Han er leiar i Norsk foreining for akutt- og mottaksmedisin og til dagleg overlege på sjukehuset i Skien.
Det er eit sjukehus som faktisk har slike rom til vern mot kuler og eksplosjonar.
– Her er inngangen, seier Jørn Einar Rasmussen. Han står ved solide dører i stål med kraftige handtak. Over han er det ventilar som skal sleppe inn luft som kan filtrerast for gass eller radioaktive partiklar.
Sjukehuset i Skien har fleire tilfluktsrom under bakken. Dei er solid bygde i armert betong og kan i tilfelle krig verne både pasientar og tilsette mot eksplosjonar, splintar og gass. Slik er det og på andre sjukehus bygde før tusenårsskiftet.
Annleis er det i Drammen, halvannan times køyring frå Skien. Der bygg dei no eit nytt sjukehus på Brakerøya – utan tilfluktsrom. Slik er det med alle sjukehus bygde dei siste 25 åra.
Mens verda er blitt meir spent og krigen rasar i Ukraina, bygg helsetenesta sjukehus utan tilfluktsrom – etter reglar frå 1998.
Må ryddast på 72 timar
På vakt på sjukehuset i Skien viser overlegen oss tilfluktsromma trygt under bakken.
– Til dagleg blir dei heldigvis berre brukte til garderobar og lager. Men romma må kunne ryddast på 72 timar slik at dei kan nyttast til å verne både tilsette og pasientar, seier Rasmussen.
Han seier at han i ein krigssituasjon ville kjenne seg mykje tryggare om han fekk arbeide nede i eit tilfluktsrom enn høgare oppe.
– Vi ser både i Ukraina og i Gaza at sjukehus og sanitetsinstallasjonar blir råka av både rakettar og bomber, seier han.
– Ikkje så smart
Oppmuntra av slutten på den kalde krigen, vedtok Stortinget i 1998 at ein ikkje trengte å bygge nye tilfluktsrom. Bygningar som sto ferdige etter omtrent år 2000 har difor ikkje tilfluktsrom, heller ikkje sjukehus.
– I dagens situasjon trur eg ikkje det er så smart, seier Jørn Einar Rasmussen.
For tidene har endra seg. Russland har i fleire år ført krig mot nabolandet Ukraina, fullskalainvasjonen starta 24. februar 2022. Åtaka deira råkar straumforsyning, bustadområde, fødeklinikkar – og sjukehus.
– Det vi for nokre år sidan trudde var heilt usannsynleg – det har faktisk skjedd. Vi har fått ein fullskala krig i Europa. Også bygningar som skal vernast mot krigshandlingar, som sjukehus, er blitt råka, seier Jarle Løwe Sørensen.
Han er førsteamanuensis på handelshøgskulen ved Universitetet i Sørøst-Noreg, med samfunnssikkerheit og beredskap som fagfelt.
– Sjølv om det ikkje er lovpålagd, så meiner eg sjukehus bør ha tilfluktsrom. Både for å verne pasientar som ikkje kan evakuerast raskt, og for å ta vare på medisinske fagfolk. Dei er ekstra viktige i ein krigssituasjon, seier han.
Utan tilfluktsrom nær viktig hamn
I Drammen jobbar dei på spreng med det nye sjukehuset som skal stå ferdig neste år. Det ligg i sjøkanten på Brakerøya. Hamna rett ved sida av blir frå tid til annan nytta til å skipe stridsvogner, pansra køyretøy, lastebilar og anna militært utstyr inn og ut.
– Det påfører sjukehuset ein ekstra risiko. For eit sånt infrastruktur-punkt vil jo kunne vere eit mål i ein krigssituasjon. Då er det fort gjort at nærliggande infrastruktur blir råka, sjølv om det ikkje er hovudmålet, seier Jarle Løwe Sørensen.
Likevel blir sjukehuset bygd utan tilfluktsrom.
Det gjeld altså andre nye sjukehus også. Som det i Kirkenes, ikkje langt frå grensa til Russland. Og sjukehuset som til hausten opnar i Narvik, ein by som blei utsett for kraftige luftangrep og bombardement under kampane i 1940.
Byen reknast framleis som strategisk viktig, mellom anna på grunn av den gode hamna og jernbanen inn i Sverige.
Reglar frå 1998
I Helse- og omsorgsdepartementet viser statssekretær Karl Kristian Bekeng (Ap) til at Stortinget for 26 år sidan fjerna plikta til å bygge tilfluktsrom.
– Sidan staten overtok sjukehusa i 2001 har man forhalde seg til vedtaket Stortinget gjorde i 1998 om å fjerne plikta til å tilfluktsrom.
– Men det er jo ikkje forbode å bygge tilfluktsrom?
– Nei, men vi har forhalde oss til det regelverket som gjeld.
– Kva slags sjølvstendig vurdering har de gjort av risikoen med å bygge sjukehus utan tilfluktsrom?
– Dette er eit felles regelverk Stortinget vedtok i 1998. Og det å gjere tryggleiksvurderingar og beredskapsvurderingar ligg til ei annan styresmakt enn helsestyresmaktene, seier Bekeng.
Etter intervjuet skriv Bekeng i ein e-post til NRK mellom anna:
«Førre regjering ønsket å avvikle ordninga med tilfluktsrom. Det var vi imot. Vår regjering vil i arbeidet med totalberedskapsmeldingen vurdere alle våre sivile beskyttelsestiltak, herunder å definere trygge oppholdssteder og tilfluktsrom. Dette arbeidet har vi fullt trykk på.»
«Det er ingen tvil om at den endrede sikkerhetspolitiske situasjonen gjør at det må tenkes nytt og når det gjelder beskyttelse av sivil befolkningen,» skriv statssekretæren.
Publisert 17.04.2024, kl. 19.28