– Ein huseigar ringer inn til oss som seier at han ser at det er sot og at det er veldig varmt i huset.
Det seier operasjonsleiar Ebbe Kimo i Trøndelag politidistrikt.
Samstundes fekk naudetatane beskjed om eit branntilløp i eit grendehus like ved.
– Dette verkar veldig merkeleg.
Politiet utelukkar ikkje at det er ein samanheng mellom også desse to brannane.
– Det er ingen av desse stadane der det er noko openberr brannårsak, legg Kimo til.
– Kan det vere påtent?
– Ja det kan det absolutt vere. Det er noko me må gjere undersøkingar omkring.
Seks brannar på ti dagar
Med dei to brannane i dag har det vore seks brannar på Frøya på berre ti dagar.
– Det er relativt kort avstand mellom alle desse brannane, seier operasjonsleiaren.
Politiet ser ingen logisk årsak til at brannane har starta. Difor er dei allereie i gang med etterforsking.
– I og med at det er sopass kort tid mellom hendingane, og at dei ligg sopass nærme kvarandre, mistenker me at det er same gjerningsperson.
Det sa politioverbetjent Helene Glømmen Skuland ved Hitra politistasjon tidlegare denne veka.
Så langt har politiet ingen mistenkte i saka.
Mistenker at dei er påtente
Niande juli begynte det å brenne på to holmar med kort tids mellomrom.
– Det er ikkje noko busetnad i nærleiken, og det er heller ikkje straum på holmane. Derfor mistenker me at det er påtent. Det er ikkje noko anna som tilseier at det skal begynne å brenne der, seier Skuland.
Berre fem dagar seinare begynte det å brenne i eit uthus like ved. Heller ikkje dette bygget var kopla til straum.
Natt til tysdag brann det i ein garasje omtrent 200 meter unna. Skuland fortel at det ikkje var straum i den delen av garasjen som begynte å brenne.
Og så begynte det å brenne to stader torsdag.
– Det er naivt å tenke at dette ikkje har noko samanheng, legg operasjonsleiaren til.
Ber om tips
– Foreløpig har me vore ute på staden og gjort åstadundersøkingar. Me har snakka med vitne. Tatt både avhøyr av vitne og også brannvesenet som var på staden, seier Skuland.
Politiet har ingen mistenkt gjerningsperson enda, og ber om tips.
– Om det er nokon som har sett eller høyrt noko som kan gi ei oppklaring i saka, eller om det er nokon som sit med informasjon som kan hjelpe oss, så ønsker me at å bli kontakta.
Publisert 18.07.2024, kl. 10.17 Oppdatert 18.07.2024, kl. 10.38