Å vere vakker er vegen til lykke. Det er i alle fall ei oppfatning dei fleste har.
Attraktive menneske gjer det gjerne betre på jobbmarknaden, tener meir og har ei rekke andre fordelar i livet.
Men no røskar forsking opp i dette inntrykket.
Det viser seg at eit fint ytre lettare fører til risikoåtferd blant unge. Jo meir attraktiv ein ungdom er, jo større er sjansen for at vedkommande festar og drikk meir enn andre.
– Å begynne å drikke tidleg aukar risikoen for alkoholproblem seinare i livet, seier professor Colin Peter Green ved Institutt for samfunnsøkonomi ved NTNU.
I studien «Beauty, underage drinking, and adolescent risky behaviours» har han og kollegaer frå Storbritannia og Tyskland sett på korleis skjønnheit kan framme risikofylt åtferd som drikking, røyking, narkotika, ubeskytta sex og uønskte tenåringsgraviditetar.
Dette er den første studien som undersøker samanhengen mellom utsjåande og risikofylt åtferd, ifølge nettmagasinet Gemini.
Avslappa forhold til eige utsjåande
– Det kan jo hende at nokon drikk meir berre for å bli invitert.
Vilde Evjen (25) frå Gravdal i Lofoten tenkjer seg om. Ho sit på kafé med venninna Ronja Ernstsen Eriksen (25) som er heime på sommarferie.
– Eg følte meg ikkje så sjukt attraktiv på vidaregåande. Det var ikkje eit stort fokus eller eit press. Det har eg heller ikkje kjent på sidan.
I sommar er det seks år sidan dei gjekk ut frå Idrettsfag på vidaregåande skule.
– Dei vi hang med var ikkje så opptatt av utsjånad, og derfor følte vi ikkje det same som mange andre kanskje gjer. Også endrar det seg jo veldig etter kva samfunnet ser på som pent eller attraktivt, seier Ronja.
Dei er einig om at dei alltid har hatt eit avslappa forhold til eige utsjånad og «attraktivitet»
– Eg er usikker på om attraktivitet handlar om kor mykje ein drikk eller ikkje. Mange får litt ekstra sjølvtillit med å drikke, og det fører til meir stadfesting gjennom større nettverk, fleire invitasjonar og kommentarar.
Vilde nikkar bekreftande.
– Eg trur ikkje det handlar om du er pen, korleis miljø du hamnar i eller korleis type risiko du tar, det handlar like mykje om personlegdom.
Vel risikoåtferd som er kul
Ifølge Colin Peter Green ved NTNU betyr utsjånad mykje for kva ungdommane vel å utsette seg for. Det gjeld begge kjønn. Likevel ser det ut til at dei mest attraktive jentene har ein større tendens til å drikke meir enn dei mindre attraktive vennane sine.
– Vi finn noko bevis på at desse attraktive ungdommane har eit problem med alkohol når dei kjem i alderen 25 til 30 år, seier Green.
Fin ungdom valte også risikoåtferd som var oppfatta som «kul», mens dei haldt seg unna det som var sett på som «ukult», som uønskte graviditetar og narkotikamisbruk.
Grunnen til at Green og kollegaene ville undersøke dette, var at dei ville forstå meir av kva som styrer vala til dei unge og forstå drikkevanane til deira.
Men i studien såg dei også på korleis popularitet, sjølvtillit, sjølvrespekt og personlegdomstrekk påverkar handlingane til ungdommane.
– Attraktive ungdommar som har dårleg sjølvtillit, låg eigenverdi eller kjem frå ein ustabil heim, har ein større tendens til å drikke meir og ha anna dårleg åtferd, seier Green.
Studien konkluderer difor med at å bygge opp tryggleik, sjølvtillit og eigenverd frå barneåra er viktig for å fremje helsa til unge og førebygge ulykkelege livsløp.
Sjølvtillit er attraktivt
Tilbake på kafébordet hos Vilde og Ronja går praten. Resultata frå studien bekreftar noko av det venninnene har lagt merke til.
– Vi kjenner jo til at noen dei som kanskje blei sett på som veldig attraktiv på vidaregåande har hamna i eit anna type miljø i dag, med misbruk av rus og alkohol. Dei kunne gjerne vere populære, skoleflink og ha godt nettverk, fortel Vilde.
Pent utsjånad eller ei, dei trur at det meste handlar om sjølvtillit.
– Det handlar om korleis du tar rommet, kven du er og korleis du opptrer. Det er ikkje slik at du automatisk er eller blir attraktiv berre basert på utsjånad.
Dei to møtes heller på kafé enn for å drikke alkohol saman. Skal vennegjengen møtast i feriar, merkar dei at fleire har behov for ei roleg kveld heime med gode samtalar framfor å feste på byen.
– Vi har blitt eldre, vi og. Før handla det kanskje meir om utsjånad, men no er det verdiar og kvalitetar som gjeld, og kjem før noko anna. Du kan gjerne sjå ut som du vil, men trivst du ikkje saman med ein person, så funkar det ikkje, seier Ronja.
Publisert 29.06.2024, kl. 21.13