Sett ut av bakterie før VM på heimebane: – Ligg frykteleg dårleg an

1 month ago 9


Her blir det dessverre ikkje skiskyttarblinkar, men det blir tribune. 12.000. 18 meter høgt i bakkant. Men eg skal jo gå her, eg gir jo katta i om det er 18 meter, seier Didrik Tønseth.

Han står midt inne på langrennsstadion i Granåsen, og peikar og forklarer korleis det kjem til å bli under Ski-VM. Eit VM som for hans del i aller høgaste grad kjem til å gå føre seg på heimebane.

33-åringen bur berre 500 meter frå parkeringsplassen i VM-anlegget.

Meisterskapen har vore det store målet i ei årrekke. Men dessverre for Tønseth, er den mest symbolske handlinga han gjer denne dagen å vakle seg over ein islagd sølepytt.

– Veldig langt unna VM

Vel fire månader før draumar skal oppfyllast, er han nemleg på tynn is.

Didrik Tønseth

PÅ GLATTISEN: Didrik Tønseth.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Akkurat nå ligg eg frykteleg dårleg an. Nå er eg veldig langt unna VM, seier han rett ut.

For ein månad sidan såg det veldig lyst ut. Treningsarbeidet gjekk på skjener gjennom sommaren. Det hadde Tønseth blant anna planar om å vise fram under NM i terrengløp i Oslo sist helg.

Eg var eigentleg i veldig bra form i september. Løpeforma var eigentleg litt «all time high», fortel han.

Så drog han på landslagssamling i Torsby. Eit par dagar etter heimkomst skjedde det noko.

– Nokon har måtta legge opp

Eg hadde plutseleg høg feber og kom meg så vidt opp av senga. Det var ein bakterie som heiter mykoplasma. Den går rett i lungene. Og det er ikkje så gunstig, seier Tønseth.

Tenkte du der og da at «nå ryk VM»?

Eg var spent. Nokon har fått mykoplasma og måtta legge opp, mens nokon har blitt friske kjapt. Så du finn alle historier. Du har flest om dei som ikkje har komme tilbake. Men eg har trua. Enn så lenge.

Det blei ti dagar utan trening. Det er mykje for ein uthaldsutøvar mindre enn to månader før sesongstart.

Eg har ikkje råd til mange dagar med sjukdom til, seier Tønseth.

Han er i gang med trening igjen, sjølv om han ikkje har pressa kroppen hardt ennå. Samtidig legg han ikkje skjul på at forma er merkbart dårlegare enn den var før sjukdommen.

Didrik Tønseth

DRAUMAR STORT: Didrik Tønseth blei nummer seks på 10 km klassisk under prøve-VM.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Nossum varslar NM-sjanse

Derfor er han litt bekymra. For det handlar ikkje berre om å komme seg i form til VM. Det handlar om å komme i form til kvalifiseringsløpa. Det betyr at han helst må vere i form til sesongopninga på Beitostølen om ein månad.

Det er tre 10 kilometer klassisk. Ein går på Beitostølen og ein går i Ruka, seier Tønseth.

Løpa han snakkar om utgjer dei to første helgane av langrennssesongen.

Etter det, står berre att éin 10 km klassisk, øvinga Tønseth aller helst vil gå i VM. NM blir siste moglegheit til å overtyde landslagsleiinga, rett før det endelege VM-uttaket.

Landslagstrenar Eirik Myhr Nossum meiner at Tønseth likevel ikkje treng å stresse ennå.

10 km klassisk i NM kjem til å bli ekstremt viktig. Eg er ganske sikker på at det er to plassar i spel under NM. I alle fall éin, seier han.

Og Tønseth har ikkje tenkt å gi opp, sjølv om han innser at han neppe hadde vore med om laget skulle takast ut før sesongen.

Didrik Tønseth

I FRAMGANG: Didrik Tønseth er tilbake i trening.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

«Daudsjuk»

Simen Hegstad Krüger har friplass som tittelforsvarar. Tønseth meiner Johannes Høsflot Klæbo, Erik Valnes, Pål Golberg og Martin Løwstrøm Nyenget ligg best an til å bli Nossums utvalde.

Klarer du å sjå for deg at du ikkje skal gå VM her?

Ja, da eg låg «daudsjuk» for tre veker sidan, da tenkte eg på det. Men ein har jo ein plan om å lykkast, så får ein ta den nedturen der når den eventuelt kjem, seier Tønseth.

Har du tenkt tanken på kva du gjer viss du ikkje kvalifiserer deg?

Nei, eg har ikkje gidde å tenke han. Men det er ei avveging om du skal vere her. Eg må prøve å sørge for at eg kjem meg hit. Det er det første.

Publisert 17.10.2024, kl. 07.10

Read Entire Article