– Det blir jo vanskeleg når ein berre har tre veker på seg til å finne ein plass å bu, iallfall om ein har søkt seg til mange forskjellige stader. Alt er jo veldig usikkert fram til svaret frå Samordna kjem, seier Siri Munthe Olsen (19).
Denne veka fekk over 142.000 studentar svar frå Samordna opptak. Dermed startar dette bustadjakta for mange, før studiestart i august.
Siri Munthe Olsen har skaffa seg eit forsprang. Ho søkte nemleg ikkje på studium utanfor Oslo.
Ho fortel at fleire ho kjenner har vald å berre søke i éin by, nettopp for å sleppe å vente med bustadjakta til svaret kjem frå Samordna.
– Eg tenkte, at om eg ikkje kom inn på førstevalet i Oslo, måtte eg plutseleg hive meg rundt å finne ein stad å bu i Bergen. Det blei lettare å berre søke i Oslo.
Kva er viktigast? Studiestad eller kva studie du skal gå?
Studiestart på sovesal
Leiar Kaja Ingdal Hovdenak i Norsk Studentorganisasjon seier spørsmålet om kvar ein skal bu er ein stor stressfaktor i tida før studiestart.
– Eg synest det er utruleg synd at dårleg økonomi og ein uføreseieleg bustadmarknad gjer at me moglegvis prioriterer vekk det me faktisk ønsker å studere.
Ho er bekymra over dei lange ventelistene til studentbustad fleire stader i landet.
– Det er mange som må begynne studietida på sovesal, og det syns eg ikkje er noko hyggeleg start på studietida, seier ho.
I Bergen var Studentsamskipnaden på Vestlandet ute i god tid med å setje opp sovesal i kantina og møterom på studentbustadar.
Rett før svaret frå Samordna kom hadde dei ein rekordlang bustadkø på 3430 studentar.
Og medan nokre framleis har ledige bustadar, stadfestar fleire studentsamskipnadar i dei største byane at det er mange som står i bustadkø hjå dei.
Simon Skjelvik Brandseth
Studentsamskipnaden i Oslo (SiO)
- 6964 studentar står på venteliste for bustad til studiestart per 15. juli i år.
- Det er litt under rekordtalet på 7078 på same tid i fjor.
- Tilbyr sovesal i august, slik at studentar utan bustad kan kome til Oslo, gå på visningar og få med seg studiestart.
- Har nye studentbustader i år, og endå fleire skal stå klare i løpet av hausten.
Stine Bækkelien / NRK
Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim (Sit)
- Har ikkje venteliste, men omlag 1000 som ønsker å bli varsla når bustadar blir ledige.
- Erfarer at det ordnar seg for alle før studiestart, men dei fleste må finne seg bustad privat.
- Har tilbod om billigare overnatting på hotell og hostell for dei utan bustad. Denne ordninga har blitt mindre og mindre brukt dei siste åra.
Josef Benoni Ness Tveit
Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS)
- Omlag 743 studentar i bustadkø per 15. juli i år.
- Dette er noko av det høgste dei har hatt, hovudsakleg fordi rekordmange studentar har forlenga kontraktane på studentbustad.
- Set opp naudinnkvartering i fellesområde om talet framleis er høgt i slutten av juli. Dei som då står på venteliste vil få beskjed.
Sofie Retterstøl Olaisen
Norges arktiske studentsamskipnad (Samskipnaden)
- 1212 bustadsøkararper 17.07, 1098 av desse i Tromsø.
- Mange har allereie bustad, men vel å stå i kø for studentbustad, skriv samskipnaden.
- Samarbeidar mellom anna med campingstad som tilbyr spesialpris på ledige hytter og hus ved studiestart.
- I tillegg tilbyr Samskipnaden mellombels bustader på eige bustadområde i Tromsø, kor studentar kan bu medan dei leter etter eigen bustad.
Jorunn Hatling
Studentsamskipnaden i Ås (SiÅs)
- 493 søkarar i kø per 12.07. i år.
- Har ingen ledige bustader for haustsemesteret no, men spår sirkulasjon når folk bekreftar eller avslår tilbod om studieplass.
- Hadde rekordlange køar i august i fjor, med omlag 470 i kø.
- Har hatt sovesal dei siste 15 åra med kapasitet til omlag 40 personar. Den kjem til å brukt frå begynnelsen av august, skriv dei.
Fleire av samskipnadane påpeiker at køane plar endre seg etter at studentane har fått studietilbod i slutten av juli, med nokon som fell ut av køen og nokon som kjem inn.
Ventar på karakterane
Dag Hovdhaugen er divisjonsdirektør for godkjenning og opptak i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Han seier at stort tidlegare enn 20. juli klarar dei ikkje svare dei som ventar.
– Me må vente til karakterar og vitnemål frå den vidaregåande skulen skal kome inn til oss.
Når dei komande studentane sender inn søknaden sin i midten av april, er det framleis lenge til dei har fullført eksamenane og fått alle karakterane som dei skal vurderast på.
– For at dette skal vere likt for alle er det viktig at me ventar til alle karakterar er inne.
I 2027 skal eit nytt opptakssystem vere på plass, som kanskje blir meir effektivt enn dagens, seier Hovdhaugen.
– Då kan me kanskje spare nokon dagar, men det endrar ikkje på det faktum at me må vente til karakterane er kome inn til oss.
Spaden i jorda og pengar på bok
Om ikkje svaret kan kome tidlegare, er det andre tiltak som kunne gjort bustadjakta lettare, meiner Hovdenak i Norsk Studentorganisasjon.
Ho ønsker seg fleire studentbustader og ein sterkare økonomi for studentane.
– Hadde me hatt ein meir robust studentøkonomi hadde ikkje leigemarknaden vore så avgrensa for studentar som no.
Ho oppmodar utdanningsinstitusjonane og samskipnadane til å sørge for gode og rimelege alternativ til dei som ikkje har fått tak over hovudet til studiestart.
– For å sikre ein verdig studiestart er det heilt essensielt at studentar kan fokusere på nettopp det å vere student frå start av, framfor å stå i bustadkø.
Publisert 19.07.2024, kl. 16.32