Strammar kraftig inn på tilgangen til rådyr og populær «slankemedisin»

4 months ago 31


I det såkalla revidert nasjonalbudsjett kjem regjeringa blant anna med forslag om rasjonering i apotek for Ozempic.

Medisinar med «slankande effekt» som Ozempic, Wegovy og Rybelus utgjer no 10 prosent av folketrygda sine samla utgifter til legemiddel.

Det er særleg diabetes 2-medisinenOzempic det er mangel på.

Staten betalar minst 5 gonger så mykje for desse medisinane no samanlikna med i fjor. Import frå andre europeiske land er ei av årsakene.

Må rasjonere

– Regjeringa vil sikre tilgangen til diabeteslegemiddel og redusere folketrygda sine utgifter, slår helseminister Jan Christian Vestre (Ap) fast.

I revidert budsjett kjem dei med forslag om fire tiltak som skal gjelde frå 1. juli i år.

  • Individuell stønad til dei som treng medisinane
  • Ingen refusjon for pakningar som er importert frå utlandet
  • Apoteka må rasjonere Ozempic
  • Ei eiga ny lov om beredskap for å sikre tilgang på medisinar

Direktoratet for medisinske produkter meinte at staten kom til å bruke rundt 21 millionar kroner på medisinen i 2024.

Men over 60.000 nordmenn fekk desse medisinane på blå resept i fjor. Det kosta staten nærare 1,4 milliardar kroner.

Helse pk

Helseminister Jan Christian Vestre.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Strammar inn

Regjeringa meiner at tidlegare tiltak har ikkje klart å hindre at pasientar utan diabetes har fått enorme mengder av desse medisinane på blårespt.

No skal diabetespasientane prioriterast hardare framfor dei som ikkje har den alvorlege sjukdomen.

– Desse tiltaka vil gi eit større utval av tilgjengelege diabeteslegemiddel til den aktuelle pasientgruppa, og avgrense behovet for bruk av kostbare, utanlandske pakningar av Ozempic, seier Vestre.

Utanlandske pakningar kan koste tre til sju gonger så mykje som dei norske pakningane, fordi utsalsprisen kan bli sett fritt av aktørane.

– Rasjonering i apotek vil gje moglegheit for å prioritere pasientar som treng Ozempic mest, melder regjeringa.

Helsedepartementet opplyser at dei i løpet av dei tre første månadane i år har brukt over 600 millionar kroner på refusjon av «slankemedisin».

Dersom denne utvikla hadde halde fram har NRK rekna ut at utgiftene vill passert 2 milliardar mot 1,4 i fjor.

Legar er uroa

Situasjonen med mangel på til dømes Ozempic er like i mange land. Her i Noreg er legane uroa for utviklinga.

– Eg er uroa over det store omfanget, og kor mange pasientar som brukar vektreduserande medikament i Noreg no.

Det seier leiar for Norsk foreining for allmennmedisin Marte Kvittum Tangen.

– Betyr dette at fleire enn dei som absolutt treng det, brukar det?

– Ja, det trur eg det er ein klar indikasjon på. Det er ikkje slik at alle med lett overvekt vil ha helsegevinst eller nytte av å bruke desse medisinane, seier ho.

Publisert 14.05.2024, kl. 12.11 Oppdatert 14.05.2024, kl. 12.40

Read Entire Article