Studentane klagar på utleigar i Trondheim: – Me blir verken trudde eller stolte på

1 month ago 16


– På nettsida ser det veldig flott og fint ut og eg var så glad då eg fekk hybel her, men det er ikkje halde ved like i det heile tatt.

Det seier student Charlotte Slettebakken. Hausten 2023 flytta ho inn på studenthybel hos utleigeselskapet Umeus i Trondheim – og det angrar ho på.

Sidan ho flytta inn i august i fjor har ventilasjonsanlegget vore øydelagd, vaskemaskinene har øydelagd kleda hennar og det har vore alt for høge innetemperaturar.

Men når studentane gjer beskjed får dei sjeldan svar og føler utleigar ikkje trur på dei, fortel student Dilara Karadag.

Me føler at me må ty til større etatar for å få den hjelpa me treng. Viss ikkje så blir me verken trudde eller stolte på.

– Kleda lukta verre og verre for kvar vask

Noko av det første Charlotte oppdaga då ho flytta inn var at klesvasken hennar ikkje blei skikkeleg rein.

– Det blei berre verre og verre. Klede begynte å lukte vondt etter vask og no står eg her med eit skap fullt av klede som mest sannsynleg er øydelagde.

To studenter står i en vaskekjeller og ser inn i en vaskemaskin.

Charlotte seier kleda hennar er øydelagde etter at vaskemaskinene ikkje vaska skikkeleg på lang tid.

Foto: Mathias Kartveit Mikalsen / NRK

Studenten fortel at utleigaren slutta å svare på e-postar og telefonsamtalar då ho gav beskjed og klaga på vaskemaskinene.

Eg måtte jo klage konstant i fleire månader. Når eg kjem med konkrete bevis, så berre sluttar dei å svare. Så det er liksom ikkje noko å hente av hjelp nokon stad eigentleg.

Umeus svarar i ein e-post til NRK at dei har hatt problem med vaskemaskinene.

– Me har forsøkt å løyse problema så fort som mogeleg. Vaskemaskinene blei ved fleire tilfelle undersøkt av leverandøren. I tillegg blei det gjennomført fleire servicar av ein tredjepart i denne perioden, skriv utleigeselskapet.

Men det er ikkje berre vaskemaskinene som ikkje har fungert optimalt. På sommaren fortel studentane at det har vore opp mot 40 varmegrader inne.

– Det treng eigentleg ikkje å vere så veldig varmt ute heller. Men med ein gang sola står på kan det vere 16 grader ute og over 30 grader inne i leilegheitene, fortel Charlotte.

I tillegg seier dei at ventilasjonsanlegget blåser støv som legg seg som eit teppe på alt av vegger, golv og møblar på studenthyblane deira.

– Eg har jo begynt å bruke augedropar. Auga mine er så tørre, seier Charlotte.

Til dette svarar Umeus at dei, som følge av klagar frå studentane, har vore i kontakt med ansvarleg entreprenør for å finne ut om det var noko dei kunne gjere for å auke effekten av anlegget.

Tilbakemeldinga er at anlegga leverer den luftmengda som er forventa av gjeldande forskrift. Denne sommaren har vore uvanleg varm, noko som naturlegvis har hatt effekt på inneklimaet i leilegheitene.

Utleigeselskapet legg til at dei bytter filter i ventilasjonsanlegget kvart år.

– Vil at utleigar skal slutte å «ghoste» oss

Charlotte er ikkje aleine om å ikkje få svar eller hjelp frå Umeus. Det har også Dilara opplevd.

– Me blir ignorert når me tar opp ei sak, og får frekke tilbakemeldingar. Og det blir aldri blir gjort noko med, seier ho.

Studentane fortel at dei har snakka med andre som bur i bufellesskapet og fleire av dei opplever å få den same behandlinga frå utleigar.

Eg trur faktisk det største problemet er at de trur at studentane ikkje kan noko om det her, og ikkje kan noko om regler og lover, og at de trur at vi aldri kjem til å ta saka vidare, legg Dilara til.

Dilara Karadag og Charlotte Slettebakken står i en svalgang på studentboligen sin i Trondheim.

Dilara og Charlotte meiner utleigarselskapet ikkje prioriterer å halde bygget ved like.

Foto: Mathias Kartveit Mikalsen / NRK

Studentane seier eit av dei største problema er mangelen på vedlikehald og vilje til å reparere feil og manglar som oppstår.

Me får jo ikkje den hjelpa me treng av husverten. Me vil jo at dei skal slutte å «ghoste» oss, seier Dilara.

Utleigar: – Me er veldig lei oss

Utleigeselskapet Umeus skriv at dei er lei seg for at studentane føler seg ignorerte og at dei ikkje blir trudd på.

– Me er veldig lei oss for at nokre av leigetakarane våre sit igjen med denne opplevinga. Intensjonen vår er alltid å finne løysingar på problem som måtte oppstå i løpet av leigeperioden. Me tar alle førespurnadar seriøst, og forsøker å finne gode løysingar.

Et skilt tilhørende utleieselskapet Umeus som leier ut hybler og kollektiv til studenter. Det står "Umeus, student co-living".

Umeus leier ut til over 600 studentar i Trondheim.

Foto: Mathias Kartveit Mikalsen / NRK

Umeus er eit ganske nytt bufellesskap for studentar. Det starte utleige i Trondheim i 2022 og leiger ut til over 600 studentar.

– I det store bilete ser me at talet førespurnader om defektar er relativt lågt, legg dei til.

Utleigeselskapet seier dei forsøker å forhalde seg profesjonelt til leigetakarane sine.

– Dersom me i enkelte saker har verka frekke eller ignorerande er det sjølvsagt beklageleg. Me tar tilbakemeldinga med oss vidare, legg Umeus til.

Publisert 05.10.2024, kl. 16.35

Read Entire Article