Salmonellautbrot frå småfugl og katt

4 months ago 23


Totalt ti personar har fått påvist salmonellabakteriar frå det same utbrotet.

Det opplyser FHI i ei pressemelding tysdag formiddag.

Personane har blitt sjuke mellom mars og juni i år.

Fire av dei smitta er busett i Trøndelag og to i Vestland. I tillegg er det eitt tilfelle kvar i Agder, Møre og Romsdal, Nordland og Troms.

Mistenker smitte frå småfugl og katt

Nokre av dei smitta tilhøyrer eit utbrot kor kontakt med småfugl eller katt er den antekne smittekjelda, ifølge FHI.

Den vanlegaste smittemåten for Salmonella er gjennom forureina mat og drikke, men smitte kan også skje ved direkte kontakt med dyr.

Åtte av dei smitta oppgir å ha vore i kontakt med katt eller småfugl i tida før dei blei sjuke.

– Salmonella skiljast ut i dyra si avføring og for å førebyggje smitte til menneske er det viktig å vaske hendene etter all kontakt med småfugl og katt, seier Umaer Naseer i FHI.

Går over av seg sjølv

Dei vanlegaste symptoma på ein infeksjon av salmonella er ifølgje FHI diaré, kvalme, oppkast, feber og magesmerter.

Infeksjonen varer vanlegvis mellom fire og ti dagar og går som regel over av seg sjølv.

Publisert 23.07.2024, kl. 10.23 Oppdatert 23.07.2024, kl. 10.27

Read Entire Article