Slår alarm om at jerven kan ha drepe 650 lam i år: – Ein massakre

1 week ago 8


Søte, små lam som sprett rundt på beite er eit sikkert vårteikn mange stader i landet. I Fjord kommune på Sunnmøre har det blitt eit mareritt.

For berre i år har jerven forsynt seg med 650 av lamma, ifølgje teljingane til næringa sjølv.

– Beitesesongen skal vere årets høgdepunkt både for folk og dyr, men så endar det opp med å bli ein massakre, seier Kristin Gilje Sandnes. Ho er rovdyransvarleg i Møre og Romsdal bondelag.

Video: Tone Grønningsæter og Ivar Sommer Od

Like mange som i resten av landet til saman

Ifølgje Bondelaget har jerven tatt livet av like mange lam berre i dei to nabokommunane Fjord og Rauma – som i heile resten av landet til saman.

Kvar sommar blir sauene sleppte opp i beiteområde i fjellet. Men færre og færre kjem heim.

Kristian Indreeide er sauebonde i Eidsdal og har mista mange dyr til jerv

Kristian Indreeide er sauebonde i Fjord. Han har aldri før sakna så mange lam etter beitesesongen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Kristian Indreeide sleppte 227 lam på fjellet tidlegare i år. 126 av dei kom aldri ned att.

– Det er staurhakkande gale. Du blir heilt apatisk, du får ikkje gjort noko, du greier ikkje å hindre det, seier han.

– Men er du sikker på at jerven har tatt alle?

– 99 prosent sikker, eg har trass alt funne åtte kadaver, der jerv har gjort skade, seier han.

Bilda under viser korleis bøndene finn igjen sauene sine på beite. NB: Vi åtvarar om groteske bilde.

Krev at fleire jerv blir skotne

No krev bøndene at det blir lov å hente fram geværa og skyte fleire jerv.

Jervebestanden har auka kraftig dei siste åra. Berre i fjor blei det registrert 64 nye jervekull, dette er langt fleire enn det Stortinget har fastsett.

Tysdag møtte landbruksministeren bønder frå Møre og Romsdal og Innlandet på Åndalsnes. Han seier historiene om alle lamma som er drepne, gjer inntrykk.

Møte mellom sauebønder og landbruksministeren

Bønder møtte tysdag landbruksministeren i Rauma.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Dersom vi framleis skal ha beitedyr og avgrense tapet til rovdyr, må vi redusere trykket frå rovdyra, vi må ha færre jerv i området, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).

Bøndene bad om lovnader om konkrete tiltak, det fekk dei ikkje.

Geir Pollestad

Geir Pollestad (Sp) er landbruks- og matminister.

Foto: Remi Sagen / NRK

Vil ikkje gje seg

For gardbrukar Kristian Indreeide er det ikkje noko alternativ å slutte som bonde, men han kjenner fleire andre som vurderer det.

Bondelagsleiar Kristin Gilje Sandnes seier herjingane til jerven går på helsa laus for eigarane, og har ført til at fleire bønder no er sjukmelde.

– Turane på fjellet handlar om å finne kadaver og finne dyra sine ihelrivne, det er klart at det går inn på folk, seier ho.

Publisert 27.09.2024, kl. 05.39

Read Entire Article