Regjeringa brukte 502 dagar på å fjerna fire ord

2 days ago 4


På fredag annonserte regjeringa at dei snur, slik Stortinget bad om i fjor vår:

Statlege arbeidsplassar skal berre flyttast ut frå Oslo-området, ikkje frå andre storbyar.

– Dette er ei viktig sak å få rydda opp i. Det kom gale ut, vedgjekk statsråd Kjersti Toppe (Sp) til Bergens Tidende.

Men har regjeringa gjort akkurat som Stortinget bad om? Ikkje heilt, meiner Venstre.

Her har regjeringa faktisk snike inn ein snubletråd, som eg må innrømma eg ikkje la merke til på fredag. Eg sperra auga opp, seier stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V), som i fjor gjekk i bresjen for å tvinga regjeringa til å snu i saka.

NRK kan nemleg fortelja at éin sentral setning frå regjeringa gir Bergen, Trondheim og Stavanger liten grunn til å jubla.

Fire omstridde ord

I over 50 år har norske politikarar – med vekslande hell – hatt som mål å flytta statlege arbeidsplassar «ut av Oslo».

Så, i august 2022, tilføydde regjeringa fire ord: «og andre store byar». I praksis blei dette tolka som «ut av Bergen, Trondheim og Stavanger».

Tilføyinga i retningslinjene vart først offentleg kjend i februar 2023. Då fortalde BT at dåverande kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) «med eit pennestrøk» hadde opna for å flytta statlege arbeidsplassar ut av Bergen.

Det var bakgrunnen for at Fiskeridirektoratet planla å droppa Bergen som hovudkontor. Og Nærings- og fiskeridepartementet varsla at «nye stillingar som den klare hovudregel skal etablerast i distrikta eller i Nord-Norges byer».

Politiske protestar let ikkje venta på seg. Mange oppfatta dette som at regjeringa «i skjul» hadde gjort ei grunnleggande endring i norsk distriktspolitikk.

Bergen i sol

I Fiskeridirektoratet har talet på stillingar auka frå 242 til 252 i Bergen sidan 2022. «Hovudsetet ligg fast i Bergen», slo fiskeriministeren fast i april.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Meiner praksis er uendra

Kommunal- og distriktsminister Erlend Sande (Sp) har førebels ikkje kommentert snuoperasjonen sin.

– Justeringa i retningslinjene utgjer eigentleg inga praktisk endring. Det har også blitt tildelt statlege arbeidsplassar til Bergen, Trondheim, Stavanger. Så praksis vil vera som før, seier statssekretæren hans, Sigrun Wiggen Prestbakmo til NRK.

– Kva var då poenget med formuleringa «og andre store byar»?

– Me har vore opptatte av at statlege arbeidsplassar skal bli betre geografisk fordelte.

Toppe (Sp) er uansett nøgd med endringa.

– Me tar ut «andre store byar» i retningslinjene. Det betyr at berre Oslo står igjen, sa ho fredag.

Men så er det altså eit 'men'.

Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo (V) er nøgd med at regjeringa har fjerna Bergen og andre større byar frå «fy-lista» for etablering av nye statlege kompetansemiljø.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug

Vil likevel motverke vekst i storbyane

I dei nye retningslinjene slår regjeringa rett nok fast:

  • «at nye og omlokaliserte statlege verksemder i hovudsak blir lokaliserte utanfor Oslo og sentrale kommunar i Oslo-området».

Men die fire orda om «andre store byar» er ikkje heilt vekke, likevel. For regjeringa har tatt med éi setning med mål som motverkar at det blir fleire statlege arbeidsplassar i dei andre store byane:

  • «at veksten i eksisterande verksemder, og som har ein regional struktur, i hovudsak skal skje utanfor dei største byane».

Statssekretær Prestbakmo forklarer formuleringa slik:

– Me synest det er viktig å legga til rette for at veksten skal skje i den regionale strukturen, for å kunna dyrka og bygga opp gode fagmiljø i den regionale strukturen i dei statlege verksemdene som har ein sånn ein.

– Altså at nye ekstra arbeidsplassar bør ikkje plasserast i storbyane?

Ein bør legga til rette for at det er den regionale strukturen som har vekst.

Ordfører i Salangen kommune Sigrun Wiggen Prestbakmo (Sp).

Regjeringa er ikkje opptatt av å verna byane, men å spreia folk, ressursar, kunnskap og makt utover landet, seier statssekretær Sigrun Wiggen Prestbakmo.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

– Sp mislikar større byar

Det reagerer Bjørlo på.

I praksis betyr dette at me er tilbake til start, til dømes når det gjeld Fiskeridirektoratet. Der har nå Senterpartiet prøvd å trumfa gjennom at det skal vere full stopp for vidare utvikling av det fiskerifaglege miljøet i Bergen. Den veksten skal skje andre plassar.

Dette gjer det vanskelegare å utfordra den enorme magneten som heile Oslo-området er for makt og statlege arbeidsplassar i Noreg.

Han meiner setninga strir med dei overordna signala som Stortinget gav i vedtaket sitt.

– Det strir i alle fall i med intensjonen, viss regjeringa har klart å laga endå ei «bergensfelle» i dei nye retningslinjene. Eit nytt eksempel på kor sterkt Senterpartiet misliker større byar.

Du seier heile tida Senterpartiet. Arbeidarpartiet er også med på dette?

Ja da, men retningslinjene kjem frå eit Sp-styrt departement. Arbeidarpartiet er med som nisse på lasset her, men også dei må sjølvsagt ta ansvar for det.

– Rørande hjarte for store byar

Prestbakmo har følgande stikk tilbake til Venstre-politikaren:

– Alfred Bjørlo sitt hjarte for å verna dei største byane i landet, kan ein jo bli rørt av. Viss han vil bruka mykje tid på å diskutera fire ord, står han fritt til det. Men det er strafferundar på språklege formuleringar som ikkje har nokon praktisk betydning, faktisk.

– Er de opptatt av å verna byane?

Me er ikkje opptatte av å verna byane, men me er heller ikkje opptatte av å fjerna nokon moglegheiter. Det me er opptatte av, er å spreia folk, ressursar, kunnskap og makt utover landet.

Fiskeridirektoratet, Ålesund

Det vart bråk då regjeringa varsla at «nye stillingar som den klare hovudregel skal etablerast i distrikta eller i Nord-Norges byer». Likevel gjentek regjeringa nå «at veksten i hovudsak skal skje utanfor dei største byane» ​​​​​​​.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ho vil ikkje kommentera om Fiskeridirektoratet kan få veksa i Bergen.

– Eg skal ikkje gå inn og diskutera enkeltsaker. Me er opptatte av at dei regionale strukturane skal kunna utvikla seg. Det er ingenting i retningslinjene som seier at dei ikkje kan veksa i Bergen.

– Men det står at vekst i hovudsak skal skje utanfor dei store byane?

– I hovudsak, men det er ingen absoluttar der.

Lenger nede i retningslinjene har regjeringa derimot skrive at vekst i eksisterande verksemder «i hovudsak skal skje utanfor Oslo-området».

– Det er nok ein inkurie, seier statssekretæren.

Bjørlo reagerer på at det tok regjeringa 502 dagar å vedta det Stortinget kravde i fjor vår.

– Og sjølv etter 502 dagar har regjeringa berre fått det nesten rett, repliserer han.

Publisert 03.10.2024, kl. 11.16

Read Entire Article