Prøvde å lure barn inn i bil med godteri

6 days ago 6


Det er så fjernt når du les og høyrer om det frå andre plassar. Det blir veldig overveldande og veldig ubeskriveleg rart når det skjer med ditt eige barn, seier mor til den eine guten.

NRK kjenner identiteten hennar, men ho ynskjer å vere anonym. NRK har også vore i kontakt med far til den andre guten.

Politiet i Trondheim fekk melding om at to gutar på Ranheim i Trondheim skal ha blitt stansa av ein mann.

– Ein vaksen ringde til oss og fortalde at eit barn har vore ute saman med ein venn. Dei har blitt stoppa av ein vaksen i ein bil, seier operasjonsleiar Ole Petter Hollingen i politiet.

Hendinga skal ha funnen stad på laurdag føremiddag.

– Mannen skal ha lokka med godteri og sagt at han kjente foreldra til gutane, seier Hollingen.

Reagerte riktig

Mannen tok tak i handa til den eine guten og prøvde å leie han inn i bilen.

– Sonen min klarer då å dra til seg handa og sykle det kjappaste han nokon gong har sykla før, som han seier, fortel mora.

Like bak kom ein kompis som såg hendinga. Han sykla fort forbi mannen, som også prøve å stoppe han.

– Begge gutane har jo verkeleg vore kjempesmarte og modige oppi heile denne situasjonen, seier mora til guten.

Skilt som viser at det er en skolevei, i forgrunn. I bakgrunn ser du en vei.

Mora til den eine guten synest heile situasjonen er overveldande.

Foto: Trond Odin Myhre Johansen / NRK

Politiet ynskjer tips

Etter hendinga tok foreldra kontakt med politiet, som sende ein patrulje for å snakke med gutane.

Ho seier politiet tok saka på alvor frå første stund.

– Vi er interessert i tips frå publikum dersom nokon har sett noko, seier operasjonsleiaren.

Han fortel at den vaksne skal ha køyrt ein kvit varebil.

– Mannen blir beskriven som litt mørk i huda, med svart skjegg og grått hår, seier Hollingen.

Vil åtvare foreldre

Mora til guten seier at dei hadde prata med sonen før denne hendinga, om korleis ein skal reagere når ein møter framande.

Men sjølv om vi har hatt praten, så er det framleis veldig uverkeleg at det faktisk skal skje med barnet ditt, seier mora som delte eit innlegg med andre foreldre på Ranheim.

Ho ber folk vere observante.

Og så vil eg berre oppfordre andre foreldre til å ta praten med barna sine.

Publisert 30.09.2024, kl. 17.13

Read Entire Article