Slik blir USA-valnatta på NRK

2 weeks ago 9


Det er seks timar tidsforskjell frå Noreg til austkysten av USA. Dei første vallokala stenger klokka 18 amerikansk tid, midnatt i Noreg.

Normalt er eit amerikansk val avgjort på morgonkvisten i Noreg. Men sist val måtte vi vente heilt til helga. Her er ein guide til resultata du får i natt.

Midnatt

Dei første to statane stenger vallokala sine i Indiana og Kentucky. Men statane er delt mellom to tidssoner, og Donald Trump må vente ein time til med å innkassere sin første delsiger.

Valresultata utover natta kjem grovt sett til å kome frå aust først og så vidare vestover ettersom vallokala stenger i dei ulike tidssonene.

Klokka 01.00: Den første vippestaten

No byrjar det for alvor. Medan Trump kan få sine to første sigrar i statane som delstengde ved midnatt, kjem Kamala Harris truleg til å få ei rask avklaring i vesle Vermont.

Den første av dei avgjerande vippestatane stenger: Georgia har 16 valmenn, og er ein relativt stor delstat. Det vil vere mogleg å sjå tendensar i Georgia tidleg, men dette kan fort bli den staten der den politiske dragkampen varer aller lengst i dagane og vekene som kjem.

Det var hit Donald Trump sist ringde styresmaktene i delstaten for å finne 11.780 stemmer. Trump er tiltalt for dette.

I viktige og store Florida byrjar dei teljinga i dei aller fleste fylka. Florida har tidlegare vore ein jamn stat, men det er venta at Donald Trump har kontroll her no.

Klokka 01.30:

På halvslaget avsluttar dei stemminga i vippestaten Nord-Carolina (16 valmenn som kan bli heilt avgjerande) og i den tidlegare vippestaten Ohio.

Ohio har vore rekna som jamn i mange presidentval, men det illustrerer eit viktig politisk skifte i «rustbeltet» at Trump kan kjenne seg sikker på siger i staten han har teikna eit dystert bilete av.

Han har hevda at haitiske innvandrarar i Springfield, Ohio et hundar og kattar.

Nord-Carolina er ein av vippestatane som vanlegvis tel opp raskt, men staten har i haust vore kraftig råka av orkanen Helene, og det er ei viss spenning til om det påverkar kapasiteten til valgjennomføringa.

PÅ VIPPEN: Kva er egentlig ein vippestat, og kvifor er dei så viktige i det amerikanske valet?

Klokka 02.00: Resultatrenn

Hald deg vaken til klokka 02.00! Då kan vi vente oss eit renn av resultat.

På dette tidspunktet er klokka 20 i den austlege tidssona i USA, og i heile 18 delstatar stenger vallokale. Harris kan vente seg at ho får erklært at ho får valmenn frå austkyst-statar som Massachusetts og New Jersey ganske kjapt etter stengetid. I sør vil det same skje for Trumps del i statar som Mississippi og Alabama.

Det er no oppteljinga i viktige Pennsylvania startar, men dei verste spådommane seier at vi kan måtte vente på resultatet derifrå i fleire dagar. Då Biden vart valt til president, var det kunngjeringa av sigeren i Pennsylvania som var det utslagsgjevande. Men då hadde det gått nesten fire dagar sidan valet, og det var blitt laurdag.

Oppteljinga i svære Texas startar også i hovudsak no. Ingen statar er så tett på innvandringa frå Sør- og Mellom-Amerika som Texas, og ingen har strengare abortlover heller. Sjølv om alt anna enn Trump-siger vil vere ei bombe i Texas, er resultata interessante.

Klokka 03.00: Midtvesten stenger dørene

Arkansas er den einaste staten som stenger 0230 før 12 nye statar som stort sett ligg midt i landet stenger dørene til stemmelokala klokka 0300. Dei viktigaste vippestatane som har halde ope til no er Wisconsin og Arizona.

No blir det også teljing i Nebraska, som fordeler valmennene på ein annan måte enn at vinnaren får alt. Mest truleg får Harris ein av Trump fire valmenn i staten. Den eine kan avgjere presidentvalet i ein gitt situasjon.

I metropolen New York er vallokala opne lengre enn i andre statar i aust. Premien for å vinne staten er høg, 28 valmenn, og den går til Harris. Truleg kjem vinnarerklæringa kort tid etter stengetid.

Morgonkvisten: Resten stenger

No er vi heilt vest i USA, og i fire statar stenger det meste klokka 0400, mens folkerike California og dei to andre med kyst mot vest stenger klokka 0500.

Ute i Stillehavet og i nord held blå Hawaii og raude Alaska ope til 0600 og 0700, men her er det lite spenning knytt til resultatet.

Så skal vi vente ... Eller?

Når nattas valsending på NRK1 har gått over i Nyhetsmorgen-modus, er det sannsynlege at fleire av dei sju vippestatane enno ikkje er avgjort.

Associated Press, som er NRKs talleverandør har varsla at det kan ta tid å telje opp endeleg resultat. Det er fleire grunnar til det. Ei årsak er at det er mykje førehandsrøysting. Det er ulike reglar i ulike statar.

I Pennsylvania og Wisconsin er det reglar som gjer at ein ikkje får byrja å behandle førehandsrøystene før sjølve valdagen. Det vil ta tid å gjere det når dei først får byrja.

I andre statar tek dei imot stemmer frå utlandet, for eksempel militære som tenestegjer, fleire dagar etter valet. Det i seg sjølv treng ikkje bety at resultatet er uavklart, men dersom det er så jamt som målingane har antyda, kan det vere ein må vente på slike røyster.

TRUMP: Fleire er nysgjerrige på kva som vil skje viss Donald Trump blir president igjen.

At valet ser ut til å bli jamt i vippestatane er i seg sjølv ein grunn til at erklæringa av ein vinnar kan dra ut i tid. Dersom det står om desimalar, vil nok amerikanske media vere 100 prosent sikre før dei slår fast ein vinnar i ein delstat.

NRK følgjer resultat-avgjerdene som nyheitsbyrået Associated Press (AP) kunngjer. AP seier dei erklærer ein vinnar i ein delstat først når det er matematisk umogleg for den andre kandidaten å ta igjen den som leiar.

Men kanskje er ikkje valet så jamt som målingane har spådd? Er marginane store nok, vil TV-kanalane og NRK gjennom tal-leverandøren AP konkludere med kven som har vunne presidentvalet på morgonen onsdag.

Publisert 05.11.2024, kl. 17.42

Read Entire Article