologi på NTNU i Ålesund. Han meiner det er viktig at studentane passar på kvarandre.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Publisert 14.10.2024, kl. 21.24

Read Entire Article