Varmare, våtare og villare
Klimaendringane har allereie endra kor, kor ofte og kor kraftig verda opplever flaum, og kan føre til fleire og meir alvorlege skred, ifølge FNs klimapanel.
Det er blant anna fordi Europa og andre delar av verda har opplevd mykje ekstremnedbør dei siste åra. Menneskeskapte klimaendringar aukar allereie sjansen for at regnet blir så ekstremt.
Lars Tore Endresen / NRK
Kva har skjedd så langt?
Når temperaturen aukar, fordampar det meir vatn, og atmosfæren kan halde på meir vatn. Det gjer at nedbøren blir meir konsentrert og intens, ifølge klimapanelet.
Dei seier at vårflaumane kjem tidlegare enn før, og at flaumar kjem oftare og kraftigare enn tidlegare mange stader i verda.
Statens Vegvesen
Kva veit vi om jordskred?
Auka nedbør og smelting av snø og isbrear kan også auke faren for jordskred, særleg i bratte fjellområde.
I tillegg til at klimaet endrar seg, er befolkningsvekst og turisme også noko som gjer jordskred meir sannsynleg i framtida, fordi det blir meir press på naturen.
Kan vi gjere noko med det?
Jo mindre klimagassar verda slepp ut dei neste åra, jo mindre oppvarming får vi. Då vil også faren for ekstremvêr knytt til vatn auke mindre.
I tillegg finst det tiltak som varslingssystem og betre planlegging av infrastruktur, som kan avgrense dei verste skadane.
Landa i verda har lova å prøve å avgrense oppvarminga til 1,5 grader. Med dagens politikk ligg vi an til 2,8 graders oppvarming, ifølge UNEP.