Regjeringa føreslår 47 tiltak mot økonomisk kriminalitet i Noreg

5 months ago 26


12. juni 2024 kl. 10:10

Regjeringa legg fram 47 forslag om tiltak for å gjere det vanskelegare å drive med økonomisk kriminalitet i Noreg.

Forslaga kjem i kjølvatnet av Brennpunkt-dokumentaren «Den sorte svane», som avdekka eit nettverk av slik kriminell verksemd i Danmark.

Blant forslaga regjeringa har lagt fram, er betre kommunikasjon og samarbeid med Økokrim, Skatteetaten, Finanstilsynet og Tilsynsrådet for advokatverksemd.

– Vi blir igjen mint på at det store fleirtalet er reielege. Men det finst ureielege advokatar, ureielege rekneskapsførarar. Folk som har sivile jobbar som bidreg til kriminalitet, seier Finansminister Trygve Slagsvold Vedum til NRK.

– Det må bli mindre attraktivt og meir risikabelt å vere kriminell i Noreg.

Read Entire Article