Slik blir vêret for Märtha Louise og Durek Verrett

1 month ago 13


Laurdag morgon gjer Geiranger seg klar til bryllaupsfest. Det skal vere heilt stille på fjorden. Sola er nok gøymt bak skyar. Og om meteorologane har rett vil eit lett duskregn skylje ned over bygda.

På ein spegelblank fjord er nok kongeskipet Norge allereie på plass på fjorden når bygda vaknar til liv. Også cruiseskipet Silver Dawn kjem sigande inn fjorden ved åttetida om morgonen.

Vervarsel for laurdag

Illustrasjon: Yr

Sjå oppdatert vêrvarsel for Geiranger her.

Flau vind og duskregn

Meteorologane varslar altså lett duskregn frå morgonen av. Men der ligg ei slags heilgardering. Gjennom natta kan det kome alt frå null til 4,9 millimeter regn. Og det skal minke på ut over formiddagen.

Temperaturen skal ligge mellom 11 og 14 grader, og det skal bli nesten vindstille med eit drag i lufta som først kjem frå sørvest og deretter frå nordvest.

Kongeskipet er i Møre og Romsdal

Tysdag morgon var kongeskipet Norge kome til Sunnmøre. Her ligg det i Vanylven like nord for Stad. Derifrå er det nokre timars reise før skipet er inne i Geiranger. Tysdag tok dei seg god tid og segla fram og attende i Vanylven.

Foto: Tipsar

Opphaldsvêr i vente

Alle detaljane med tidsplan for bryllaupet er ikkje kjende enno. Men vi må rekne med at aktiviteten i Geiranger vil auke på når morgonstemninga er i ferd med å ebbe ut og formiddagen gjer sitt inntog.

Ved 14-tida skal det, ifølgje meteorologane, tørke opp i lufta. Den svale brisen skal dreie litt meir vestleg og dropane under skyene er strokne vekk frå illustrasjonane på Yr.

Vigsla skal skje utandørs på Vinjevollen laurdag. Og der er framleis ein viss sjanse for småregn i brudesløret ut over ettermiddagen. Mellom klokka 14 og 20 er det venta mellom 0 og 0,6 millimeter regn i Geiranger.

Stigande temperaturar

Dagen som startar med ein temperatur på 11 grader skal bli varmare og varmare etter kvart som dagen skrid fram. Ut over ettermiddagen og kvelden er det venta opp i fjorten grader, og runde av nedover til 13 når kvelden når høgdepunktet og festen kanskje tek av i bryllaupsbygda Geiranger.

Fleire dagar til ende

Og eit prinsessebryllaup varer ikkje berre éin dag. Det startar alt i Ålesund fredag, og tek vi med heimreisa på søndag blir det heile tre dagar til ende. Vêret i Ålesund fredag skil seg ikkje så mykje frå det som møter gjestene i Geiranger laurdag. Det blir, ifølgje meteorologane, temperaturar på rundt 14 grader og regn ut over kvelden.

Men så kjem sola

Skal bryllaupsgjestane ikkje få oppleve Geiranger i sol, blå himmel, blank fjord og gode sommartemperaturar? Meteorlogane gjev dei besøkande håp. Når dei vaknar søndag etter bryllaupsfesten, DÅ KJEM SOLA til bygda. Sola skal varme. Temperaturane skal stige til heile 18 sommarlege grader.

Geiranger søndag

Publisert 27.08.2024, kl. 11.15

Read Entire Article