– Der var det ein! Fekk du tak i den?
Trond Austrheim og Trine Salvesen Røyneberg slår små lakseungar i svime med elektrisitet.
Det går ikkje mange sekund før småfisken kviknar til igjen, men i mellomtida er Trine framme med håven og fangsten endar i bøtta som Trond har på magen.
Dei står med vatn til knes i Slevelandsåne, ei lita sideelv til Hellelandsvassdraget i Eigersund i Rogaland.
Og draumen deira er minst 1000 fleire villaks i vassdraget.
Villaksen er i fare
– Utvidinga av den lakseførande strekninga i denne elva i Dalane i Rogaland er det største urealiserte prosjektet for villaksen i Noreg i dag, slik Noregs Jeger- og Fiskeforbund ser det, seier Trond Austrheim.
Han meiner det er viktig å få fortgang på prosjektet, for talet på villaks som kom tilbake til elvane, spesielt i Sør-Noreg, har vore lågt i år.
Så lågt at Miljødirektoratet stengde ned laksefisket i 33 elvar kort tid etter at sesongen hadde starta opp i juni i sommar.
Og nå har alt direktoratet varsla at dei vil ha bevis på god oppgang neste sommar, før dei opnar opp fisket igjen.
Vil opne opp ei stengd elv
Villaksen kjem ikkje lengre opp i Hellelandsvassdraget enn til Øgreyfossen i dag. Det er berre 4 kilometer frå havet. Kombinasjonen av kraftverk, demning og foss blir for vanskeleg å forsere.
Men det finst eit alternativ. Det går ei lang sideelv gjennom terrenget, som heiter Slevelandsåne. Kjem laksen seg gjennom den, kan det opna opp 25 kilometer med lakseelv, der det i dag berre er aure.
Einaste problemet er at inntaket i øvre enden av sideelva er stengd.
Motstanden er stor
Bøndene langs sideelva er ikkje glade for planane om å opne den og auke vassføringa. Dei frykta at flaumar skal øydeleggje avlingane.
Eigaren av kraftverket, Dalane Kraft, ser også at det kan få konsekvensar for inntektene sine. Meir vatn i sideelva betyr mindre vatn i kraftstasjonen.
Og tillegg vil lakseentusiastane at kraftverkseigaren skal betale ein god slump av kostnadene med gjenopninga av Slevelandsåne.
Dagleg leiar Rune Hetland er likevel ikkje heilt negativ.
– Det har me vist med å vera initiativtakar til å opprette ei arbeidsgruppe der kommune, grunneigarar, elveeigarlaget, statsforvaltaren og oss sjølv, seier Hetland.
Det er derfor Trond Austrheim er ute på elektrofiske i dag. Han skal påvise at det er småfisk av laks i Slevelandsåne. Laks som vil gå vidare oppover i vassdraget, dersom han får sjansen.
Fangsten etter ein times innsats er Austrheim godt nøgd med. 37 småfisk på 100 kvadratmeter elvestrekning. Dei aller fleste er lakseungar.
Vil gjere ein stor forskjell
– Slepp laksen gjennom sideelva så kan den gå minst 25 kilometer vidare oppover dalen, slår leiar i Eigersund og Helleland elveeigarlag, Ståle Svalestad fast.
Då opnar det seg lange elvestrekk som er lett tilgjengelege for laksefiskarar, fordi elva renn på sida av vegen store delar av strekninga.
Svalestad viser til ei undersøking som forskingsinstituttet Norwegian Research Center, (Norce) har gjort på vegner av elveeigarlaget.
I dag går det gjennomsnittleg 250 laks opp i løpet av sesongen. Med 25 kilometer ekstra aukar talet til mellom 1300 og 2000 laks, ifølge Svalestad.
Publisert 26.09.2024, kl. 05.24