Skuldingar om dekktriksing vekker oppsikt: – I sporten sin natur å tøye reglane

2 weeks ago 9


– Det ligg i sporten sin natur å tøye reglane, seier Viaplay-kommentator Atle Gulbrandsen om Red Bull-skuldingane.

Red Bull skal ifølgje fleire medium mistenke hovudrival McLaren for å fylle dekka med vatn eller anna væske for å avgrense temperaturen i dekka under løpa.

Det er anerkjente Auto Motor und Sport som melder dette. Det same gjer nederlandske Telegraaf.

Potensielt vil ein lågare temperatur forhindre slitasje og tillate ein høgare fart over tid, men metoden – om mistankane stemmer – er ikkje tillatne i Formel 1.

Regelboka seier at berre luft eller nitrogen kan fyllast i dekka og at det ikkje er tillate å bruke andre stoff for å redusere fukt.

– Vi er ved innspurten av ein verdsmeisterskap. Da er laga villige til å sjå etter alle smotthol og dei er også opptatte av å melde frå om mistenkeleg verksemd hos andre lag, forklarer Viaplays Gulbrandsen.

Atle Gulbrandsen

FORKLARER: Atle Gulbrandsen meiner dei siste hendingane er eit resultat av at ein er i innspurten av Formel 1-sesongen.

Foto: Lise Åserud / NTB

FIA har bekrefta at dei undersøker skuldingane, mens dekkleverandør Pirelli skal ikkje ha oppdaga noko unormalt i dekka.

Fleire skuldingar

Max Verstappen (Red Bull) og Lando Norris (McLaren) kjempar om VM-tittelen med fire løp igjen av sesongen.

McLaren leier konstruktørmeisterskapen med 581 poeng føre Ferrari (547) og Red Bull (518).

Mistankane om ulike former for skittent spel har vore ein gjengangar mellom dei to storlaga dei siste månadene.

  • Red Bull var misfornøgd med at bakvingen til McLaren var for fleksibel i Baku (15. september). Dei blei bedne om å endre det av FIA.
  • McLaren meinte nokre veker seinare Red Bull hadde ein funksjon som gjorde at enkelt kunne endre høgda på bilen. Det er ikkje tillate mellom kvalifisering og løp. FIA meinte det ikkje var brote nokon reglar, men tok grep for å utelukke moglegheita.

    Italy F1 GP Auto Racing

    STORT MANNSKAP: Denne gjengen skal sørge for at alt ligg til rette for eit godt løp for McLaren.

    Foto: {byline} / AP

Gulbrandsen trur dei siste skuldingane kan gå inn i same kategori, som resulterer i åtvaringar i staden for strenge straffer.

– Ofte kan ein ikkje bevise slike ting. Ingen blei tatt for dei andre skuldingane da det blei sjekka i helga, og da kjem det ei melding frå FIA (Motorsportforbundet) om at det ikkje er funne noko, seier Viaplay-kommentatoren.

Han påpeikar uansett at dersom nokon faktisk fyller dekka med væske, vil det vere eit stort konkurransefortrinn.

– Dei vil få ei kjølande væske for at dekka ikkje skal bli for varme. Viss ein på éin eller annan måte får lågare temperatur i dekka, så er det ein kjempefordel, seier Gulbrandsen.

Red Bull i trøbbel

Som nemnt er det Red Bull og McLaren som kjempar om tittelen i førarmeisterskapen med Verstappen og Norris som leiande førarar.

– Red Bull har tapt mykje i konstruktørmeisterskapen og er nede på tredjeplass. Konstruktør-VM avgjer utbetalingane laga får når sesongen er ferdig, og det skil 200 millionar kroner i pengepremiar frå første til tredjeplass, seier han og fortset:

– Motorsport skil seg ut frå andre idrettar når det gjeld å tøye regelverk. Blir du tatt for juks er det utruleg strenge straffar. Men det som er med motorsport er at det er ein materialsport og det ligg i naturen deira å finne smotthol.

Søndag skal Verstappen prøve å forsvare leiinga i førarmeisterskapen i Brasil. Han får likevel knalltøft utgangspunkt når han startar som nummer 17 i hovudløpet. Norris startar i fremste startspor.

Publisert 03.11.2024, kl. 15.52 Oppdatert 03.11.2024, kl. 15.54

Read Entire Article