Skulle vera trygt område – minst 25 drepne i teltangrep

5 months ago 39


Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Sist oppdatert: 22.6.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. 287 israelske soldater har blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

Al-Mawasi, den vesle byen vest frå Rafah, skulle vera eit trygt område på Gazastripa. Det er her, i ein teltleir, mange palestinarar oppheld seg. På flukt i sitt eige land.

Fredag angreip Israel teltleiren, ifølgje palestinske helsestyresmakter. Minst 25 blei drepne og 50 skadde, seier redningsarbeidarane og helsestyresmaktene i området.

Bilde frå teltleiren laurdag morgon viser utbrente telt og blodflekkar på bakken.

Røyken stig frå bakken dagen etter angrepet på teltleiren i Al-Mawasi.

Røyken stig frå bakken dagen etter angrepet på teltleiren i Al-Mawasi.

Ein mann går forbi eit utbrent telt i  Al-Mawasi.

Ein mann går forbi utbrende telt i Al-Mawasi.

Blodflekkar på bakken dagen etter angrepet på teltleiren i Al-Mawasi.

Blodflekkar på bakken dagen etter angrepet på teltleiren i Al-Mawasi.

Eit vitne Reuters har snakka med fortel at israelske styrkar fyrte eld mot teltleiren frå to stridsvogner.

Det israelske militæret seier at dei undersøker hendinga. Samstundes uttaler dei at «ei innleiande undersøking tyder på at det ikkje er nokon indikasjonar på at eit angrep blei utført av IDF i det humanitære området i Al-Mawasi».

Sterke reaksjonar etter teltangrepet i Al-Mawasi fredag.

Sterke reaksjonar etter angrepet i Al-Mawasi fredag.

Foto: Mohammed Salem / Reuters

45 drepne i angrep fredag

Tidlegare sa IDF at styrkane deira utførte «presise, etterretningsbaserte» aksjonar i Rafah-området.

Palestinske helsemyndigheiter seier at minst 45 palestinarar blei drepne ulike angrep på Gazastripa fredag.

Sørgjande har samla seg rundt lika av tre palestinarar som blei drepne i angrepet mot teltleiren i Al-Mawasi.

Sørgjande har samla seg rundt lika av tre palestinarar som blei drepne i angrepet mot teltleiren i Al-Mawasi.

Foto: Mohammed Salem / Reuters

Den internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC) seier kontoret deira i Rafah fekk skadar frå tunge prosjektil i eit angrep fredag. I ei melding på X skriv dei at 22 lik blei sendt til eit Røde Kors-feltsjukehus i nærleiken av angrepet.

Hundrevis av fordrive bur i telt rundt kontoret som fekk skadar i fredagens angrep.

Blir drivne på flukt igjen og igjen

Israel lova lenge at Rafah skulle vera ei trygg sone. Over 1,1 millionar palestinarar flykta difor dit frå angrepa lenger nord på Gazastripa.

Gazastripa er nesten heilt lukka. All flukt må skje innanfor dei strengt vakta grensene.

Flykte sørover. 13. oktober fekk éin million menneske beskjed om å forlate Nord-Gaza. Israel førebudde ein bakkeinvasjon av Gaza by.

Fleire hundre tusen flykta til byane i sør. Omtrent over natta meir enn dobla folketalet i byen Khan Younis seg.

Men snart får dei nye ordre om å flykte endå lenger sør. Khan Younis, som Israel kalla ei «trygg sone» i oktober, er blitt ein «farleg kampsone».

Samstundes blei palestinarar i nord isolerte. I mars stod den israelske Netzarim-korridoren klar, og deler Gaza i to. Det israelske forsvaret har bygd passasjen til militær bruk.

I mai fekk rundt 300.000 menneske i nord, beskjed om å flykte mot kysten i vest. Samstundes fekk nær éin million menneske i Rafah i sør, ordre fra IDF om å reise til al-Mawasi eller tilbake til Khan Younis.

Kartdata fra OpenStreetMap

Dei siste dagane har israelske stridsvogner rykka endå lenger inn i Rafah. Samstundes held angrepa frå lufta fram.

Stadig fleire flyktar frå byen, som for nokre månadar sidan husa over halvparten av Gazas 2,3 millionar innbyggjarar. No reknar ein at berre 65.000 er tilbake.

Dei andre er på nytt drivne på flukt. Mange av dei lever under svært vanskelege forhold blant krigsruinar i byen Khan Younis om lag ei mil lenger nord.

Palestinarar i teltleiren Al-Mawasi, vest i Rafah, sør på Gazastripa.

Palestinarar i teltleiren Al-Mawasi, vest i Rafah, sør på Gazastripa.

Foto: Mohammed Salem / Reuters

Agmed Byram som jobbar i Flytktninghjelpen i regionen seier til NTB at dei fleste som er fordrive frå Rafah no er pressa saman i raserte nabolag.

– Hovudsakleg i Khan Younis og Deir al-Balah, eller i overfylte leirar i Al-Mawasi der born må sova i sanda i fukt eller brennande hete, seier han.

– Gaza sine innbyggjarar er kort sagt pressa saman i område som anten er for farlege eller for overfylte, seier han.

Fleire teltangrep

Det internasjonale samfunnet, blant anna FNs øvste domstol ICJ, har pålagt Israel å stansa angrepa i Rafah.

Likevel har Israel gjennomført fleire angrep mot teltleirar i det sørlege området på Gazastripa.

Bildet er tatt 18. mai. Viser palestinarar som stormar lastebil fylt med naudhjelp.

Bildet er tatt 18. mai. Desperasjonen aukar i Gaza og lastebilar med naudhjelp risikerer å bli stansa og plyndra.

Foto: Abdel Kareem Hana / AP

Førre helg varsla Israels forsvar ein såkalla «taktisk pause» i offensiven sør på Gazastripa for å sleppa inn meir humanitær hjelp.

Både Verdas helseorganisasjon (WHO) og FNs matvareprogram (WFP) seier at den lova «pausen» ikkje har resultert i meir naudhjelp til Gaza.

Publisert 22.06.2024, kl. 10.08

Read Entire Article