Sju av ti stortings-representantar har fått svekka tillit til media

4 months ago 32


Habilitetskrøll, solbrilletjuveri, aksjehandel og plagiat.

Det siste året har media dekka den eine politikarskandalen etter den andre.

Så kva tenker eigentleg stortingspolitikarane om media i dag?

Før sommaren sende NRK ut ei spørjeundersøking til stortingsrepresentantane om deira forhold til media.

Av dei 169 folkevalde som sit på Stortinget, så var det 102 som svarte.

Målet med å stille disse spørsmåla var å gje dei folkevalde ei moglegheit til å svare mest mogleg ærleg og fritt. Derfor var undersøkinga anonym og bestod av ei rekke spørsmål og påstandar dei skulle ta stilling til.

Og av dei som svarte er 69 prosent litt eller heilt einige i påstanden «Min tillit til media har blitt svekka dei siste fem åra».

OBS: Resultata i undersøkinga gjeld berre dei 102 som svarte, og representerer derfor ikkje nødvendigvis heile Stortinget. Det er desse svara vi baserer oss på i saka f.eks. når vi skriv at sju av ti har fått svekka tillit (sjå faktaboks).

– Eg tenker resultata er grunn til bekymring. Det er sjeldan eit godt teikn når tilliten fell, seier stortingspolitikar Øystein Mathisen (Ap).

– Dette er eit stort problem og det er drepande for media, seier Carl I. Hagen (Frp) om resultata.

– Det tyder på at stortings-politikarane ikkje er heilt fornøgde med media alltid, seier Sofie Marhaug (R).

Kritisk til media

Og det er ikkje berre tilliten det står dårleg til med.

Undersøkinga viser at 80 prosent er litt eller heilt einige i at media er meir opptekne av person enn sak.

I tillegg svarer 43 prosent at dei er litt eller heilt ueinige i påstanden om at den politiske dekninga fokuserer på saker som er relevante for offentlegheita.

I undersøkinga kunne dei folkevalde også velje om NRK kunne kontakte dei om saka i etterkant, noko fleire takka ja til.

NRK har snakka med nokre av dei:

Stortingsrepresentant Sofie Marhaug for Raudt

Anders Eidesvik / NRK

Sofie Marhaug, Raudt

Det tyder på at stortings-politikarane ikkje er heilt fornøgde med media alltid. Og slik må det kanskje vere i eit demokrati. Det er jo bra med ein viss kritisk avstand mellom folkevalde og pressa. Men det var kanskje litt i meste laget.

Samtidig tenker eg at fordi man kunne svare anonymt, så kan ein jo fort ta litt i, og viss det har bygd seg opp frustrasjon og sånn, så kan ein få det ut.

Stortingsrepresentant Carl I. Hagen for Fremskrittspartiet

NRK

Carl I. Hagen, Fremskrittspartiet

Eg er ikkje forbausa over resultata. Tilliten har blitt svekka og ein får ikkje nødvendig informasjon. Ein svarer at ein stoler ikkje lenger på pressa si framstilling av saker.

Det gjeld også dei sakene som har involvert stortingspolitikarar med reiserekningar, pendlarbustader, aksjehandel og slikt. Og dette synest eg er drepande for media.

Stortingsrepresentant Kathy Lie for SV

Vegar Erstad

Kathy Lie, SV

Eg er ikkje overraska over resultata. Det er ganske i tråd med korleis eg sjølv opplever det. Dette er min første stortingsperiode, og særleg det første året så kjente eg at det var ganske tungt mange gonger.

Sjølv om eg ikkje var ein del av nokon av sakene om pendlarbustader eller reiserekningar, så gjorde det noko med korleis folk såg på meg som politikar. Det var ganske tøft eigentleg.

Stortingsrepresentant Øystein Mathisen for Arbeiderpartiet

Sondre Skjelvik

Øystein Mathisen, Arbeiderpartiet

Eg tenker resultata er grunn til bekymring. Det er sjeldan eit godt teikn når tilliten fell. Vi har hatt fem år med fleire ting som har gjort at tilliten mellom media og politikarar har vore anstrengande.

Men eg trur den kan bli bygd opp igjen. Tillit tek lang tid å bygge opp, men kan rivast ned fort.

Une Bastholm, stortingsrepresentant, MDG

Ksenia Novikova / NRK ENG2

Une Bastholm, Miljøpartiet dei grøne

Eg tenkjer det er ikkje eit tal vi ønsker oss at 68 prosent er litt eller heilt einige i at tilliten til media har blitt dårlegare dei siste fem åra. Eg trur nok det er knytt til mange saker kor det har vore eit stort personfokus.

Det er klart at det er ubehageleg for politikarar, men ein del av dei har vore nødvendige for ei opprydding.

Stortingsrepresentant Hans Inge Myrvold for Senterpartiet

Tale Hauso

Hans Inge Myrvold, Senterpartiet

Slik eg les resultata så er det ei tilbakemelding om at det er ein større mistillit mellom dei folkevalde og media. Eg tenker dette er eit signal som ein må ta på alvor.

Vi ønsker at tilliten skal vere på plass, og media har ein veldig viktig rolle i å formidle og spreie kunnskap. Da er det viktig at tilliten mellom dei folkevalde og media er til stades.

Stortingsrepresentant Bård Hoksrud for Fremskrittspartiet

Nadir Mohammad Alam / NRK

Bård Hoksrud, Fremskrittspartiet

Eg trur nok det skuldast at media er litt meir tøffe, meir pågåande og at det ofte da kanskje er ting som ikkje handlar om politikk, men meir om personar. Det gjer at ein føler at forholdet er blitt litt annleis enn slik det var før.

Eg trur det er bra at vi har politikarar som er mest mogleg like vanlege folk.

– Belastande og tøft å stå i

NRK har lagt fram resultata for stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap). Han meiner tematikken er interessant og viktig.

– Det fortel om ei tid kor det har vore ganske krevjande saker som ikkje handlar om politikk. Eg seier alltid at vi som er så privilegerte og sit på Stortinget, altså demokratiets hjarte i Noreg, må tole at vi blir stilt vanskelege spørsmål.

Han viser til at dei siste åra har vore prega av ei rekke politikarskandalar knytt til pendlarbustader, habilitet, plagiat, «#metoo», reiserekningar og aksjehandel.

Stortingspresident Masud Gharahkhani

Stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) er ikkje overraska over resultata.

Foto: Anders Eidesvik / NRK

– Samtidig er det slik at for dei som har blitt råka, så veit ein at det er ganske tøft å stå i det. Ein del spisse overskrifter kan også føre til at det går utover familien, som er ganske tungt.

Han meiner politikarane og pressa begge har eit ansvar for at mediedekninga handlar også om politikk – og ikkje berre person.

– Er du overraska over resultata?

– Nei, eigentleg ikkje. Eg skjønar at for dei som har blitt råka så har det vore ganske belastande og tøft å stå i.

– Er det mykje frustrasjon på Stortinget mot media som ikkje kjem fram?

– Det kan det kanskje vere. Eg tenker det er fint at de har hatt ein anonym undersøking slik at ein får dette fram.

Dette seier representantane

I undersøkinga hadde representantane også moglegheita til å dele eigne tankar med NRK, noko 36 folkevalde gjorde.

Blant svara er det enkelte ting som går igjen:

  • Føler seg førehandsdømde: Fleire uttrykker frustrasjon fordi dei meiner media ikkje er gode nok til å rapportere når politikarar blir «reinvaska» i ein skandale. I staden skriv fleire at dei synest media er med å førehandsdøme politikarar før det er avklart om dei har brote noko regelverk eller ikkje.
  • Misvisande overskrifter: Fleire meiner at media bruker tabloide og misvisande overskrifter, noko som kan skape feil inntrykk for dei lesarane som ikkje les heile saka.
  • Ubalansert om pendlarbustadene: Fleire trekker også særleg fram dekninga av pendlarbustadsakene som ubalansert. Dei skriv at media ikkje har vore flinke nok til å få fram at Skatteetaten og Stortingsadministrasjonen var ueinige om regelverket rundt pendlarbustadene.
  • Handlar om balanse: Fleire understrekar at det er bra og viktig at pressa er kritiske og skriv om kritikkverdige forhold rundt politikarar, men at det handlar om å finne ein balanse.

Demokratisk problem

I undersøkinga var det eit spørsmål som skilde seg særleg ut når det gjaldt einigheit.

Om påstanden «mediepresset rundt stortingspolitikarane gjer at viktige stemmer vegrar seg for å gå inn i politikken», svarte ni av ti at dei var litt eller heilt einige.

– Det bekymrar meg når så mange svarer som dei gjer. Om demokratiet vårt skal lukkast, så må vi ha folk som har lyst til melde seg til teneste, enten som stortingsrepresentant eller i lokalstyra, seier Gharahkhani.

Hei!

Har du tips til kva eg bør skrive om? Eg er generelt interessert i kunstig intelligens, økonomi og energi. Send meg gjerne ein e-post eller ei melding på Signal +47 917 44 070. 

Publisert 12.07.2024, kl. 06.47

Read Entire Article