Sparte mange tusen på å droppe meklar: – Trur fleire kan gjere jobben sjølv

4 months ago 55


– Det er ein jobb som ikkje er så uoverkommeleg som ein kan få inntrykk av.

Det seier Thorstein Wang (30), medan han viser fram leilegheita han nyleg har selt.

Ikkje berre gjekk leilegheita 225.000 kronar over prisantydinga, Wang sparte i tillegg mellom 50.000 og 60.000 på å ikkje bruke eigedomsmeklar.

– Dei fleste bustadsal går gjennom ein meklar. Eg tenkte at det treng kanskje ikkje vere sånn.

Thorstein Wang har solgt leiligheten

Wang selde leilegheita i april. Den nye eigaren tar over i september.

Foto: Henning Levold / NRK

Synest fleire burde gjere det same

Dei fleste som sel leilegheit brukar eigedomsmeklar. Av over 30.000 bustadar som no ligg ute for sal på Finn.no, blir under 2 prosent selt utan meklar.

Som regel er det meklaren som skaffar den naudsynte dokumentasjonen, ordnar med bustadstylist og fotograf, samt opprettar salsannonse.

Da Wang selde ordna han det meste sjølv.

– Det blei jo litt jobb, men eg synest ikkje det var veldig krevjande.

Han fortel at han måtte bruke litt tid på å sette seg inn i regelverket for kva dokumentasjon som er påkravd ved eit bustadsal.

– Eg har lært mykje som eg tenkjer eg eigentleg burde vite når eg skal kjøpe eller selje bustad.

Wang heldt også visningar sjølv. For bodrunden og oppgjeret da salet var i boks brukte han nettenesta Propr.

BustadUtanMeglar

Planter til pynt var eit av fleire tips Wang brukte for å gjere leilegheita mest mogleg freistande for potensielle kjøparar.

Foto: Henning Levold / NRK

– Sjølv om det blei litt arbeid trur eg nok det blei ein grei timebetaling.

Sjølv om han innser at det ikkje er for alle, synest han fleire burde ordne med sal utan meklar.

– Eg trur det er stort rom for at fleire kan gjere jobben sjølv og spare pengane, seier Wang.

Meklarforeinga er skeptiske

– Med meklar får ein gjennomført handelen på ein juridisk og økonomisk trygg måte, seier Carl O. Greving, administrerande direktør i Noregs eigedomsmeklarforbund.

Han er skeptisk til å kjøpe og selje bustad utan å bruke meklar.

– Det er ein risiko for at ein ikkje får oppgjeret etter salet eller at det oppstår juridiske twister i ettertid av handelen.

I tillegg peiker Greving på at seljar ved sal av bustad har ei omfattande opplysningsplikt. Dersom ein sjølv skaffar denne dokumentasjonen burde ein vite kva ein gjer, seier Greving.

– Om du som seljar hentar inn nokre dokument som du kanskje ikkje forstår og ikkje kan kvalitetssikre, så tar du ein risiko.

Om noko går gale med salet kan det bli dyrt for seljaren, seier Greving.

– Dersom du bryt opplysningsplikta kan du som seljar ende opp med eit stort økonomisk ansvar etter salet.

BustadUtanMeglar

At golvet i leilegheita er litt skeivt var ein mange ting Wang måtte opplyse om.

Foto: Henning Levold / NRK

Kan vere pengar å spare

Nora Wennberg Gløersen er forbrukarjurist i Forbrukarrådet. Ho trur det kan vere pengar å spare, men er klar på at folk må sette seg inn i kva risiko dei tar.

– Eg tenker det er ein del oppgåver mange kan klare å gjere sjølv.

Ho peiker på at det å gjere at bustaden ser fin ut, ta bilete og halde visning er oppgåver mange kan spare pengar på å gjere utan meklar.

Thorstein Wang ved spisebordet i leilighet.

– Nokre av dei som kom på visning sa at det var tillitvekkande å prate direkte med seljar heller enn ein meklar, seier Wang.

Foto: Henning Levold / NRK

– Samstundes er det ein del oppgåver som er såpass komplisert at eg trur dei færraste forbrukarar har den naudsynte kunnskapen til å gjere dei.

Også ho peiker på at ein tar ein risiko dersom ein gjer noko feil.

– Dersom du ikkje stiller med den informasjonen du plikter, kan du lett måtte betale prisavslag eller erstatning.

Gløersen oppfordrar dei som vurderer å droppe meklar til å tenke sjå nøye om.

– Ein burde tenke grundig gjennom om ein er komfortabel med kva arbeid og ansvar det er ein tar på seg.

Publisert 16.07.2024, kl. 05.25

Read Entire Article