Slik vil Musk-komitéen kutte fleire hundre milliardar av USAs budsjett

5 hours ago 3


I ein kronikk publisert i The Wall Street Journal, gir Elon Musk og Vivek Ramaswamy eit innblikk i deira visjon for Departementet for effektiv styring – «Doge».

Dette er ikkje, som namnet tilseier, eit departement, men eit initiativ som skal gi forslag til korleis krympe byråkratiet og offentlege utgifter.

Musk, som er verdas rikaste mann, ønsker saman med Ramaswamy å kutte minst 500 milliardar dollar i føderale utgifter.

Bilde publisert av Elon Musk på hans X-profil

Det er neppe tilfeldig at «departementet» til kryptotilhengaren Musk har kallenamnet «Doge». Denne memen frå 2013 er også merkevara til ein type Bitcoin.

Foto: X

Så langt i år har USA brukt opp mot 7000 milliardar dollar til saman. Nesten halvparten gjekk til helseforsikring og sosial stønad, ifølge det amerikanske finansdepartementet.

Arbeidet til «Doge» skal redusere pengebruken framover mest mogleg, og vere ferdig innan 4. juli 2026.

– Med rettleiing frå Høgsteretten skal vi reversere eit fleire tiår langt maktsluk frå høgaste nivå, skriv komitéleiarane i kronikken.

Trump og Ramaswamy på UFC-kamp

Donald Trump (v) og Vivek Ramaswamy (h) var på UFC-kamp saman 16. november. Også Musk og Matt Gaetz var til stades.

Foto: KENA BETANCUR / AFP

Entreprenørar, ikkje politikarar

«Doge» skal ikkje vere ein del av regjeringa, men jobbe opp mot regjeringsapparatet.

Musk og Ramaswamy skriv at dei vil fylle det med «korsfararar for avgrensa statsmakt», særleg tekniske og juridiske ekspertar, og nytte «avansert teknologi».

– Vi er entreprenørar, ikkje politikarar, skriv dei.

Vivek Ramaswamy etter primærvaldebatten i september 2023

– Slutt å seie unnskyld for kapitalisme. Vi bør omfamne kapitalisme, sa Ramaswamy til republikanske partifellar tidlegare i år. Sjølv er han ein av dei 20 yngste milliardærane i USA.

Foto: MARIO TAMA / AFP

Når «Doge» så har funne ut av kva reguleringar dei kan fjerne, skal dei gi sine anbefalingar til Trump.

Tanken er at han så kan bruke si utøvande makt til å sette enkelte lover på pause og byrje prosessen med å reversere dei.

Det betyr at «Doge» sine forslag ikkje treng å få støtte frå dei folkevalde i Kongressen.

«Eksistensiell trugsel»

Kronikken er illustrert med to menn som røskar ut det som liknar på tornebuskar frå maktsentera i Washington D.C.

Musk og Ramaswamy meiner at slik USA fungerer i dag, er det «titusenvis» av ikkje-folkevalde offentleg tilsette som bestemmer korleis nasjonen heng saman.

– Dette inngrodde og stadig aukande byråkratiet utgjer ein eksistensiell trugsel mot republikken vår, og politikarar har vore medskuldige altfor lenge, skriv dei.

Musk i Madison Square Garden

Då han tala under valkampen til Trump, lovde Musk at komitéen hans skulle kutte to tusen milliardar dollar. Løftet han gir i Wall Street Journal reduserer forventningane kraftig.

Foto: ANGELA WEISS / AFP

– Ved å oppheve ulovlege reguleringar kan vi skape økonomisk vekst i dette landet.

I tillegg vil dei krevje at offentleg tilsette kjem til kontoret fem dagar i veka.

Dette meiner Musk og Ramaswamy vil føre til ein «bølge av frivillige oppseiingar som vi ønsker velkomne».

Møtt med skepsis

Fleire har sett spørsmålsteikn ved kor gjennomførbart prosjektet til «Doge» er utan at dei er ein del av Kongressen, som har makta til å gi eller halde igjen pengar.

Nokre peikar på ei lov frå 1974 som krev at presidenten bruker alle dei midla som Kongressen har bestemt seg for å setje av.

Lova blei vedtatt etter at dåverande president Richard Nixon hadde nekta å bruke av desse pengane på program han sjølv var ueinig med.

Nixon

Etter at Nixon unngjekk å bruke midlar på ting han ikkje ville gjennomføre, blei det innført eit krav om at dei må brukast av presidenten.

Foto: AP

Trump har tidlegare kalla denne lova for grunnlovsstridig, og Musk og Ramaswamy skriv at dei ser føre seg at Høgsteretten vil vere einig med han i det.

I den private sektoren har Musk tidlegare vist at han kan gjere stor suksess trass i dårlege odds.

Både Tesla og SpaceX har vore på kanten av konkurs, men så snudd og gjort det veldig godt.

– No kjem Silicon Valley til D.C.

Statsvitar Henrik Heldahl meiner komitéen til Musk og Ramaswamy signaliserer ein ny epoke for amerikanske styresmakter.

– No kjem Silicon Valley til D.C, seier han til NRK.

– Musk og Ramaswamy meiner at USA ville tent meir på å bli styrt etter ein bedriftsmodell enn som eit treigt demokrati.

Dei rammene som demokratiet set, ser dei på som «upraktiske hinder» som dei må prøve å passere på lovleg vis, ifølge Heldahl.

Henrik Heldahl

Heldahl er politisk journalist i Nettavisen og kommentator for Amerikanskpolitikk.no.

Foto: Alf Simensen / Alf Simensen / NRK

Han er einig med «Doge» i at byråkratiet i USA har svært stor makt, samtidig som at den amerikanske statsgjelda har svulma til storleiken av 21 norske oljefond.

– Dette er eigentleg det første forsøket på å gjere noko med det på fleire år, seier han.

Samtidig ser dei ut til å gå hardare til verks enn det amerikanarar er vane med i politikken, legger han til.

Representation of cryptocurrency Dogecoin is seen in this illustration

Dogecoin er også ein kryptovaluta. Den starta som ein spøk, men har no vesentleg påverknadskraft.

Illustrasjon: DADO RUVIC / Reuters

Skal Musk og Ramaswamy klare det, meiner han at dei må levere endringane før det neste mellomvalet.

– Det er gode sjansar for å tape fleirtalet i Kongressen om to år, og då er ein amputert.

– Ein kan sjå på dette som ein slags tidsfrist, eigentleg.

Publisert 21.11.2024, kl. 19.43

Read Entire Article