Teknisk Ukeblad melder at Enova endrar reglane etter at det nederlandske reiarlaget Maris Fiducia oppretta eit einmannskontor på Vestlandet og fekk 299 millionar kroner i Enova-støtte for å bygge fem hydrogenskip.
Ingen av skipa skal gå i Noreg, og vil ikkje slå ut på den norske klimarekneskapen.
Endringa slår inn ved neste utlysing, men har ikkje hindra reaksjonane på at klimastøtte «forsvinn» utanlands i staden for å bidra her heime.
Den uttalte intensjonen med Enova er at statsføretaket skal stimulere til grøne investeringar og utsleppskutt i Noreg.
– Det er på tide at både verkemiddelapparatet og enkelte politikarar tar inn over seg kven dei skal representere, seier Asle B. Strønen, som er direktør i Norsk Skipsverft.
– Heilt håplaust at pengar forsvinn på denne måten
Dagleg leiar i Maritimt Forum, John Anders Lindtveit Røse, seier at «verkemiddelapparatet bør vektlegge tilknyting til Noreg».
– Dette er viktig for å vareta konkurransekrafta til dei norske aktørane. Og ikkje minst er det viktig for å sikre legitimiteten til støtteordningane.
I tillegg til å erte på seg norske skipsbyggarar, har tildelinga skapt indignasjon på Stortinget.
– Det er heilt håplaust at Enova sine pengar forsvinn på denne måten, seier stortingsrepresentant for Raudt, Sofie Marhaug.
– Denne klimapolitikken er ei skandale. Hundrevis av millionar blir kasta etter nederlandske postkasse-selskap samtidig som regjeringa kuttar i støtta til solcelleanlegg og Enøk-tiltak til folk flest, seier Alfred Bjørlo frå Venstre.
Stortingsrepresentant for Høgre, Ove Trellevik kallar pengetransaksjonen eit eksempel på at fellesskapsmidlane går til «feil» mottakarar på grunn av «smarte» tilpassingar.
– Regjeringa sin hydrogen-politikk tappar Enova for ressursar utan at vi får noko igjen for det her i landet, seier han.
– Delar av midlane vil komme norske aktørar til gode
Leiar i Hub for ocean, Kristin Svardal, presiserer at delar av pengestraumen vil bli igjen i Noreg.
– Norske selskap speler ei sentral rolle i teknologiutviklinga og delar av midlane vil komme norske aktørar til gode, sjølv om reiaren er nederlandsk.
NRK har kontakta det nederlandske reiarlaget, men har så langt ikkje fått svar.
I ein e-post til Teknisk Ukeblad skriv reiarlaget at dei vil samarbeide med norske partnarar i Ulsteinvik og at dette «vil komme den lokale leverandørnæringa til gode».
– Vi har gjort det som stod i vår makt
Det er ikkje første gong at norske «sponsormidlar» kjem på avvegar og hamnar i Nederland.
I 2020 vedtok Stortinget ein oljepakke for å hjelpe norsk industri gjennom koronakrisa. Eit av tiltaka var at Havforskingsinstituttet skulle bygge eit nytt skip til 110 millionar kroner
Tiltaket stod under overskrifta «Tiltak for auka aktivitet og sysselsetting – få folk tilbake i jobb».
Ikkje desto mindre hamna oppdraget på nederlandske hender.
Havforskingsdirektør Sissel Rogne sa dei gjorde kva dei kunne for å styre kontrakten til Noreg, men at regelverket i EØS utelukka krav om (norsk) nasjonalitet.
– Eg skal love deg at vi undersøkte handlingsrommet. Vi har gjort det som stod i vår makt, sa ho til E24.
Omstillingstrykket justert frå «lågt» til «svært lågt»
Den ti år gamle «ferjerevolusjonen» gjer at det i dag er batterielektriske ferjer på om lag halvparten av alle norske bilferjesamband.
Å få ned utsleppa på større fartøy og på lengre distansar har vore meir krevjande.
Så langt har investeringane late vente på seg, og fristar er utsett.
I 2023 blei omstillingstrykket justert ned frå «lågt» til «svært lågt» i «Barometer for grøn omstilling av skipsfarten».
Hovudforklaringa er at hydrogenbasert drivstoff er to til fire gonger så dyrt som fossilt drivstoff, og at meirkostnaden gjer at reiarar og eigarar vegrar seg for å ta det første steget.
NRK
Elise Caspersen, fagansvarleg for maritim i ZERO
Det er mange som er klare til å kutte utslepp frå skipsfarten, og Enova gjer lurt i å endre kriteria slik at støtta går til å bygge opp ei verdikjede i Noreg og kutte utslepp i norske farvatn. I tillegg til Maris Fiducia, fekk norske Höegh Autoliners støtte til ammoniakk i fire fartøy som ikkje skal segle i norsk farvatn. Vi heiar på aktørar som går føre og viser veg i det grøne skiftet.
Hub For Ocean
Kristin Svardal, leiar i Hub for ocean
Vi forstår at det kan komme reaksjonar, men samtidig ønsker vi å støtte gode prosjekt som kjem utvikling av næringa til gode og som bidrar til reduksjon av utslepp i maritim sektor. Dette er ein bransje der samarbeid på tvers av landegrenser er vanleg, og vi ser derfor at bedriftskonsortium ofte søker støtte frå fleire land.
NRK
John Anders Lindtveit Røse, Maritimt forum
Det er viktig at det norske verkemiddelapparatet sikrar at midlane går til å sikre grøn omstilling i norsk maritim næring. Dette er viktig for å vareta konkurransekrafta til dei norske aktørane. Ikkje minst er det viktig for å sikre legitimiteten til støtteordningane.
Kilian Munch
Toril Kobbeltvedt, direktør for politikk og analyse i Rederiforbundet
Ei robust verdikjede for grøne drivstoff er heilt essensielt for at vi skal lykkast med den omstillinga som skipsfarten skal gjennom. Samtidig har den norske utanriksflåten store utslepp utanfor Noreg, og dette talet må ned dersom vi skal nå klimamåla. Derfor må verkemiddelapparatet også treffe desse reiarlaga. Teknologien som blir utvikla i desse reiarlaga vil kunne overførast til skip i Noreg.
Hans Olav Landsverk
Asle Strønen, leiar i Norske Skipsverft
Det er på tide at både verkemiddelapparatet og enkelte politiske krinsar tar inn over seg kven ein skal representere. Utsleppskutt i norske farvatn bør prioriterast, og berre reelle norske aktørar skal favoriserast med støtte frå den norske fellesskapen. Eigentleg bør dette vere ganske så elementært.
NRK
Håkon Skjerstad, Azana fuel solutions
Vi er usikre på om kravet til minst ein tredel av anløpa i norske hamner vil vere tilstrekkeleg for å etablere ein marknad for ammoniakk blant skip som opererer på norsk kontinentalsokkel. Det vil i så fall vere veldig synd, for myndigheitene har nå eit unikt høve til å skape ein heimemarknad som kan posisjonere norske aktørar som verdsleiande innan grøn maritim industri.
Norsk hydrogenforum
Ingebjørg Telnes Wilhelmsen, generalsekretær Norsk Hydrogenforum
Enova har gjort ein veldig god jobb med utviklinga av støtteprogramma hydrogen og ammoniakk i fartøy, og vi har stor tru på at desse programma vil utløyse investeringar i ei rekke skip med hydrogen og ammoniakk som drivstoff. Det er viktig at programma bidrar til lokal industribygging og utvikling av ei heilskapleg nasjonal verdikjede for hydrogen.
NHO Vestland / NRK
Helene Frihammer, regiondirektør i NHO Vestland
Noreg har gode føresetnader for å utvikle konkurransedyktige verdikjeder for både blått og grønt hydrogen. For å lykkast må vi stimulere til at dei ulike ledda i verdikjedene blir bygde opp. Det er samtidig viktig at midlane blir brukte etter intensjonen og at retningslinjer og resultat stadig blir gjennomgått for å sikre at ein treffer rett og unngår uheldige konsekvensar.
Ole Berg-Rusten / NTB
Alfred Bjørlo, Venstre
Det aller mest skandaløse i denne saka er at Vestland og andre kystfylke ikkje får avklaringane dei treng frå regjeringa for å bestille nye hurtigbåtar som kuttar klimautslepp med ny teknologi utvikla i norske verdigkjeder.
Yann Valerievich Belov / n18575
Sofie Marhaug, Raudt
Den politiske styringa av Enova må styrkast, og det i retning av meir energieffektivisering. Dette i motsetning til å kaste bort pengar på prestisjeprosjekt i utlandet som ikkje kuttar utslepp i Noreg. Dette må bli tydeleg i det nye mandatet regjeringa nå jobbar med.
Tom Nicolai Kolstad
Arild Hermstad, leiar i MDG
Det er eit stort paradoks og samtidig veldig urovekkande at utsleppa frå industrien knapt har falle dei siste ti åra samtidig som staten har betalt ut milliardbeløp i klimakompensasjon til industrien. Det føyer seg inn i eit mønster kor store selskap får utbetalt milliardstøtte for klimatiltak mens vanlege folk knapt får noko støtte, og opplever at det er dyrt og vanskeleg å leve klimavennleg.
Vidar Ruud / NRK
Ove Trellevik, Høgre
Regjeringa si hydrogensatsing feilar, vi treng ein ny hydrogenstrategi. Regjeringa sin politikk tappar Enova for ressursar utan at vi får noko igjen for det her i landet. Urealistiske hydrogenprosjekt får reservert kraft i nettet og sperrar for andre prosjekt som har finansieringa på plass.
Publisert 12.07.2024, kl. 15.47