Regjeringa grip inn: Ti studentar frå Gaza får likevel kome til Noreg

3 months ago 30


– Her har vi ti unge palestinarar som ønskjer å fullføre legestudiet, det kan vi bidra til. Det er eit utanrikspolitisk mål som vi gjennomfører ved å gi opphald i denne perioden til desse studentane, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NRK.

Difor instruerer regjeringa Utlendingsdirektoratet (UDI) til å gjere om på avslaga på visum.

Støre-spion

SYMBOLSK: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) meiner dette er eit lite, men symbolsk viktig bidrag frå Noreg.

Foto: Petter Larsson / NRK

– Situasjonen for helse på Gaza er katastrofal, det trur eg alle ser. Halvparten av sjukehusa er fullstendig slått ut, og ein stor del av helsepersonellet er drepne. Dette er eit lite, men symbolsk viktig bidrag for unge palestinarar, som ønskjer å bygge opp igjen helsetenesta, seier Støre.

– Eit steg nærare

I slutten av juni varsla Universitetet i Oslo (UiO) at dei ville ta inn ti palestinske medisinstudentar på eit halvårig utvekslingsopphald i haust – for å hjelpe dei å fullføre studiet.

Etter at krigen i Gaza braut ut i oktober, har mykje av infrastrukturen blitt bomba sunder og saman – blant anna Al-Azhar-universitetet – kor dei ti studerte.

UiO ville garantere for reisa til Noreg og for opphaldet. Studentane – som ikkje har hatt moglegheit til å studere på fleire månader – såg fram til å endeleg ta fatt på utdanninga igjen.

Slik beskreiv ein av dei, Manar al-Khodari, moglegheita i førre veke:

– Å kome Noreg vil føre meg eit steg nærare å fullføre graden, å reise tilbake til Palestina for å hjelpe landet mitt og hjelpe å bygge opp Gaza igjen. Og fylle tomrommet etter alle legane og sjukepleiarane som er blitt drepne, sa al-Khodari i Dagsnytt 18.

Fekk avslag

Men så kom avslaga på søknadane om studentvisum.

Utlendingsdirektoratet meiner det er sannsynleg at dei ikkje vil reise tilbake, men bli verande i Noreg, etter at semesteret er over.

Avslaga førte til sterke reaksjonar. Studentane var ønska ved universitet i fleire andre land, ifølgje VG. Men sidan dei hadde takka ja til utveksling ved UiO, mista dei tilboda ved dei andre universiteta.

Restene av universitetet Al-Azhar i Gaza by.

SUNDER OG SAMAN: Dette er restane av Al-Azhar-universitetet etter å ha blitt bomba under krigen.

Foto: RONEN ZVULUN / Reuters

I ei veke har både UiO, fleire i det medisinske miljøet og politikarar bede regjeringa gripe inn. Erlend Wiborg frå Framstegspartiet, meinte på si side at UDI hadde kome til rett avgjerd.

Både Klassekampen, VG og Khrono har skrive saker om situasjonen.

I tide

No instruerer regjeringa UDI om å innvilge studentvisum til dei ti medisinstudentane.

I utgangspunktet kan ikkje regjeringa påverke UDI sine avgjerder i enkeltsaker på denne måten. Men dersom regjeringa meiner det er utanrikspolitiske omsyn eller andre nasjonale interesse som tilseier at ein bør lande på ein annan konklusjon, kan dei gripe inn.

Det skjer likevel sjeldan.

– Kvifor har det teke så lang tid?

– Studiestart er om to-tre veker, så det er i tide til det. No får dei kome og dei vil bli tekne trygt imot, seier Støre.

– Eg har vore oppteken av å ta det i rett rekkefølgje, og har respekt for det arbeidet UDI gjer. Men utanriksministeren, eg og regjeringa har vore samde om at det her er rett å legge dei utanrikspolitiske argumenta til grunn.

Espen Barth Eide i dress.

VIKTIG: I juni skreiv utanriksminister Espen Barth Eide dette i eit skriftleg svar til Abid Raja: «Det er mi klare oppfatning at noko av det viktigaste vi kan gjere i dagens situasjon, er å sørge for at helseinstitusjonane i Gaza kjem i drift igjen». ​​​​​​​

Foto: Javad Parsa / NTB

Studiestart for dei ti studentane er 19. august. Dei er alle i den egyptiske hovudstaden Kairo no, og Støre er trygg på at dei skal kome fram i tide for utvekslingsopphaldet.

– Vil det vere aktuelt å la dei få fullføre heile studiet her i Noreg?

– Det er dette halvåret dei ønskjer å gjere ved UiO, og så har dei slik eg forstår det, planar om å fullføre medisinstudiet i Kairo. Og det er den planen som blir følgt.

Publisert 02.08.2024, kl. 07.29

Read Entire Article