Stor aukning i fråværet på vidaregåande skular

1 month ago 10


– Eg trur det er nokon som ikkje gidd å gå på skulen. Som ikkje er heilt sjuke, eigentleg.

Det seier Peter Angelskår. Han er tiendeklassing ved Danielsen ungdomsskule på Frekhaug i Nordhordland.

Sjølv er han ikkje så ofte vekke frå skulen, med mindre han er sjuk med influensa eller spysjuke. Då stoler foreldra på at han faktisk er sjuk.

Frekhaug fravær

Ella Gabrielsen, Peter Angelskår og Olve Kartveit Rolfsnes har (tilsynelatande) høge ambisjonar om bestått vitnemål.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Som NRK tidlegare har omtalt, har ikkje sjukefråværet vore høgare på 15 år. Ferske tal som Utdanningsdirektoratet (Udir) slepp torsdag viser at dette ikkje berre gjeld arbeidstakarar.

Også blant elevar i skulen er sjukefråværet aukande. Slik har det vore sidan covid-19-pandemien, men årets tal visar ei dobling i fråværet på vidaregåande skular.

Er du ofte vekke frå skulen?

– Vi vurderer dette som veldig alvorleg. Vi har fått ei dobling blant dei som har aller høgast fråvær, samanlikna med før pandemien, forklarar Udir-direktør Morten Anstorp Rosenkvist.

Morten Rosenkvist

Morten Anstorp Rosenkvist, direktør i Udir er bekymra for utviklinga.

Foto: Snorre Tønset / NRK

Talla viser at kvar sjette norske tiandeklassing no har minst 20 fråværsdagar i året. Og at kvar sjette elev på vidaregåande har meir enn 50 timar fråvær.

Årets avgangskull på 10. trinn har to fråværsdagar og to fråværstimar meir enn avgangskullet før pandemien.

Andelen som har veldig lågt fråvær, har blitt mindre. Fråværet aukar også i grunnskulen.

Grafen viser økning i fravær hos elever på videregående.

Grafen viser median fråvær, ført på vitnemålet til avgangselevar på vidaregåande.

Grafikk: Udir

Fryktar fråvær skuldast manglande trivsel

Direktøren trur fråværet kan henge saman med svakare læringsresultat, dårlegare trivsel og auka mobbing i skulen.

– Eg trur det er på grunn av sosiale medium, som øydelegg for den mentale helsa. Og så pressar mange seg kanskje litt for lenge, slik at dei til slutt må sjukmeldast, seier Danielsen-elev Ella Gabrielsen.

Ho trur det blir snakka for lite om dette elevar imellom.

Peter Angelskår, Olve Kartveit Rolfsnes og Ella Gabrielsen, 10. klassingar på Danielsen ungdomsskule Frekhaug

Elevane ved Danielsen på Frekhaug trur mental helse kan vere ein av årsakene til fråværsaukinga.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Rektor Cato Risøy er bekymra for tala. Han meiner det er viktig å jobbe systematisk med dette.

– Fråvær avlar fråvær. Viss du opplever at du meistrar dårlegare, at relasjonane til medelevane blir dårlegare fordi at du er mykje vekke, har det ein sjølvforsterkande effekt. Då er det ein del som fell ut av fritidsaktivitetar, slik at det ballar litt på seg, seier han.

Rektoren trur også at fokuset om å bli heime når ein er sjuk er blitt hengande igjen frå pandemien, og at det er dette som kan til aukinga.

Eit markant auka elevfråvær etter pandemien er ein trend i mange land, ikkje berre i Noreg. Den vanlegaste forklaringa frå dei tilsette er at pandemien med mykje heimeskole endrar vanane til elevane.

Får dårleg skuldkjensle av å vere heime

FRÅVÆRSGRENSE FØRDE VGS

Wiktoria Bujnicka seier ho får såkalla «FOMO» (fear of missing out på engelsk) av å ikkje vere på skulen.

Foto: Andrine Gald Myklebust / NRK

Jentene har typisk ein fråværsdag og to fråværstimar meir enn gutane. Men sammenligna med fjorårets tal har timefråværet økt med ein time for begge kjønn. Dagsfråværet er det same som i 2022–23.

Wiktoria Bujnicka går i tredje klasse på Førde vidaregåande skule. Ho seier det er foreldra som må be ho om å bli heime, om ho først er sjuk.

– Eg følar meg ofte stressa for å få høgt fråvær. Ein gong kom eg på skulen utan stemme. Eg klarte ikkje å snakke fordi eg var so sjuk. Då sa foreldra mine «Wiktoria, du kan ikkje gå på skolen i denne tilstanden!»

– Man mistar også mykje ved å vere heime, «Oi, shit, kva har eg gått glipp av i vennegjengen i dag?» tenker eg då, legg Wiktoria til.

Fravær i skolen

Stolar som dette står ofte tomme i klasseromma, ifølge statistikken.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Følar dokke at man skulkar når du er sjuk og er heime frå skulen?

– Eg vil ikkje seie det viss du er så sjuk at du ligg på sofaen, men viss du berre hostar litt, så vil det seie at du skulkar, meiner Peter ved Danielsen.

– Kva viss du forstuar kneet og ikkje kan gå?

Rektor Cato Risøy ved Danielsen Frekhaug

Rektor Cato Risøy innrømmer at det skal mykje til før han blir heime frå jobb.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Då kjem eg på krykker, seier Ella.

Som sagt: mønsterelevar, som ikkje heilt stadfestar statistikken.

Men kva med lærarane deira? Møter dei opp når dei er halvsjuke?

– Å ja, eg har kanskje litt for høy terskel sjølv for å vere heime. Og blant dei andre tilsette her på skulen er det ikkje høgt fråvær, svarar rektor Risøy lattermildt.

Publisert 16.10.2024, kl. 07.54

Read Entire Article