Seier nei til større anlegg: – Uakseptabel smitterisiko for villtorsken

4 months ago 32


For snart to år sidan rømde 87.000 oppdrettstorsk frå anlegget Alida i Voldsfjorden i Volda. Det var ei av dei største rømmingane på lang tid.

I seinare tid har Ode, som er selskapet som eig anlegget, søkt om å få utvida oppdrettsanlegget. Til det dobbelte.

Men det seier Mattilsynet nei til. Dei meiner det utgjer ein uakseptabel smitterisiko for villtorsken i området.

– Katastrofe for kysttorsken

For hobbyfiskaren Oddvin Bjerkvik, er dette gode nyheiter.

– Det er eg veldig glad for. Vi har protestert på det heile tida. Vi er redd for at det skal komme fleire rømmingar.

Han bur ikkje langt frå anlegget der det var torskerømming for to år sidan.

Oddvin Bjerkvik står i fjæra med fjorden bak seg.

Oddvin Bjerkvik bur nært anlegget Alida. Han er hobbyfiskar, og fekk mykje oppdrettstorsk i garnet i fjor. Arkivbilete.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Bjerkvik er bekymra for torskebestanden, og er redd oppdrett av torsk kan øydelegge for villtorsken.

– Når vi ser korleis det går med laksenæringa og kor dårleg det står til med villaksen, er det ein katastrofe om dette skjer med kysttorsken også.

La alle søknadar på vent

Hausten 2023 la Mattilsynet alle søknadar om torskeoppdrett på vent, fordi kunnskapsgrunnlaget ikkje var godt nok.

Den 1. juli kom det ein foreløpig rapport frå Havforskingsinstituttet. Dermed fekk Ode, som er eit av dei leiande selskapa på feltet, nei frå Mattilsynet.

I avslaget skriv dei også at det anlegget som ligg der i dag, allereie utgjer ein uakseptabel smitterisiko mot villtorsken.

Sjølv om dette ikkje får umiddelbare konsekvensar.

– Det vil ikkje vere naturleg å trekke ei tillating utan klare teikn på negativ påverknad, sjølv om vi har fått betre vurderingsgrunnlag for smitterisiko, skriv Mattilsynet ved John Bjarne Falck i ein e-post til NRK.

Vidare skriv dei at om dei ser klare teikn på at eit anlegg påverkar området rundt negativt, så har dei moglegheit til å trekke godkjenninga.

Vurderer klage

Ode vurderer no å klage på vedtaket.

– Vi har registrert Mattilsynets vedtak og har bedt om utsett klagefrist, til 31. august. Vår vurdering vil komme fram i ein eventuell klage, skriv mediekontakten til Ode, Falk Øveraas, i ein e-post til NRK.

Falk Øveraas i Ode

Falk Øveraas er mediekontakt i Ode. Dei skriv at dei har bedt om utvida klagefrist frå Mattilsynet. Arkivbilete.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Utfordringar i kø

Fleire aktørar har fått avslag på å etablere seg i nye område, ifølge Anders Furuset, journalist i Fiskeribladet og Dagens Næringsliv.

Han seier utfordringane står i kø for torskeoppdrettsnæringa.

– I tillegg til at dei er avhengige av tilgang på areal, er kvotane låge og er venta å falle til det lågaste nivået sidan 1991. Så for torskeprisen ser det lyst ut. Men det er utfordrande å lykkast med produksjonen.

Tidleg på 2000-talet gav mellom 30 og 40 aktørar opp. Så langt har dei tre største aktørane som driv med oppdrettstorsk, tapt hundrevis av millionar kroner, ifølge Furuset.

– Men det er jo gjerne slik når ein prøver på noko nytt, at ein går i minus før det eventuelt snur. Samanlikna med vanleg fiske etter torsk, er torskeoppdrett lite. Det er kanskje 5–6 % av det vi fiskar. Men veksten er rask, seier Furuset som ikkje tør å spå korleis det vil gå.

Forskar på konsekvensane

Mattilsynet seier det i 2025 vil komme ein ny rapport om torskeoppdrett og konsekvensen for gytefelt for torsk.

– Den skal gi oss endå betre grunnlag for å kunne vurdere konsekvensar ved etablering av torskeoppdrett, seier Falck.

I juni i år fekk Mattilsynet nye retningslinjer for etablering i torskeoppdrett.

Publisert 16.07.2024, kl. 20.23

Read Entire Article