Russisk graveavis hevdar at Navalnyj blei forgifta

6 days ago 8


Aleksej Navalnyj døydde den 16. februar i år, var det etter å ha svima av på ein spasertur og iherdige forsøk på gjenoppliving, ifølge den offisielle dødsrapporten. Den slår fast at Navalnyj døde av ein kombinasjon av sjukdommar.

Den forklaringa er det få utanfor Kreml som har kjøpt.

Navalnyj blei rekna som ein av Putins største utfordrarar og blant Russland sine viktigaste opposisjonspolitikarar. Han blei forgifta i 2020, men overlevde.

Då han døydde, sona han ein dom i straffekolonien IK-3, kjent som «Polar-ulven», nordvest i Sibir.

I juli konkluderte ein granskingskomité at dødsfallet ikkje verka kriminelt og at ytterlegare etterforsking ikkje var nødvendig.

Men gravejournalistar i den uavhengige russiske avisa The Insider har fått tak i dokument som fortel ei anna historie.

En kiste blir båret bak en mann som holder et portrett av Aleksej Navanlyj

Gravferda til Aleksej Navalnyj i Moskva 1. mars i år.

Foto: AP

To versjonar av same hending

For fleire av dokumenta som gjeld Navalnyjs dødsfall, skal ha to versjonar.

Det fann The Insider ut då dei las gjennom hundrevis av slike dokument. Begge versjonane er signerte av etterforskaren Aleksander Varapaev.

Den første versjonen av dødsfallet går slik:

  • Navalnyj blei brått dårleg da han var på ein tur i luftegarden. Han blei leia til ein annan del av straffekolonien der han fall saman og klaga over intense magesmerter.
  • Han brakk seg og kasta opp, fekk kramper og mista bevisstheita. Ein lege vedtok å legge Navalnyj på ei medisinsk avdeling og tilkalle ambulanse.
  • To legar gjennomførte så gjenoppliving på Navalnyj. Dette gav ikkje noko resultat.

Symptoma som er skildra her, stemmer med symptom på forgifting, ifølgje medisinske ekspertar som The Insider har snakka med.

Men i ein seinare, og endeleg, versjon av same hending, har alt om magesmerter, oppkast og kramper blitt fjerna. Bortsett frå det er hendingsgangen stort sett likt.

Offisielle papir frå den russiske undersøkingskomiteen for tidlegare lovbrot. Den røde linja som er understreka viser same hending, men i to ulike versjonar.

Den røde linja som er understreka, viser same hending, men i to ulike versjonar. Dette er versjon nummer éin av dokumentet, signert Alexander Varapaev.

Foto: Publisert av The Insider
Versjon 2 dødsårsak Navalnyj

Versjon to av Navalnyjs dødsårsak.

Foto: The Insider

Russiske myndigheiter har også avvist skuldingane om at Navalnyj blei drepen, har The Guardian tidlegare omtalt.

The Insider har også fått tak i eit dokument med oversikt over objekt som har blitt fjerna frå plassen der Navalnyj døydde.

Blant objekta er «prøver av oppkast», som ifølge dokumentet skal ha blitt tatt vekk for å bli undersøkt.

Men det er ingen offisielle rapportar som nemnar noko oppkast.

Ei liste viser objekt som blei fjerna frå Alexei Navalnyj sin dødsåstad. Lista er på russisk og skrive med kyrilliske bokstavar.

Lista viser objekt som blei fjerna frå åstaden for Navalnyj sin død. Biletet av lista er publisert av The Insider.

Foto: Publisert av The Insider / Publisert av The Insider

– Truverdig

Inna Sangadzhieva er sjølv frå Russland.

I snart 20 år har jo jobba med ytringsfridom og menneskerettar i Den Norske Helsingforskomité.

Ho meiner informasjonen om at Navalnyj hadde symptom som stemmer med forgifting, er truverdig.

– Eg har heile tida regna med at dette var eit drap. Det har også fleire frå den russiske opposisjonen sagt heile tida, seier Sangadzhieva til NRK.

Inna Sangadzhieva i Den norske helsingforskomiteen

Inna Sangadzhieva trur Navalnyj blei drepen i fengsel.

Foto: Den norske helsingforskomiteen

– Ved først å arrestere ham og utsette ham for ulike former for tortur, for så å plassere ham i et veldig strengt fengsel på eit fjernt stad, sørga myndigheitene for at det blei vanskelegare for støttespelarane hans å reagere raskt.

Vil samle opposisjonen

Navalnyjs død har på kort sikt samla opposisjonen. Det ligg alltid friske blomster på grava i Moskva.

Men det finst også dei som tvilar på at han vart drepen, og som sår mistankar om at kjelder blir manipulerte.

Folk står ved en grav dekket med blomster og hilsener til Aleksej Navanlyj

Navalnyj sine tilhengarar hadde møtt opp ved grava hans 4. juni i år, det som ville ha vore Navalnyjs 48-årsdag.

Foto: NATALIA KOLESNIKOVA / AFP

Sangadzhieva deltok i førre veke på et møte i Genève i Sveit der fleire av de russiske opposisjonelle som blei utveksla mot russiske agentar i august, var til stades.

Blant dei var blant anna journalisten Vladimir Kara-Murza, opposisjonspolitikaren Ilja Jasjin og aktivisten Andrej Pivovarov.

– Dei freistar no å distansere seg frå all intern krangel i opposisjonen, seier Sangadzhieva.

– Saman vil dei bidra til å styrkje kreftene mot Putin. Hans Russland er ikkje deira Russland.

 Ilja Jasjin, Andrej Pivovarov og Vladimir Kara-Murza

Ilja Jasjin (frå venstre), Andrej Pivovarov og Vladimir Kara-Murza kjem til ein pressekonferanse i Bonn i Tyskland 2. august, dagen etter at dei blei lauslatne i fangeutvekslinga med Russland.

Foto: Michael Probst / AP

12. september starta ein rettssak mot tre av Navalnyjs tidlegare advokatar.

Dei er tiltalt for å ha vore medlemar av det myndigheitene kallar ein ekstremistorganisasjon.

Etter Navalnyjs død blei enka hans, Julija Navalnaja, ein frontfigur for opposisjonen.

Ho bur ikkje i Russland, men blei i juli etterlyst og sat på Russlands terrorliste.

Julia Navalnaja foran et portrett av sin avdødde ektemann Aleksej Navalnyj

Julija Navalnaja talte i Oslo rådhus i samband med Oslo Freedom Forum i juni i år.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Mista motet

Julia Petrova er ein ung, russisk frilansjournalist som sympatiserer med anti-korrupsjonsrørsla til Navalnyj.

NRK trefte henne i samband med presidentvalet i mars. Ho møtte opp i vallokalet der Navalnyj skulle stemt, om han hadde vore i live.

– Mange opposisjonelle fekk ein moralsk knekk då Navalnyj døydde. Mange drog frå Russland i vekene etterpå, seier Petrova til NRK.

Julia Petrova

Julia Petrova bestemte seg for å bli att i Russland etter fullskalainvasjonen av Ukraina.

Foto: Privat

Ho var til stades ved fleire rettsmøte der Navalnyj deltok på videolenke frå fengselet. Ho trur òg at han blei forgifta.

Han snakka sjølv om at han trudde det kunne skje.

Før Navalnyj døyde gjekk det rykte om at han kunne bli lauslaten og få dra utanlands ein fangeutveksling.

Men Petrova trur ikkje Putin eigentleg ville tillate noko slikt. Det var berre ein del av eit rykte som Kreml truleg stod bak sjølv, trur ho.

En sperring foran en grå murbygning

Aleksej Navalnyj blei dømt til å sone i straffekolonien IK-3 i Kharp langt nord i Russland.

Foto: ANTONINA FAVORSKAYA / AFP

Petrova jobbar frilans med å skrive kritiske artiklar for dei som tør å publisere.

Ho snakkar fleire språk og hadde kome inn på diplomatskolen Moskvas statlege institutt for internasjonal politikk (MGIMO).

Men Russland storstila krig mot Ukraina fekk Petrova til å endre meining.

– Nokre må bli att. Eg har ikkje tenkt å dra. Kanskje kan eg ein gong få jobb i ein internasjonal organisasjon i Afrika eller Midt-Austen, seier ho.

Putin kom med den klaraste atomtrusselen til no. Er det alvor?

Publisert 30.09.2024, kl. 17.53

Read Entire Article