Skogbrannar i Amazonas fører til enorme utslepp

2 months ago 14


Denne veka la EUs klimaovervakingsteneste Copernicus fram nye tal for utsleppa etter skogbrannane i Brasil.

Hittil i år har flammar slukt 113.960 kvadratkilometer av landet, eit område på størrelse med Bulgaria.

Mange av brannane er påsette, men dei vert kraftigare og kjem ut av kontroll grunna klimaendringar, meiner forskarar.

Brannmann i verneutstyr forsøker å slukke stor oransje flamme

Brannfolk har kjempa mot flammane i veksesvis i Brasil.

Foto: Eraldo Peres / AP

Fleire skogbrannar enn normalt

Talet på skogbrannar er utanom det vanlege, trass i at perioden juli til september er den med flest skogbrannar. Det skriv Copernicus i ein ny rapport.

– I 2024 har skogbrannaktiviteten i Sør-Amerika vore merkbart over gjennomsnittet, særleg i Amazonas-regionen og i Pantanal-området, seier seniorforskar Mark Parrington.

Det har vore 346.112 brannar i Sør-Amerika til no i 2024, viser satellittdata frå romforskingsinstituttet Inpe i Brasil. Det er meir enn i rekordåret 2007.

Nasa sitt kart over skogbrannar i Sør-Amerika er nesten heile området farga raudt. Særleg er Brasil og nabolandet Bolivia hardt ramma.

Nasas kart over branner på minst 30x30 meter den siste uken viser et kontinent i brann.

Grafikk: Nasa

Enorme utslepp

Utsleppa i Brasil er så langt i 2024 på rundt 183 millionar tonn karbon, ifølge Copernicus sitt estimat. Det er langt over snittet for det som er normalt, skriv dei i rapporten.

Berre september åleine månaden det har herja flest skogbrannar sto for 65 millionar tonn av utsleppa i landet.

Det er meir enn Noreg sitt klimagassutslepp i heile fjor.

Silhuetter omgitt av gul røyk

I fleire veker har delar av Amazonas stått i brann.

Foto: Eraldo Peres / AP

Ekstreme temperaturar og langvarig tørke har ført til at utsleppa er så høge, ifølge Copernicus.

Forskarar i Sør-Amerika trekk også fram avskoging som ei årsak til utsleppa, melder AFP. Amazonas har sidan 80-talet mista eit område på storleik med Tyskland og Frankrike kombinert grunna avskoging. Det har ført til auka fare for tørke og brann, sa forskarane til AFP.

Lufta vert også dårleg og forureina etter veker med brann.

– Røyktransporten har hatt konsekvensar langt utanfor områda det har brent, til og med over Atlanterhavet, seier Parrington i Copernicus.

Wildfires in an area of Burle Marx Park in Brasilia

Store område av nasjonalparken utanfor hovudstaden Brasília er forvandla til oske.

Foto: Adriano Machado / Reuters

Ukjend terreng

Skogbrannane påverkar klimaet i regionen, opplyser klimaforskar Rasmus E. Benestad ved Meteorologisk institutt.

– Brannane aukar CO2-nivået, i tillegg til at dei forureinar lufta med sotpartiklar og andre gassar, seier han.

Sotpartiklane stoppar sollys, gjer at lufta over bakken vert varmare og påverkar både temperaturen og nedbøren. I tillegg held bakken lite på fukt når skogen er brent ned, og brannar kan spreia seg raskare, forklarar han.

Klimaforsker Rasmus Benestad

Klimaforskar Rasmus E. Benestad seier brannane i Amazonas har store konsekvensar for økosystema.

Foto: Philippe Bédos Ulvin / NRK

Samanlikna med det globale utsleppet av fossilt brensel, er karbonutsleppa frå brannane i Brasil relativt små, ifølge klimaforskar Glen Peters i Cicero.

Likevel fører klimaendringar og dårleg forvalting av skogområda til at brannane kan bli større og vanskelegare å handtera.

Peters legg til at me er på veg inn i ukjend terreng, fordi forskinga enno ikkje viser alle konsekvensane av brannane.

– Me har ikkje nok data til å vita kor mykje desse brannane kan skada vegetasjonen og avgrensa gjenveksten, og me veit ikkje om skogane vil komma seg etter meir intense og hyppige brannar, seier han.

Presidenten lovar tiltak

Høgsterett i Brasil har samanlikna skogbrannane med ein pandemi og bede regjeringa i landet om å komma med umiddelbare tiltak.

I São Paulo har klimaaktivistar tatt til gatene for å demonstrera for klimaet. Byen hadde den nest dårlegaste luftkvaliteten i verda fleire dagar i september.

Ein aktivist med gassmaske held opp eit gult flagg med teksten Brazil on fire

Klimaaktivistar protesterer mot klimaendringane som fører til fleire skogbrannar i Brasil.

Foto: Felipe Iruata / Reuters

President Luiz Inácio Lula da Silva lova å ta situasjonen på alvor, då han besøkte Amazonas tidlegare i september.

– Me tar behovet for å kjempa mot tørke, avskoging og brannar svært alvorleg, sa han.

Publisert 24.09.2024, kl. 11.47

Read Entire Article