Riksbanksjefen: – Går ikkje så langt som å seie at Noreg er ukloke

5 months ago 41


Théeden har denne veka gitt svenskane eit etterlengta rentekutt. Og ikkje nok med det, han signaliserer ytterlegare to kutt innan året er omme. Her heime må vi kanskje vente til neste år før det kan skje.

NRK har gjort eit lengre intervju med den svenske sentralbanksjefen for å forstå kva som skil oss frå vårt naboland.

– Inga meining i å jage prisane med lønene

– Det er store skilnader mellom korleis det norske og det svenske folket og økonomien har tolt det høge rentenivået. Kva er den store skilnaden, trur du?

– Ein ting er arbeidsmarknaden, som ser ut til å vere enda sterkare i Noreg. Ein annan ting er at lønene aukar meir i Noreg. Det trur eg er ein ganske viktig faktor, seier riksbanksjef Théeden.

  • Fleire er arbeidslause i Sverige enn i Noreg: Arbeidsløysa i Sverige er på 8,3 prosent, medan den i Noreg ligg på rundt 3,9 prosent, ifølgje tal frå statistikkbyråa.

  • Dei svenske fagforeiningane gjekk i fjor med på eit lønnsoppgjer som gav dei svekka kjøpekraft: Det svenske frontfaget gjekk med på ein toårig avtale, med på ein lønnsvekst på 4,1 prosent i fjor og 3,3 prosent i år. Til samanlikning landa frontfaget i Noreg både i år og i fjor på 5,2 prosent. I kroner inneber den ulike lønnsveksten at nordmenn med 600.000 i årslønn for to år sidan, har fått 19.000 kroner meir å rutte med enn svenskar med same løn.

– Kva er det som gjer at svenskane går med på så dårlege lønnsoppgjer?

– Det som ligg i rammeverket, og som vi har diskutert sidan 70-talet i Sverige, er at det er inga meining i å jage prisane med lønene. Det einaste det bidreg til er at prisane går opp enda meir, og dermed har ein ikkje vunne noko likevel. Då er det betre å få reallønnsauke når prisane har kome ned, seier Théeden.

– Det er både framsynt og noko eg synst er veldig positivt, og eit teikn på at inflasjonsmålet har høg truverd, at ein trur inflasjonen skal kome ned, trass i at den var oppe på 10 prosent.

Riksbanksjef Erik Théeden etter rentemøte 8. mai.

SJÅ BERRE TIL VÅRT NABOLAND: – Vår lønnsutvikling er i mykje større orden for å få ein låg inflasjon, enn den er i andre land. Sjå berre på nabolandet vårt Noreg, der er lønene høgare og der verkar rentekuttet å ligge litt lenger fram i tid, sa Théeden til SVT.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Meiner Sverige er eit forbilde

På tampen av 2022 var prisveksten i Sverige oppe over 10 prosent.

– I eit intervju med SVT samanlikna du lønnsutviklinga i Noreg og Sverige, og kalla den svenske utviklinga for klok. Er det ikkje klokt då, i Noreg?

– Om ein ikkje får ei lønnsutvikling som er i linje med inflasjonsmålet, så vil det bli tøffare å nå inflasjonsmålet. Det er rein matematikk for meg. I eit langsiktig perspektiv, meiner eg den svenske modellen er veldig klok og sunn. Det er betre enn å ha altfor høge løner som berre driv opp prisane, slik at det ikkje blir reallønnsauke.

– Akkurat her meiner eg Sverige er eit forbilde for mange andre, men eg går ikkje så langt som å seie at Noreg er ukloke.

– Verdas sterkaste økonomi, Noreg

Som i Noreg, er det også i Sverige mange som klør seg i hovudet over kva det er som gjer at den svenske krona er så svak.

Riksbanksjef Théeden brukte mykje tid på å samanlikne den svenske og den norske krona for dei frammøtte på pressekonferansen etter renteavgjerda onsdag.

Nordmenn har historisk vore vane med at den svenske krona har vore litt svakare enn den norske, og at det dermed har vore deilig å vere nordmann på handel i Sverige. Men no er vekslingskursen tilnærma lik.

Théeden bruker ofte den norske krona for å forsvare seg i den svenske kronedebatten.

– Eg brukar å gå så langt som å seie at dersom verdas sterkaste økonomi, Noreg, har grovt sett like svak valutakurs som Sverige, så må vi søke svar ein annan stad enn det som ofte dukkar opp i den svenske debatten, seier riksbanksjef Théeden.

Vel vekk krona

I Noreg er det fleire som skuldar på regjeringa sin politikk som ei av fleire årsaker til at den norske krona er svak.

I den svenske debatten er det også mange som skulder på innanlandske faktorar, forklarer riksbanksjefen. Som for eksempel at det skal vere Riksbanken sin feil, at eigedomssektoren går dårleg, at Sverige ikkje hadde gått inn i forsvarsalliansen Nato, eller at det er mykje gjengkriminalitet der.

– Mange av desse faktorane er veldig viktige, men om dei hadde vore avgjerande for den svenske krona, så burde vel ikkje den norske krona vore like svak. Det har vore mi enkle analyse, seier Théeden.

Riksbanksjef Erik Théeden etter rentemøte 8. mai.

Théeden trur det svenske rentekuttet denne veka berre vil føre til ei avgrensa og kortliva kronesvekking i Sverige.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

– Svaret på kvifor både den svenske og den norske krona er så svake, er noko ein må ein finne ein annan stad.

Han peiker blant anna på at mange i staden plasserer pengane sine i utanlandsk valuta, og vel vekk Sverige, som er eit lite land i den store samanhengen.

– Slik kan vi berre ikkje agere

– I Noreg snakkar ein om at ein ikkje kan setje ned renta før vi ser at den europeiske eller amerikanske sentralbanken gjer det – nettopp fordi det kan svekke krona ytterlegare. Men du er ikkje redd for kronekursen du?

– Kronekursen er ei bekymring for inflasjonen, men den gjer ikkje at vi kastar våre inflasjonsprognosar ut av vindauget. Vi trur at vi når målet om 2 prosent inflasjon og at vi blir liggande der. Om inflasjonen går ned og krona er skikkeleg svak, så er det ikkje slik at vi ikkje kan setje ned renta for å redde krona. Slik kan vi berre ikkje agere, seier Théeden.

– Men det er klart at kronekursen er urovekkande, også for strukturen for svensk økonomi på lang sikt.

– Nettopp det haudebryet den svake krona gir, gjer det aktuelt for Sverige å innføre euro?

– Det er ikkje ei avgjerd vi er involverte i, men ei politisk avgjerd. Men det går føre seg ein diskusjon om det, men den må ligge på politisk nivå, seier Théeden.

Det er no fleire og fleire svenskar som ønsker å innføre euroen, viser ei fersk undersøking gjort av Göteborgs universitet. Også i Noreg er det nokre som tek til orde for å innføre euro – eller knyte den norske kronekursen til euro.

Publisert 10.05.2024, kl. 13.31

Read Entire Article