Stemningsfull nattehimmel i blått, gult og mørk grøn.
For det utrente auget kan det sjå ut som eit Munch-måleri.
– Munch ville aldri ha måla eit slikt fjell og trea er måla alt for kompakte, seier konservator Eva Furuseth.
For NRK sin utsende er det ikkje like sjølvsagt at det ikkje er Munch som står bak.
– Eg har skjønt kor lett det er å bli lurt, seier Furuseth.
Forsøkt selt for to millionar
Måleriet Furuseth viser fram er ein del av utstillinga av falsk kunst på Justismuseet i Trondheim.
Munch-etterlikninga blei i si tid forsøkt selt for to millionar, fortel Furuseth.
– Dei som vurderte å slå til på tilbodet ante ugler i mosen og gjekk til Munchmuseet.
Der kunne dei stadfeste at biletet ikkje var måla av den kjente målaren.
– Ein ekspert ser med ein gong at det er ei forfalsking, seier Furuseth.
Lett å la seg lure
– Vi ser det ganske ofte. Spesielt når det gjeld moderne kunst ser vi ein auke i forfalskingar, seier Knut Forsberg, dagleg leiar i auksjonshuset Blomqvist.
Han fortel at dersom ein kjøper kunst frå galleri eller auksjonshus kan ein truleg vere trygg på at bileta ein får er ekte.
Nettbutikkar og private marknad slik som Finn.no er han meir skeptisk til.
– Finn.no er nok den største kanalen for å omsette falsk og stolen kunst.
– Dersom du kjøper kunst der bør du vite kva du gjer.
Forsberg seier det er ein god del forfalskingar på Finn.no. Mange kan selje falsk kunst i god tro – utan sjølv å vite at måleria er falske.
– Kanskje dei har arva nokre bilete og legg dei det ut for sal utan å vite at det er falskt.
Samstundes trur han ikkje alle tilfelle er like uskyldige.
– Det er jo også reine svindlarar der.
Forsberg oppfordrar til å bruke seriøse kanalar dersom ein ikkje har kunnskap om kunst.
– Kjøp i seriøse kanalar. Gå til eit galleri eller eit auksjonshus. Da er du mykje tryggare.
Oppfordrar til sunn skepsis
Kenneth Didriksen er politioverbetjent i Økokrim. Han har kunstkriminalitet som spesialfelt og trur forfalska kunst er vanlegare enn vi trur.
– Det er nok ein del falsk kunst på vegger rundt om.
Sjølv om Munch-forfalskinga til to millionar er storslegen trur han ikkje dette er den typiske forfalskinga i Noreg.
– Kunstkriminalitet i Noreg har tidlegare handla om tjuveri eller forfalskingar av Munch. Det er nok berre toppen av isfjellet.
Didriksen trur dei fleste forfalskingar heller skjer i eit mellomsjikt der prisen er lågare og kunstnaren mindre kjent.
– Kunst som er så billig at folk senkar «guarden» litt og der kunstnaren ikkje er så kjent er mykje enklare å omsette.
Han peiker på at mange i Noreg har stor betalingsevne og betalingsvilje. Spesielt på nett trur han folk kan vere for rask til å slå til på det som verkar som gode tilbod.
– Folk burde ha ein sunn skepsis. Dersom du kjøper dyr kunst burde du sjå kunstverket med eigne auge og undersøke kven som tidlegare har eigd måleriet.
– Er bilete veldig dyrt burde du kanskje også ta kontakt med nokon som har god peiling på kunst for å få vurdert om det er ekte.
Melder forfalskingar til politiet
– Det er annonsøren sitt ansvar at det dei sel er ekte og at reglene for annonsering blir fulgt, seier Geir Petter Gjefsen, direktør for forbrukartryggleik og sikkerheit i Finn.
Han seier avdelinga for forbrukartrggleik gjer undersøkingar av seljarar og objekt som blir selt dersom dei har grunn til mistanke.
– Det inneber mellom anna kontroll av annonsar, kontroll av meldingar og dialog med brukarar.
– Dersom vi avdekker forsøk på eller gjennomført handel med forfalska kunst, vil seljaren bli utestengd frå Finn. Vi samarbeider også med politiet i saker der det har skjedd noko straffbart.
Publisert 08.07.2024, kl. 21.14