Skrev norsk idrettshistorie framfor superkjendisar: – Kjempebra for sporten

3 months ago 31


Kva har Ariana Grande, Snoop Dogg, Ryan Gosling og Kendall Jenner til felles?

Dei har alle hasta til Paris for å bli med på den pågåande idrettsfesten, og dagens dressurfinale var på ingen måte fri for Hollywood-heltar.

– Det er kjempebra for sporten, seier Isabel Freese til NRK.

Søndag skreiv ho norsk OL-historie framfor stjerner som Ryan Gosling og Eva Mendes, då ho blei nummer 10 i dressurfinalen i Paris. Det var første gong i moderne historie at ein norsk ekvipasje har kvalifisert seg til OL-finalen i dressur.

Freese var svært fornøgd med at kjendisane var på plass:

– Det er gøy, for det blir bra fokus på sporten, meiner Freese.

Ryan Gosling på dressur

PÅ PLASS: Ryan Gosling på søndagens dressurfinale

Eva Mendes på dressur

PÅ PLASS: Eva Mendes på dressurfinalen søndag

Sharon Stone tar selfie med publikum under tennisfinalen i OL

PÅ PLASS: Sharon Stone på søndagens tennisfinale

Travolta

PÅ PLASS: John Travolta på søndagens tennisfinale

Fall framfor Tom Cruise

Og dressurarenaen framfor det mektige slottet i Versailles er på langt nær det einaste staden stjernene har dukka opp.

Særleg turnhallen har krydd av store namn, noko 17 år gamle Ruby Evans verkeleg fekk kjenne på.

Ruby Evans i aksjon under OL i Paris

FALL: Ruby Evans fall ned frå eit av apparata, rett føre kjendisane.

Foto: Hannah McKay / Reuters

Under kvalifiseringa fall nemleg den britiske tenåringsturnaren rett føre Tom Cruise, og resten av kjendiseliten.

– Hæ, eg visste ikkje eingong at dei var her, og no har dei sett meg tryne, sa ho til pressa etterpå.

– Det er stort, fortsette ho.

Superstjernene var der truleg for å heie fram USAs Simone Biles. Amerikanaren har skrive historie og stukke av med mange av overskriftene under det pågåande OL-et.

Artistic Gymnastics - Women's Team Final

KJENDISMAGNET: Når Simone Biles er i aksjon i Paris er kjendisfaktoren høy på tribunen.

Foto: Hannah McKay / Reuters
Artistic Gymnastics - Women's Team Final

GLAD I BILES: NFL-spilleren Jonathan Owens var selvsagt på plass for å heie på kona i turnhallen.

Foto: Mike Blake / Reuters
Artistic Gymnastics - Women's All-Around Final

HEIA HEIA: Kendall Jenner applauderer sin landskvinne.

Foto: Paul Childs / Reuters
 Artistic Gymnastics - women's qualification competition, preliminary round

ARTIST: Ariana Grande var på plass på åpningsseremonien, og ville også få med seg Simone Biles i turnhallen.

Foto: LOIC VENANCE / AFP
Artistic Gymnastics - Women's Qualification - Subdivision 1

OVERKOMMELIG OPPDRAG: Skuespiller Tom Cruise er kjent fra blant annet Mission: Impossible-filmene, men å komme seg til turnhallen var mer overkommelig.

Foto: Hannah McKay / Reuters
Artistic Gymnastics - Women's Qualification - Subdivision 1

POPULÆR: Tom Cruise var nesten like populær som Biles i turnhallen.

Foto: Athit Perawongmetha / Reuters
Paris Olympics Artistic Gymnastics

ARTIST: John Legend så Biles i Paris sammen med kona Chrissy Teigen.

Foto: Charlie Riedel / AP

Tok selfie med Snoop Dogg

Tilbake på dressurbanen er Freese open om at ho ikkje blir påverka noko særleg av å ha så store namn på tribunen, utover det at ho meiner det gir viktig merksemd til sporten.

Dei siste to timane før eg byrjar å ri går eg inn i ein slags tunnel og er veldig fokusert på meg sjølv, så klart, seier ho, før ho erkjenner at kjendisnivået i Paris er meir enn ho er vand til:

– Det er ulikt frå stemne til stemne, men det er ein del fotballkjendisar og sånn, som har kjærastar eller koner som rir, men det her er ein klasse for seg.

Paris Olympics Torch Relay

FLAMME-SNOOP: Snoop Dogg fikk mye oppmerksomet da han bar OL-ilden. Det var bare starten på et innholdsrikt OL.

Foto: Aurelien Morissard / AP
Snoop Dogg på åpningsseremoni

GULL-SNOOP: Snoop Dogg med passende briller og jakke under åpningsseremonien.

Foto: Rebecca Blackwell / AP
Snoop Dogg i svømmehallen

SVØMME-SNOOP: Den amerikanske artisten avbildet i kommentatorboksen under svømmingen i Paris.

Foto: MANAN VATSYAYANA / AFP
Snoop Dogg på turn

TURN-SNOOP: Snoop Dogg var en av mange som så Simone Biles konkurrere i Paris. Legg merke til den spesiallagde jakken.

Foto: Charlie Riedel / AP
Snoop Dogg på rullebrett

«HOT DOGG» : Snoop Dogg var godt innpakket og hadde med håndvifte da han bevitnet mennenes rullebrettfinale i Paris.

Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / AFP
Beach Volleyball - Women's Preliminary Phase - Pool C - United States vs France (Hughes/Cheng vs Vieira/Chamereau)

SANDVOLLEY-SNOOP: Snoop Dogg heiet entusiastisk på de amerikanske sandvolleyballkvinnene.

Foto: Dylan Martinez / Reuters
 JUDO OLY PARIS 2024  JUDO OLY PARIS 2024

ALPELUE-SNOOP: Snoop Dogg stilte med alpelue da han gjestet judokonkurransen.

Foto: JACK GUEZ / AFP
Equestrian - Dressage Team Grand Prix Special

RYTTER: Snoop Dogg byttet alpelue med hjelp da han dukket opp på Versailles for å se dressurridning.

Foto: TT News Agency / Reuters
Equestrian - Dressage Team Grand Prix Special

DOGG MØTER HEST: Snoop Dogg fikk til og med fore en av de amerikanske hestene med en gulrot.

Foto: Lukasz Kowalski / Reuters
Paris Olympics Fencing

JUBEL: Snoop Dogg var på plass da USAs fektere vant mennenes lagkonkurranse i florett.

Foto: Andrew Medichini / AP

Den amerikanske rapparen Snoop Dogg har vore på ei rekke OL-arenaer, inkludert dressurbanen:

– Hestepassaren min møtte han, og han eine som rir for India hadde fått selfie med han. Så han sa «ååå, sjå på dette her». Han var rett oppi vegen her, men eg fekk det ikkje med meg, dessverre, seier Freese.

Ute av OL etter «utstyrstrøbbel» 00:58

Publisert 04.08.2024, kl. 17.39

Read Entire Article