Seks belgiske spesialsoldatar dømde til fengsel etter masseslagsmål

1 day ago 3


Det var ei uvanleg rettssak som gjekk for Møre og Romsdal tingrett tidlegare i september. På tiltalebenken sat åtte topptrente spesialsoldatar, kledde i sivilt – og med kvar sin forsvarar framfor seg.

Dei er tiltalte for å ha dratt rett frå ein fleire dagar lang marsj og ut på byen, der dei hamna i masseslagsmål i fylla mot lokale unggutar på Åndalsnes.

Ein av dei som blei slått av soldatane sa i retten at han var redd han kom til å døy.

Møre og Romsdal tingrett slår no fast at seks av spesialsoldatane er skuldige i å ha gått til angrep på lokale unge menn. Fleire av dei er dømde for i fellesskap å ha slått og sparka.

Dei seks må i fengsel i mellom 21 og 60 dagar.

Video frå masseslagsmålet

Slagsmål på frikveld

Det sentrale spørsmålet under rettssaka tidlegare i månaden var om soldatane handla i sjølvforsvar eller gjekk til angrep.

I retten tidlegare i september forklarte soldatane at dei blei utsette for drapstruslar, rasistiske tilrop og angripne av lokale unge menn kort tid etter at dei gjekk på byen.

– Alt gjekk veldig fint, heilt til eg og ein venn skulle bestille drinkar i baren. Då blei vi slått i ryggen med ein stol. Vi forstod ingenting, sa den første spesialsoldaten som forklarte seg i retten.

Nabo'n pub i Åndalsnes.

Det var utanfor denne puben masseslagsmålet gjekk føre seg i februar 2024.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

La fram film og bilde i retten

I retten blei det spelt av fleire filmklipp av slagsmålet, der ein kunne sjå ei gruppe gå til angrep på ein mann. Mannen blei lagt i bakken og sparka i hovudet, før han blei liggande heilt stille på bakken.

Påtalemakta hevdar at videoane viser spesialsoldatane som går til angrep på lokale, men fleire av dei tiltalte nekta for at det var dei som var på filmen.

Alle dei åtte soldatane nekta straffskuld då dei forklarte seg i retten.

Dommen er førebels ikkje rettskraftig.

Setnesmoen, Møre og Fjordane heimevernsdistrikt 11 (HV-11)

Soldatane var på vinterøving på Setnesmoen tidlegare i år.

Foto: Arnt M Olsen

Publisert 04.10.2024, kl. 13.29 Oppdatert 04.10.2024, kl. 13.30

Read Entire Article