Sterkare krone etter overraskande USA-tal

5 months ago 41


Den norske krona har styrka seg nær 20 øre mot dollaren sidan midnatt. Kursen gjorde eit hopp like etter at det kom ferske inflasjonstal frå USA, klokka 14.30 – som viste at prisveksten dempar seg.

No kostar ein dollar kring 10,5 norske kroner. Seinast i starten av mai kosta ein dollar over 11 kroner.

Dane Cekov

Valutastrateg Dane Cekov.

Foto: Benjamin Danielsen / NRK

– Dette illustrerer igjen kor viktig amerikansk økonomi og nøkkeltal er for kronekursen. Difor har eg sagt gang på gang at vi vil sjå ei sterkare krone når rentekutta i USA først kjem, seier valutastrateg Dane Cekov i Nordea.

Prisveksten overraska

I og med at prisveksten no dempar seg, er det fleire investorar som trur at det kan kome eit rentekutt i september. Då svekker dollaren seg, forklarer Cekov.

Prisveksten i USA enda på 3,3 prosent i mai, målt mot same månad i fjor.

Kjerneinflasjonen, som ser vekk frå mat og energivarer, enda på 3,4 prosent.

Det var eit lite hakk, 0,1 prosentpoeng, lågare enn det eit fleirtal av økonomane hadde venta på førehand.

Likevel er dette eit stykke over målet til den amerikanske sentralbanken, som ønskjer ein prisvekst på kring 2 prosent årleg.

Rentebeskjed i kveld

I kveld klokka 20 norsk tid, vil sentralbanksjef Jerome Powell kome med ein ny rentebeskjed. Det er venta at han vil halde styringsrenta i USA uendra.

USAs sentralbanksjef Jerome Powell

Sjef i den amerikanske sentralbanken, Federal Reserve, Jerome Powell.

Foto: Reuters

Det er knytt mest spenning til kva han vil seie om moglege rentekutt framover.

Når USA vel å kutte renta har mykje å seie for kva veg renta skal ta i Noreg. Mange meiner at ein først må sjå eit rentekutt i USA, før det kan skje i Noreg.

Publisert 12.06.2024, kl. 15.57 Oppdatert 12.06.2024, kl. 16.00

Read Entire Article