Det var to bilar involvert i ulykka.
I bil nummer ein sat tre personar der alle omkom, medan i bil nummer to fekk to personar lettare skadar.
Førarane av begge bilane fekk status som sikta i saka, og køyretøya blei tatt i beslag.
Politiet fekk opplysningar som medførte at førar av bil nummer to, som blei påført lettare skadar, ikkje kunne lastast for ulykka.
Saka mot han er lagt som inkje straffbart forhold bevist.
Politiet har difor konkludert med at ulykka skjedde grunna ein førarfeil frå fører av bil nummer ein, og saka er lagt vekk fordi sikta er omkomen.
Har ikkje avdekka manglar
Politiet har innhenta vitneforklaringar, har gjennomført tekniske undersøkingar.
Det har ikkje blitt avdekka feil eller manglar ved køyretøya som kan ha forårsaka verken kollisjon eller den etterfølgande brannen.
Politiet melder også at det ikkje er mistanke om rus eller medisinske grunnar som kan forklare ulykka.
Publisert 21.06.2024, kl. 09.11 Oppdatert 21.06.2024, kl. 09.20