Skistjerna har store søvnproblem: – Ein blir nesten galen av det

4 months ago 48


Ein blir nesten galen av det til tider, seier ei openhjarta Anne Kjersti Kalvå.

Enda søvn er livsviktig for alle. Likevel slit ein tredel av den norske befolkninga med søvnproblem.

Det er klart, når det er konstant for lite søvn over lang, lang tid, vil det heilt klart påverke prestasjonane. Ganske mykje òg, faktisk, seier Tomas Myklebust, som er psykolog, spesialist i klinisk nevropsykologi og pedagog.

Kalvå er ein av dei som har slite i fleire år. Men ho lev også av å gå på ski. Difor er søvn avgjerande for korleis ho presterer.

Er det nokre episodar kor du har kjent skikkeleg på det?

I dei verste rundane eg hadde er det som om eg lukkar auga, men så står dei på vidt gap og tunga er anstrengd i ganen. Eg får ofte ei strofe av ein song på repeat i hovudet heile tida. Eg har ikkje sjanse til å finne roa. Då har eg berre prøvd å distrahere meg sjølv frå strofa og anstrengtheita, fortel ho.

Forferdeleg

Søvnekspert Myklebust gjesta nyleg podkasten «Skiklubben», kor han snakka om viktigheita av kvile og søvn for blant anna toppidrettsutøvarar.

Den kjensla ein får, når ein går over lengre periodar utan å sove, er jo forferdeleg. Det å ta frå folk søvnen blir faktisk brukt som eit torturmiddel, så det er jo ei heilt forferdeleg kjensle, seier Myklebust.

Myklebust

SØVN ER AVGJERANDE: Tomas Myklebust er psykolog, spesialist i klinisk nevropsykologi og pedagog. Han har også skrive boka «Kvil deg sterk».

Foto: Cecilie Hatløy Møre

Han held fram:

– Eg har snakka med folk som har lyst til å dunke hovudet i veggen for å slå seg sjølv i svime. Rett og slett fordi dei er så slitne av å ikkje få sove, seier han.

Søvn er ekstremt avgjerande på tre nivå, forklarar Myklebust. Både for hjernen vår, det fysiske og kroppslege, men også det psykiske.

Det sistnemnde er spesielt viktig for toppidrettsutøvarar med eit ønske om å prestere. For lite søvn gjer oss rett og slett defensive. Og Myklebust forklarar på kva måte:

Det vil seie at me får dårlegare sjølvtillit, me stolar ikkje på eigne evner, og me tar val som er prega av at me eigentleg treng kvile. Derfor trekk me oss tilbake og kastar oss ikkje ut i utfordringar med like stor entusiasme. Me brukar meir energi på å unngå å bli slitne, enn å møte utfordringar, forklarar Myklebust.

For ein toppidrettsutøvar, som er avhengig av å pushe seg sjølv på trening og spesielt i konkurranse, så er den defensiviteten, som kjem som eit resultat av lite søvn, eit kjempestort handikap, understrekar han.

Må justere treninga og kutte ned på å vere sosial

Kalvå veit at søvn er avgjerande for at ho skal kunne restituere seg etter treninga. Det er også avgjerande for å halde seg frisk.

hETHmmtNGu8

DÅRLEGE PERIODAR: Anne Kjersti Kalvå har framleis dårlege periodar der ho slit med søvn.

Foto: NTB

Difor blir frustrasjonen desto større når ho tidvis ligg vaken heile natta.

Eg prøvar å jobbe meg gjennom det, seier ho og fortset:

For meg har redninga stundom vore at eg på dagtid, og framfor Tv-en, får meg ein time eller to på auget, fortset ho.

Korleis kjennest det i ein dårleg periode?

Du blir sliten, med underskot på det meste. Det kjennest ikkje noko godt når du så vidt har sove om natta og veit at du skal ut og trene i fem timar. «Korleis skal eg klare å restituere meg gjennom det, når eg er på minussida når eg står opp?» spør Kalvå retorisk.

I dei verste periodane har ho måtte justere treninga. Ho har også kutta ned på å vere sosial.

Får hjelp av legar

Kalvå sine søvnproblem var størst for nokre år sidan. No har ho fått hjelp frå både lege og Olympiatoppen.

Men dersom det er heilt krise må ho likevel ty til medisinar.

Det er framleis periodar kor det kan vere litt vanskeleg.

8Lo_1M1lLL0

FÅR STØTTE: Anne Kjersti Kalvå har delt utfordringane med lagvenninnene.

Foto: NTB

Kor stressa og desperat blir ein då?

Om det går føre seg over lengre tid, blir ein påverka av det, seier ho.

Myklebust fortel at bruk av sovemedisinar ikkje er optimalt, sidan det hindrar kroppen i å regulere kor mykje søvn ein trengjer på ein naturleg måte.

Innimellom kan det vere nyttig for å få kvilt, eller for å få kopla av. Men bruker ein det over tid, vil det heilt klart gå ut over prestasjonen, seier han.

Kalvå påpeikar at ho no har klart å tileigne seg gode rutinar. På treningssamlingar og under verdscuprenn har ho blant anna ei fast romvenninne. Noko som har hjelpt.

Ein må berre finne nokre tips og triks, som gjer at det er leveleg, seier ho.

Publisert 16.07.2024, kl. 16.35

Read Entire Article