Reaksjonane har hagla etter at EU onsdag trua med ein ekstra straffetoll på kinesiske elbilar på opp mot 38,1 prosent. Regjeringa var raskt ute og sa vi ikkje ville følgje etter.
Dei kinesiske elbilane har rulla kraftig inn i den europeiske marknaden. Ein anslår at dei utgjer kring 8 prosent av marknaden i EU, og heile 15 prosent i Noreg.
Ifølgje EU er dei kinesiske elbilane kring 20 prosent billigare enn dei europeiske modellane, skriv Reuters.
EU meiner det er slik blant anna fordi kinesiske elbilprodusentar nyt godt av «urettferdige subsidiar», og meiner dette utgjer ein økonomisk trussel for europeiske elbilprodusentar.
No har dei gitt ulike produsentar ulik tollsats, basert på kven dei meiner har teke imot mest subsidiar og kven som har samarbeida mest i EU sine undersøkingar av saka.
Slik ser tollsatsane ut for nokre av selskapa:
Statseigde SAIC – som står bak merket MG – risikerer størst straffetoll, på 38,1 prosent.
Geely, som eig Volvo, risikerer ein toll på 20 prosent.
Build your dream (BYD), som er den største aktøren i Kina, risikerer minst straffetoll, på 17,4 prosent.
Kva er reaksjonane i Europa?
Men grepet, som har mål om å beskytte europeiske selskap, har fått dei same selskapa til å reagere negativt.
Både Volkswagen, Mercedes-Benz og BMW meiner ein straffetoll ikkje er vegen å gå, ifølgje Reuters.
Også den tyske transportministeren, Volker Wissing, meiner at tyske selskap vil bli hardt råka av dette.
– Bilar må bli billigare gjennom meir konkurranse, opne marknader og vesentleg betre lokalisering i EU, ikkje gjennom handelskrig og marknadsisolasjon, skriv Wissing på X.
Ungarn, som har investert milliardar i batterifabrikkar dei seinare åra, er også ute og fordømmer straffetollen.
Den franske finansministeren, Bruno Le Maire, er på si side positiv til straffetollen.
– Det er ei modig avgjerd som viser at vi kan gjenopprette ein maktbalanse mellom Europa og Kina, sa han i eit intervju med Sud Radio onsdag.
Kan tollen slå hardt tilbake?
Makroøkonom Kelly Ke-Shu Chen i DNB Markets trur fleire undervurderer den sterke forbrukarmakta i Kina.
– Då H&M gjekk vekk frå å kjøpe bomull frå Xinjiang-regionen, vart dei boikotta av kinesiske forbrukarar. Vi kan forvente at noko tilsvarande kan skje blant bilkjøparane, seier makroøkonom Kelly Ke-Shu Chen i DNB Markets.
Det ville vere krise for mange europeiske bilprodusentar. Enda verre dersom dei ikkje lenger skulle få same tilgang til den kinesiske marknaden.
Elbilmarknaden i Kina er allereie langt større enn det europeiske og amerikanske til saman.
I dag føretrekker kinesiske forbrukarar dei kinesiske elbilane, fordi dei får ein langt betre bil for same pris, forklarer Chen.
I tillegg får kinesarane pengar frå styresmaktene for å bytte ut sine fossilbilar med elbilar.
– Europeiske produsentar ønskjer å sikre seg andelar i denne marknaden, og det kan bli krevjande sidan det kan kome motsvar både frå forbrukarane og styresmaktene, seier Chen.
Kva betyr dette for dei kinesiske bilprodusentane?
Chen var nyleg i Kina og snakka med nettopp desse bilprodusentane. Ho fortel at dei var førebudde på at det ville kome ein straffetoll.
Faktisk steig fleire av dei råka bilselskapa på børsen etter at tollen vart annonsert, fordi marknaden og produsentane sjølve hadde teke høgde for at den ville kome.
– Sjølv om tollen vart høgare enn dei venta, er det ei rekke av selskapa som framleis vil tene gode marginar på å selje bilane til Europa framfor i Kina, forklarer Chen.
Årsaka er at det går føre seg ein heftig priskrig på elbilar i Kina.
Chen meiner at det faktum at den marknadsleiande aktøren, BYD, risikerer minst straffetoll illustrerer eit viktig poeng:
– Det betyr at det selskapet som visstnok har fått minst subsidiar, ifølgje EU, er det som har lukkast mest. Det betyr i praksis at det ikkje er subsidiane som har gjort at dei har lukkast, seier Chen.
Korleis svarer kinesiske styresmakter?
Kinesiske styresmakter var raskt ute og avviste skuldingane frå EU – og seier dei vil svare.
Lin Jian, talsperson for kinesiske styresmakter, meiner dette er «typisk proteksjonisme», og at det vil skade det økonomiske samarbeidet mellom EU og Kina, ifølgje Reuters.
– Så langt har dei begynt å sjå på om fransk konjakk kan vere subsidiert, men elles ikkje så mykje meir, forklarer Chen.
Ho forklarer at Kina har reagert svært annleis på EU sine manøvrar, enn på USA sine – som i mai varsla at dei ville jekke opp tollsatsen på kinesiske elbilar til 100 prosent innan utgangen av året.
– Det er viktig for Kina å behalde og etablere eit så godt forhold til Europa som mogleg. Vi må også hugse at det ikkje er noko særleg bileksport til USA, men ein god del til Europa, seier Chen.
Kvifor blir ikkje Noreg med på tollen?
Regjeringa vil ikkje følge EU og USA og innføre toll på kinesiske elbilar.
Hovudårsaka er at finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) ikkje ønskjer å gjere kinesiske elbilar dyrare.
– For folk i Noreg er det ein fordel at bilane ikkje blir dyrare. Og norsk industri har ingenting å tape på at vi har gode handelsrelasjonar med Kina, seier Vedum.
– Det er heller ikkje nokon sikkerheitspolitisk risiko at folk i Noreg har ein kinesisk bil.
– Vil Noreg til slutt bli pressa av våre handelspartnarar, EU og USA, til å innføre ein slik toll?
– Nei, det trur eg ikkje. Vi er ikkje ein del av EU sin tollunion, og EU er ein veldig ryddig handelspartnar, seier Vedum.
– Er det som var eit ganske kjølig forhold til Kina for berre nokre år sidan, ein grunn til at vi ikkje vil innføre denne tollen?
– Nei, dette er ei heilt isolert vurdering.
Publisert 15.06.2024, kl. 10.10