Rekordvarmt i Middelhavet

3 months ago 39


16. august 2024 kl. 14:46

Torsdag nådde den gjennomsnittlege overflatetemperaturen i Middelhavet 28,9 grader, melder AFP. Dette er ny rekord, melder Instiut de Ciencies del Mar i Barcelona.

Den førre rekorden blei sett i juli i 2023. Då var temperaturen 28,71 grader.

Det var varmast nordaust for Egypt, der førebelse tal viser at det blei målt 31,96 grader.

Tala kjem frå satellittdata som er henta inn av EUs observasjonssystem Copernicus.

Før varmebølga i fjor hadde det gått 20 år sidan førre temperaturrekord.

Read Entire Article