Prislappen på superstjernes drakter vekker oppsikt: – Heilt ekstremt

3 months ago 30


For når Simone Biles og resten av turnarane briljerer i hopp, skranke eller bom, så er det med nokre heilt spesielle drakter. «Leotards» som dei blir kalla på engelsk.

Det er ikkje vanskeleg å få auge på dei glitrande og spektakulære draktene, men langt vanskelegare er det å fatte prislappen.

For den er kanskje like spektakulær.

Artistic Gymnastics - Women's Qualification - Subdivision 2

STJERNE: Simone Biles.

Foto: Hannah McKay / Reuters

Millionsum: – Ekstremt

For det blir ikkje billig når kvar einaste drakt er dekt av krystallar.

Den mest ekstravagante«The Luminous Legacy Leotard»har heile 10.000 krystallar, ifølge New York Times.

Utøvarane har åtte drakter å velje mellom, og totalt skal dei ha 47.000 krystall på seg.

Ifølge Washington Post kostar kvart sett med drakter kostar 24 000 dollar – altså litt over 260 000 norske kroner. Dermed blir totalprisen for heile kvinnelaget svimlande 1,3 millionar kroner.

For oss er det berre heilt ekstremt, seier Antonio Egri, landslagssjef for dei norske turnkvinnene til NRK.

Paris Olympics Artistic Gymnastics

EKSKLUSIV: Denne drakta heiter «The Star Spangled Shine» og har 6359 krystallar.

Foto: Francisco Seco / AP

Egri fortel at dei norske draktene kostar rundt 2500 kroner per stykk. Noko som er langt unna dei astronomiske summane til USA.

Det er fleire og fleire land som har drakter med krystall, eg trur det er ein trend. Dei er jo fine sjølvsagt. Nesten alle små jenter vil ha sånne type drakter, seier han.

Og USA legg ingenting til tilfella.

Alt dei gjer er av høgast mogleg kvalitet, seier Egri.

More is more

Det er ikkje første gongen det amerikanske laget tar med dyrebare drakter til OL. I Rio i 2016, var det om lag 5000 krystallar. I Tokyo var talet auka til 6400.

– Jo fleire krystall, jo større slagkraft, og jo meir blir snakka draktene om, seier designdirektør i GK Elite Jeanne Diaz til New York Times.

Også turnarane sjølv verkar å vere svært fornøgd med draktene.

 Artistic Gymnastics - women's qualification competition, preliminary round

VARIERER: Landslagsturnar Sunisa Lee seier ho heile tida tenker på kva ho vil ha på og når.

Foto: LOIC VENANCE / AFP

– Eg er besett av korleis lysa på arenaen reflekterer frå krystallen, sa landslagsturnar Sunisa Lee til same avis.

Kjensla av å ha på seg dei krystallbelagde draktene, trur Egri kan ha ein effekt. Og det er ikkje på grunn av vekta.

Eg trur det hjelpar på hovudet. Når du veit at du har noko så fint på deg – det kan hjelpe med sjølvtilliten, seier han.

NRK har prøvd å få eit intervju med produsenten av dei eksklusive draktene, men har foreløpig ikkje lykkast.

– Flere i Italia sa til henne «Ikke gå dit, det er en mann» 00:28

Publisert 02.08.2024, kl. 15.24

Read Entire Article