Sporten endra Lars Christian: – Det hadde eg ikkje trudd

1 month ago 18


– Eg sleit med mobbing og sånn i løpet av oppveksten. Sakte men sikkert hamna eg meir utanfor, seier Lars Christian Berger.

Kvar onsdag samlar ein liten gjeng seg på golfbanen i Kristiansund.

Alle har på ein eller annan måte hamna utanfor «normalsamfunnet», men målet er at dei skal kome tilbake.

Verkemiddel: Golf.

Frå datamaskina til golfbanen

Da Berger flytta frå Kongsberg til Kristiansund kjente han nesten ingen. Han brukte mest tid for seg sjølv.

Han fortel at kunne sitte opp til sju timar føre datamaskina. Men slik er det ikkje lenger.

– No bruker eg heller sju timar på golfbanen, seier han.

Lars Christian Berger står på golfbanen i Kristiansund. Han har på seg caps og holder den ene hånden på golfbagen.

Lars Christian Berger gjekk frå å vere sju timar på datamaskina til å bruke timane på golfbanen.

Foto: Mari Aandahl Kippernes / NRK

Det var ein som jobba hos kommunepsykologen som foreslo at han kunne prøve sporten. Det fanst nemleg eit tilbod for dei som hadde hamna utanfor.

– Det blei eg med på, og sakte, men sikkert har det blitt meir og meir golf, seier han.

Tidens Krav har også skrive om Lars Christian Berger.

Golf-feber

Interessa for golf har skote i vêret dei siste åra. I løpet av 2023 auka medlemskap hos barn og unge med 15,1 prosent.

Det er organisasjonen «Ett slag av gangen» som står bak konseptet som Berger er med på.

Det var Marianne Smith Magelie som starta opp tilbodet midt i 2021. I løpet av det første året blei 20 klubbar med på ordninga. No er talet over 50.

Ho har sjølv tatt kontakt med klubbane for å få dei med på laget, men dei har også tatt kontakt med ho.

Fleire er ute i skule og jobb

Magelie fortel at dei ved utgangen av juni i år hadde hatt 7694 deltakarar i aktivitet.

– Mange vil tilbake til eit meir meiningsfylt liv, og alle kan komme ut på golfbanen, seier ho.

golf-rus-9

– Vi ser heile mennesket og jobbar med det heile tida, seier Marianne Smith Magelie.

Foto: NRK

Ho meiner at golf er ein arena som passar veldig godt for dei som har falle utanfor.

– Ein utviklar seg til eit menneske med sjølvtillit og som får trua på seg sjølv, seier ho.

Målet til organisasjonen er at dei som er med skal bli klare for å komme ut i arbeid, arbeidstrening eller skule. I år vil 350 personar gjere det, seier Magelie.

– Og det er veldig bra.

– Fantastisk å sjå

I Kristiansund var det Hildur Molland Vesterås som starta opp med «Ett slag av gangen».

Då golfklubben fekk spørsmål om dei kunne tenke seg å ha dette tilbodet var ho ikkje i tvil.

– Eg hadde tid og tenkte «kvifor ikkje?». Det er jo ein inspirasjon for klubben òg, seier ho.

May Britt Berild Rønes er éi av dei som er med som trenar for gjengen. Ho fortel at ho har sett utvikling gjennom åra.

– Det er fantastisk å sjå kva dei får til, seier ho og held fram:

– Det sosiale òg, for det er jo ikkje alle som har eit stort nettverk. Så det å kome hit ein gong i veka for å treffe kjente som dei er litt trygge på hjelper.

Lars Christian Berger og May Britt Berild Rønes spiller golf i Kristiansund.

May Britt Berild Rønes er éin av dei som er med som trenar for gruppa.

Foto: Mari Aandahl Kippernes / NRK

Viktig tilbod

For å rekruttere deltakarar til «Eit slag av gongen» har golfklubben i Kristiansund avtalar med kriminalomsorga og psykisk helse- og rusavdelinga i kommunen.

Avdelingsleiar for sistnemnde, Svein Sivertsen, seier at slike aktivitetar er eit viktig tilbod til brukarane deira.

– Dei får vere med i vanlege aktivitetar og tileignar seg meistringskjensle. Så blir dagane fylte med aktivitetar som kan vere i deira interesseområde, det er kjempeviktig, seier han.

Tre mennesker leter etter en golfball i terrenget ved golfbanen i Kristiansund.

Det blir mykje leiting etter golfballar som hamnar i terrenget i løpet av ei økt.

Foto: Mari Aandahl Kippernes / NRK

Blitt meir open

For Berger har tida på golfbanen blitt ekstremt viktig. Sjølv om det er onsdag som er dagen for «Ett slag av gangen» er han innom banen mykje oftare enn det.

– Golf er utruleg bra for meistring. Det er alltid meir å lære, seier han.

Ikkje berre har han blitt meir aktiv, han har også blitt meir open og sosial.

– Viss nokon hadde fortalt deg at livet skulle vere sånn som nå for fem år sidan, kva hadde du sagt?

– Da hadde eg ledd inni meg og gått, for det hadde eg ikkje trudd på. Det er litt annleis enn det eg førestilte meg, for å seie det sånn.

Publisert 30.09.2024, kl. 16.06

Read Entire Article