Rappartisten C. Gambino skoten og drepen i Göteborg

4 months ago 71


Politiet fekk melding om skytinga ved 22.40-tida i går. Då politiet kom til staden, fann dei ein hardt skadd mann. Mannen, som ifølge svenske medium er rapparen C. Gambino, blei frakta med ambulanse til sjukehus der han døydde kort tid etter, opplyser pressetalsmannen til politiet Jens Andersson.

Han seier dei nå prøver å innhente informasjon frå folk som bur i området.

– Vitne såg ein bil som blir sett i samanheng med det som skjedde. Vi etterforskar om det stemmer, seier pressetalsperson i region Vest, Annika Laag til Sveriges Television.

Framgangsrik rappar

C. Gambino var ein av Sveriges mest framgangsrike artistar. Den maskerte rapparen toppa dei svenske musikklistene med albuma «Sin City» og «In Memory of Some Stand Up Guys».

Også EP-en «M.O.B.» der han samarbeidde med rapparen 23. gjekk til topps på albumlista.

Låtar som «G63», «Svar» og «Dreams» er blant dei mest strøyma låtane i Sverige dei siste åra. Ifølge Spotify har han rundt ein million lyttarar i månaden, skriv Expressen.

Han har ein sjetteplass som beste plassering på den norske Topplista, og spelte på Stavernfestivalen i fjor.

I mai vann C. Gambino den svenske musikkprisen Grammis for årets hiphop.

Førre fredag kom han med singelen «Sista gång».

C. Gambino blei 26 år gammal, melder Sveriges Radio.

6nQcEPX4eIg

Rapparen blei skoten i eit parkeringsanlegg i Backa i Göteborg.

Foto: NTB

Kulehol

Ifølge politiet blei det skote fleire skot. I ei av dørene til parkeringshuset ved Selma Lagerlöfs torg i bydelen Hisingen er det fleire kulehol, melder SVT. Nokon har allereie lagt ned blomstrar ved staden.

Kulehull i parkeringshus

I ei av glasdørene i parkeringshuset er det fleire kulehol.

Foto: SVT / SVT

Ingen er gripne, og politiet leitar etter ein eller fleire gjerningspersonar.

Sverige har det siste året vore prega av ein blodig gjengkonflikt, men det er ikkje kjent om hendinga tysdag er gjengrelatert.

Men Expressen skriv at politiet no undersøker om hendinga kan ha ei kopling til ein konflikt mellom to ulike gjengmiljø.

Publisert 05.06.2024, kl. 07.56 Oppdatert 05.06.2024, kl. 11.11

Read Entire Article