Skal stemme om Musk skal få utbetaling på 477,5 milliardar

5 months ago 40


Skal Elon Musk få ein lønspakke på 477 milliardar kroner?

Det er spørsmålet aksjeeigarar i Tesla skal stemme over torsdag kveld, under generalforsamlinga i selskapet.

Det norske Oljefondet har allereie varsla at dei vil stemme nei, fordi dei meiner pakken er uforholdsmessig stor.

Elon Musk ved ein test-tunnell i Boring Company i Hawthorn sør for Los Angeles i desember 2018. Musk står i rutete skjorte over mørk T-skjorte og bukse. Han holder en mikrofon og står foren en tunnell med blått lys.

Elon Musk ved ein test-tunnel i Boring Company i Hawthorn sør for Los Angeles i desember 2018

Foto: by Robyn Beck / AFP / NTB

Saka har òg vore innom rettsvesenet i USA éin gong. Truleg vert det fleire rundar.

Men kva handlar denne saka – og alle desse pengane – eigentleg om?

Søksmål og rettssak

Det heile byrja i 2018. Då hadde generalforsamlinga i Tesla godkjent ein lønspakke til grunnleggaren.

Reuters beskriv pakken slik: Musk skulle få aksjar verde cirka ein prosent av eigenkapitalen til Tesla kvar gong dei nådde eitt av fleire mål selskapet hadde sat.

Det likte ikkje aksjeeigaren Richard Tornetta. Han meinte det var urettferdig at Musk skulle få så mykje pengar.

Difor saksøkte han Musk og fleire andre direktørar i Tesla.

 Tesla Inc CEO Elon Musk attends an opening ceremony for Tesla China-made Model Y program in Shanghai

Tesla har gjort Elon Musk både steinrik og berømt. Her er han under ei lansering av Tesla modell Y i Shanghai i 2020.

Foto: Aly Song / Reuters

Ei stund hadde pakken ein antatt verdi på cirka 56 milliardar amerikanske dollar, eller svimlande 594 milliardar norske kroner, ifølgje nyheitsbyrået.

No er pakken «berre» verdt 45 milliardar dollar, eller rundt 477 milliardar norske kroner, ifølgje New York Times.

Generalforsamlinga i Tesla godkjende pakken. Likevel fekk ikkje Musk noko pengar, for saka enda opp i rettsvesenet i Delaware i USA.

Elon Musk teikna i retten i Delaware i november 2022. 

Elon Musk teikna i retten i Delaware i november 2022. 

Foto: Elizabeth Williams / AP / NTB

Der sette dommaren ned foten.

Dommar Kathaleen McCormick erklærte lønspakken ugyldig. Ho meinte summen var «ufatteleg» og ikkje rettferdig overfor aksjeeigarane.

Ho meinte dessutan at Musk i stor grad hadde bestemd vilkåra for pakken sjølv, fordi styret mellom anna bestod av broren hans og nære venar, skriv New York Times.

Eit nytt forsøk

Men kampen er ikkje over, for dommen er anka.

No skal òg generalforsamlinga stemme over forslaget ein gong til. Denne gongen er det venta at det vert svært jamt.

Fleire aksjeeigarar har flagga ståstaden sin allereie, mellom anna Oljefondet. Dei skal stemme imot, noko dei og gjorde i 2018.

Det har òg Storebrand bestemt seg for å gjere, seier porteføljeforvaltar Ivar Harstveit i Delphi-fonda.

– Det må vere ei grense for kor omfattande lønspakker bør vere, seier han, men understrekar òg at han meiner det er rett å gje nøkkelpersonell løn for strevet.

Han beskriv summen som uvanleg høg, òg til USA å vere.

– Lønsnivået for toppleiarar i USA er allereie betydeleg høgare enn lønsnivået for norske toppleiarar. Dette er fort 100 gonger det igjen, så det er snakk om enorme summar, seier Harstveit.

– Bør undersøkast i etikkutval

Professor i finansøkonomi, Bjørn Espen Eckbo, er sterkt ueinig med flagginga til oljefondet av at dei vil stemme nei.

Bjørn Espen Eckbo intervjues av NRK torsdag.

Bjørn Espen Eckbo er professor i finansøkonomi ved Dartmouth College (USA) og professor II ved Norges Handelshøyskoles Institutt for finans.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

– Då følgjer dei ikkje opp den kontrakten dei sjølv har vore med på å inngå. Som aksjonær er du, saman med alle andre aksjonærar, ansvarleg for å betale rekninga. Då skal du ikkje i ettertid, når du har fått levert så tydeleg, prøve å la vere å betale, seier han til NRK.

Eckbo meiner Oljefondet sitt nei er uetisk.

– Eg meiner det etiske grunnlaget for den avgjerda er så dårleg at det bør bli undersøkt av Stortingets etikkutval, som har som oppgåve å vurdere etikken i Oljefondet si åtferd, seier professoren

– Fondet har brukt årevis på å bygge opp eit godt rykte. Med eit pennestrøk kan du faktisk øydelegge eit slikt rykte, legg han til.

Ikkje urimeleg

Professoren synest ikkje det er urimeleg at Musk får utbetalt pakken på 45 millionar dollar.

– Det er mykje pengar, men det er verdiskapinga du må fokusere på. Han har skapt enormt med pengar. Og så har han totalt sett fått fem prosent av den verdiauken. Fem prosent er ikkje så unormalt i seg sjølv, men tala er heilt gedigne, seier han.

Elon Musk avbildet på en teknologikonferanse i Paris i juni i fjor. Vi ser et portrett av Musk fra brystet og opp. Bakgrunnen er helt mørk, han har en blå tress og holder hendene foldet foran brystet.

Elon Musk på ei teknologikonferanse i Paris i juni i fjor.

Foto: Gonzalo Fuentes / Reuters/ NTB

Eckbo påpeikar at då avtalen vart inngått, var det nesten umogleg å oppnå kravet til avkastning. Hadde Musk ikkje lykkast, ville ikkje avtalen vore verdt noko.

– Ingen trudde han skulle klare det. Han tok likevel jobben, og klarte det i bøtter og spann. Eit av dei viktigaste prinsippa i selskapsstyring, er å betale for det du inngår, understrekar han.

– Ein urimeleg stor lønspakke

I ein rapport CBS har fått tilgang til heiter det at lønspakken kan føra til at Tesla-aksjane vert mindre verde.

Det er likevel ikkje noko heilt eintydig svar på kva det vil kunne bety for aksjeeigarane, meiner Harstveit.

– Viss Elon Musk gjer ein god jobb som toppsjef, i den forstand at han får profitten i Tesla til å auke slik at aksjekursen aukar, vil det vere godt for aksjonærane. Samstundes betyr ikkje det at det er rett med ein urimeleg stor lønspakke, seier han.

Sjølv om møtet ikkje finn stad før seint torsdag kveld norsk tid, har Musk allereie meir eller mindre slått fast at han får medhald hos generalforsamlinga. Det skriv CBS.

– Begge vedtaka ligg an til å gå gjennom med god margin! skreiv han på X/Twitter onsdag kveld.

Publisert 13.06.2024, kl. 22.03

Read Entire Article