– Det sjukaste var at han sende brevet som om han var nokon annan. Eg opna brevet i den trua at det var frå ein venn. Det er sjukt. Eg blei heilt forferda og tenkte «kvifor får eg dette»?
Det fortel svenske Anna Cramling i den nyaste episoden til podkasten Sjakksnakk.
NRK har ikkje fått Cramling sjølv i tale, men har fått løyve frå Sjakksnakk-redaksjonen til å sitere breitt frå podkasten.
Cramling er sjakkspelar og ein av verdas største streamere innanfor feltet. Ho blir følgd av over éin million på YouTube og er ei viktig stemme i sjakkverda.
Nå avslører altså 22-åringen frå Sverige at ho er ein av fleire kvinnelege offer som har blitt seksuelt trakassert av ein utanlandsk spelar som har tittelen internasjonal meister – den nest høgaste tittelen i sjakk.
Det var Cramling sjølv som tok opp brevet da ho gjesta podkasten. Svensken fortel at det skjedde da ho var 17 eller 18 år.
FIDE: Sende til mindreårige
I august blei den mannlege sjakkspelaren utestengd frå sjakken i fem år av etikk- og disiplinærkommisjon i Det internasjonale sjakkforbundet (FIDE). Grunnen er at han skal ha sendt brev til kvinner, nokre av dei barn, med uanstendig innhald.
Han har heller ikkje lov til å vere til stades på Fide-arrangement.
Det var den russiske eksilavisa Meduza som først avslørte nyheita om dei mange breva for to og eit halvt år sidan.
Ifølge avisa skal minst 15 spelarar ha fått brev. Fleire av dei er russiske kvinner.
Den svensken sjakkstreameren går ikkje inn på kva ho fekk i posten, men Meduza og FIDE skriv at fleire av dei andre kvinnene blei tilsende pornografi og brukte kondomar.
– FIDE vil ikkje tolerere noko form for trakassering eller overgrep innan sjakkmiljøet, spesielt i dei tilfella der mindreårige er involverte, uttalte FIDE-president Arkadij Dvorkovitsj i samband med saka.
I vedtaket til FIDE skriv dei at politiet spora brev til den utanlandske sjakkspelaren ved å bruke rettsmedisinske bevis. Det er ikkje kjent for NRK om brevet Cramling fekk er ein del av undersøkingane til FIDE, politiet og Meduza.
Ifølge FIDE skreiv sjakkspelaren andre avsendarnamn på breva han sende.
Sjakkforbundet skriv i vedtaket at politiet i heimlandet til spelaren konkluderte med at handlingane ikkje var straffbare i samsvar med lovene deira.
- Sjakkspelaren innrømmer å ha sendt brev til kvinner. Han er likevel kritisk til utestenginga. Les meir frå vedtaket til sjakkforbundet nedover i saka.
Reagerer på straffa
Cramling meiner at utestenginga frå FIDE burde vore langt strengare enn fem år.
– Denne mannen hadde adressene til alle desse folka og sende noko så ekkelt til desse unge jentene. Det er forferdeleg. Eg synest straffa hans burde vore mykje strengare, seier ho i Sjakksnakk-episoden og legg til:
– Han burde minimum fått 30–40 år. Fem er år er altfor kort. Eg forstår ikkje kva som skjer med det.
NRK har sendt ein førespurnad til FIDE med kritikken frå Cramling, men har ikkje fått svar.
Den norske sjakkspelaren Sheila Barth Stanford fortel at saka har skaka sjakkmiljøet.
– Dette var så grovt at det var lett for alle eg snakka med å seie at dette ikkje er lov i det heile. Det er ingen som finn noko formildande med det her, seier Stanford til NRK.
Ho er einig med Cramling i at straffa godt kunne vore strengare. Ho skryt samtidig av at jentene sa frå om det som hadde skjedd.
– Det er noko av det viktigaste her. At ein seier frå slik at andre også kan sjå at dette kanskje har skjedd med fleire. Viss alle sit inne med opplevingane sine, får ein ikkje tatt dei, seier ho.
Meinte breva ikkje angår sjakken
NRK har ikkje klart å oppnå kontakt med den utestengde spelaren for å spørje om korleis han stiller seg til påstandane frå kvinnene, Cramling og utestenginga. Spelaren har via ein mellommann fått vita at NRK ønskjer kontakt med han, noko han har valt å oversjå.
I vedtaket skriv likevel FIDE at spelaren meinte at berre eitt av breva han sende kunne vere eit brot på reglementet til sjakkforbundet.
Han uttrykte at dei andre breva «ikkje hadde noko med sjakk eller sjakk-konkurransar å gjere».
– Respondenten hevdar vidare at breva ikkje vedkjem FIDE eller dei nasjonale sjakkforbunda, og dessutan verksemda til desse organisasjonane. Faktisk hevda han at FIDE ikkje har nokon jurisdiksjon over dei aktuelle sakene, skriv forbundet.
Den utestengde spelaren skal også ha argumentert for at det ikkje er trakassering å få eit brev kvar sjette månad, ifølgje sjakkforbundet.
- Askild Bryn og Odin Blikra Vea, duoen bak Sjakksnakk-podkasten med Anna Cramling, har vore knytt til NRK som sjakkekspertar.
Publisert 13.09.2024, kl. 13.20